Som nemnt i mitt forrige innlegg, så gjekk siste laurdagen i ferien min med på å «leita» etter Sundefossen i Mauranger. Ein foss eg ikkje hadde høyrt om før Jorunn spurte om vi skulle sjå om vi fann den. Eg finn lite info om den når eg googlar óg, så dette er nok ei godt gøymt «perle».
Det er visstnok ikkje vatn i denne fossen heile året, og kanskje ikkje kvart år heller. Og, hvis eg har skjøna det rett, så er det når vatnet renn over i Mysevatnet fossen kjem fram. Det er mogleg at eg kjem til å skriva mykje tull og fara meg lygn i dette innlegget – for som sagt så finn eg lite info om fossen på nett.
Okkesom, på laurdag fekk Jorunn stadfesta at det rann vatn i fossen, så då la vi i veg på leit.
Turen starter berre nokre meter i frå Folgefonntunnelen..
Hadde ikkje Jorunn dratt meg med på tur her eingong tidlegare, så hadde eg framleis ikkje visst at det gjekk an å gå tur her.
Den turen kan dåke lesa om her: https://anitasboble.com/2017/08/26/bobilspretten-advarsel-laaaaangt-innlegg/
Den fine ridestien var mykje meir gjengrodd no enn sist vi var på tur her…
…noko som fekk meg til å angra litt på at eg hadde tatt på shorts. No måtte eg bruka eindel tid på å kikka rett ned for å unngå å gå rett inn i brennenesler og tistlar…
Hardingaskaret midt i biletet. Framleis heilt uforståeleg at dei i gamle dagar gjekk opp dit når dei skulle over fjellet til Odda!
Villbringebær langs ridestien…
….som var lika fin, men litt brattare enn eg huskar.
Vi lurte litt på kor langt vi evt. måtte gå før vi såg Sundefossen. Sidan Jorunn slit med vondt i ein fot, håpa vi at vi ikkje måtte gå så langt på sti og i ulendt terreng i allefall.
Men vi hadde ikkje meir enn gått nokre skritt lenger opp vegen….
….så såg vi rett på fossen!!
Den kom ned eit skar, og forsvann bak eit skar igjen – ville vi klara å koma så nære at vi fekk sjå heile «nedsida» av fossen?
Nøgd med at vi no visste kor fossen var, tok vi ei pust i bakken på denne kvileplassen.
Snur vi oss her, får vi flott utsikt ut Maurangerfjorden 🙂
Det vaks ikkje berre villbringebær her – vi fann markjordbær óg 🙂
Dei vart vel brukt såpass myke som rekvisita til div. bileter at det var lite fristande å eta dei etterpå… Men, vi fann jo fleire 😉
Det er ganske gjengrodd ned mot elva heile vegen innover her, men her er ein plass det er ganske ope. Vi er framleis litt usikker på om det er her dei raude T’ane forsvinn over elva og at der meininga vi skal over her. Akkurat no er det nok meir vatn i elva enn til vanleg, så det gjorde det vel ikkje enklare å sjå.
Vi fortsatte uansett på same side som vi allereie var på.
Sundefossen som ein liten kvit flekk midt i biletet.
Så kikka vi opp mot Hardingaskaret…
….kom det ikkje ned ein foss i fjellsida der og?
Jo, så sanneleg 🙂
No nærma vi oss plassen kor vi anten måtte koma oss over elva, eller snu.
Det er framleis ikkje aktuelt for oss å gå over her – det er langt ned i juvet om ein snublar.
Stien vidare er så ulendt at Jorunn sendte meg avgårde for å sjekka om det i det heile tatt gjekk an å koma seg over på andre sida.
Eg kom meg ned til elvekanten, midt uti elva, og nesten over på andre sida. Men, og det ser ein ikkje på biletet, det var god fart i elva og det mangla heile tida litt på at det gjekk an å koma seg over. Vi hadde kanskje klart det med støvlar og stavar, men det hadde vi ikkje med oss på laurdag.
Det var ikkje verdt å risikera å hamna utforbi her.
Eg trur ikkje ein må gå så langt på andre sida av elva for å sjå heile fossen, men på laurdag kom vi altså ikkje nærare. Men vi fann den og vi veit kvar den er, så då var vi nøgde uansett.
Sola skein på heile turen vår, men det skya til omtrent i det vi rakk ned til bilen att.
He-he, dette skiltet må eg framleis flira av. Vi hadde mykje moro med det forrige gang vi var på tur her 🙂
Om det er vatn i Sundefossen eller ikkje – denne turen bak og over Folgefonntunnelen er ein fin liten tur.