Dei som har fylgt litt med på Bobla veit at Kvanto i Dimmelsvik er eit av mine favorittfjell/turmål. Ja, det ligg kanskje heilt oppe på 1.plass :-). I eit lystig lag på fredag bestemte vi oss for at vi skulle leggja turen dit på laurdag.
Lystig og lystig….Det var vel helst resten av selskapet som var lystige – eg fekk trøbbel med magen før eg rakk det stadiet… Magen var ikkje god på laurdag heller, men eg valgte å ta sjansen på at det likevel kom til å gå greit. Eg køyrte eigen bil inn til Revuro sånn i tilfelle eg måtte snu.
Magen var ikkje det einaste eg var litt redd for skulle skapa trøbbel på turen – eg var og litt redd for at det skulle bli for varmt på meg. For å ikkje gå på ein varmesmell, fann eg difor fram den einaste capsen eg eig og dyppa den i iskaldt vatn før eg tok den på! Så om ikkje eg var rar nok frå før, så er eg blitt enda rarare no 😉
Så då vi klare til å ta ut på tur…
…..ei som er inne i sin beste fjellsesong nokon sinne…
….og ei som har lagt lista i år så lavt at ho synes ein liten tur til Ådnaklett er langt nok til å bli premiert med chips, brus og snop på sofaen…
Som dåke ser kom vi oss på til Kanten. Turen opp skogsvegen gjekk heilt greit til tross for at den gjekk i strålande sol og nokon og 20 pluss grader. Vi tok ei pittelita pust i bakken her og fylte på med litt drikke. Eg, for min del, hadde allereie drukket nesten ein halv liter vatn berre på veg opp skogsvegen.
Før vi gjekk vidare var eg nede i elva og dyppa capsen igjen….
…..og så gjekk vi laus på neste etappe.
Sjølv om det hadde gått greit til no, både med mage og temperatur, så var eg litt spent på om eg hadde formen inne til å koma meg heilt opp på Kvanto. Eg har ikkje gått lenger fjellturar i år enn opp til Mannsvatnet og inn i Fagerdalen i Eikedalen, så eg er vel ikkje på mitt sprekaste. I tillegg så har eg alltid blitt køyrt opp til Kanten når eg skal til Kvanto – eg har aldri gått opp heilt i frå parkeringsplassen nede i dalen.
Men, vi gjekk på med godt mot. Så lenge det gjekk bortover holdt vi fylgje, men då det byrja gå oppover, var det ikkje lenge før eg måtte kikka oppover fjellsida kvar gong eg ville få eit glimt av turkompisen min 🙂 Sånn har vi alltid gått tur, og sånn vil det sikkert fortsetja 🙂
Eg steig no på opp i mitt tempo, eg og 🙂
Ein får raskt flott utsikt kor enn ein kikka på denne fjellturen.
Endeleg oppe på Konefjell….
…her måtte eg ha ei lita pause og fylla på litt energi 😉
Eg gjekk ikkje så mange stega lenger før eg fann Ann Irene på ein knaus og venta på meg. Så gjekk vi vidare litt i lag igjen – før ho igjen tok ut og eg kom diltande etter 🙂
Endeleg nærma eg meg og varden….
….og så var eg på Kvanto!
Men fyttikatta så det blas der oppe i går….
Her var det om å gjera å halda på hatten – eg fann det best å ta den av ganske raskt 😉
Vi tok dei obligatoriske bileta…
….Verhardavatnet (vi skjønar kor namnet kjem i frå). Sjå kor mykje snø det ligg igjen i fjella – dette var altså 1.august!
Sjølv om temperaturen framleis var fin, kunne vi ikkje sitja i denne blåsten å eta nista vår – den hadde blese rett utav nevane våres.
Difor bestemte vi oss for å gå litt nedover fjellet igjen til vi fant ein plass med litt mindre vind. Det var tydeleg at no var det eit lite verskifte på gang, for vi måtte gå ganske langt nedover igjen før vi fann ein plass som var OK. Rett nok hadde vi fått litt motvind på veg opp fjellet og, men no måtte den ha auka på.
Til slutt sat vi oss ned her. Litt vind var det her og, men ikkje i nærleiken av den som var på toppen.
Hmmm…capsen var på plass igjen – rett og slett kledeleg 😉
Vi hadde ei god pause her. Åt nista, tok litt bileter, fann nye, kjekke innstillingar på Instagram som vi måtte prøva opp og ned i mente. Sikkert ikkje så nytt for alle andre, men det er ikkje alt vi er lika kjappe med å finna utav 🙂
Men så var det på tide…
…å koma seg ned i frå fjellet.
Eg veit ikkje kor varmt det var nede i bygdene i går. Det var varmt å fint å gå i fjellet, men det var nok eindel varmare nede ved fjorden. Det vart i allefall gysla varmt dess lenger ned skogsvegen vi kom. Ann Irene byrja klaga på floger allereie på veg opp – og i allefall no på veg ned. Men mot alle odds – eg var ikkje plaga med noko som helst av insekter hverken på opp eller ned. Dvs. 100 meter i frå bilen var dei ei (1) floge som syntes eg hadde fått gå for lenge i fred 🙂
Vi takka kvarandre for ein veldig fin tur. Så sat eg meg i bilen og køyrte nokre meter oppover Dimmelsvik – og der kom det nokre regndropar på frontruta. I det eg passerte FKbutikken byrja vindaugsviskarane å gå. Snakk om å treffa på tida med denne fjellturen 🙂