Fin liten tur til Bjørnebølsfossen!

Våren let venta på seg, men for nokre flotte vinterdagar vi har hatt den siste tida 🙂 Ettermiddagane og kveldane sist veke gjekk med til å planleggja årets Fest og Basar (og for ein Fest og Basar det vart på laurdag), så då vart det hverken tur eller matlaging ute. Men i går klarte vi ikkje å halda oss lenger..

«Middag ute?», eg sendte ei melding avgårde til Jorunn og fekk ein tommel opp tilbake 🙂 Så snart arbeidsdagen var over var det å koma seg heim, få på seg turklede og pakka ein sekk – om vi skunda oss litt så kanskje vi klarte å få med oss litt sol i fjellet?

Jepp, vi rakk sola her ved Bjørnebølsfossen 🙂

Jorunn hadde laga i stand middagen til oss i går…..

….eg fekk ikkje vita kva det var for ho hadde allereie hatt den i omniaovnen og no skulle den få stå her og putra og koka medan vi gjekk oss ein liten runde på ski 🙂

Men, eh..ja… fyrst måtte den fotograferast i det vide og det breie. Eg er litt usikker på om det vart betre bilete av å letta på foten eller ikkje…..

Akkurat her med SKL hytta hadde ingen av oss gått på ski sidan vi vart bussa hit når vi hadde skidag på barneskulen, så då var det kanskje på tide å sjekka ut plassen etter gamalt.

Hufsetufsa på skitur 😉

Flatt og fint.

Det er ikkje lange vegen å gå før det går på opp mot Grønlia. Der skulle ikkje vi denne gangen – vi hadde jo middag på kok og kunne ikkje vera vekke altfor lenge.

Det ligg 3 hytter i sola her – rett nedanfor demningen ved Staffivatnet.

Ingenting og seia på stilen 😉

Eg fann ein liten nedoverbakke på veg tilbake til hytta og såg mitt snitt til å øva meg litt….

….Jorunn stod sjølvsagt klar med kamera akkurat den eine gangen eg snubla 😉

Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv – alle spor laga av to damer på 45+ som leika seg på ski 😉

Men etter å ha surra rundt her ei lita stund var det på tide å koma seg tilbake og sjå om maten var ferdig kokt.

Det kjekkaste av alt denne ettermiddagen/kvelden var at vi gjorde unna heile turen i strålande solskin 🙂

Det var ein fin, kort tur. Middagen var heilt perfekt – eg fekk servert ei gryte med kjøttdeig, poteter, løk og anna godsaker. Sola gjekk ned akkurat i det vi var klar for å innta maten, så vi tok oss berre tid til å eta før vi pakka saman og køyrte heimatt.

Det kjekke no er at det er så mykje snø i fjellet at vi håpar og trur vi skal få oss mange fine skiturar i sol enda før skisesongen er over 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.