Skitur i Bondhusdalen!

Brått vart det skikkeleg vinter her på Vestlandet, med både snø og minusgrader 🙂 Og kva har eg nytta desse flotte vinterdagane til? Ikkje ein skit….Eller eg har fått unnagjort ein bursdag og blitt eit år eldre, men ellers – ikkje ein skit…

Men i går ettermiddag/kveld skulle eg på skitur i Bondhusdalen, men planen vart avlyst og det vart sofaen igjen… Det var kanskje like greit, for når Ann Irene ville på tur i dag, så kunne vi jo heller ta den turen i dagslys 🙂

Som sagt, så gjort – eg plukka opp Ann Irene og så sat vi snuten mot Mauranger og Bondhusdalen 🙂 Vi var litt usikre på kor mykje snø det kom til å vera der, men eg hadde litt inside informasjon om at det burde vera nok.

Eg skulle ta bilete av Ann Irene ved skilta i byrjinga av turen, men ho såg jo ut som ein potetsekk. «Rett deg opp i ryggen!», sa eg myndig – til stor latter i frå Ann Irene. Men ho gjorde som ho fekk beskjed om 😉

Det var ikkje så mykje snø på skogsvegen, men det var akkurat nok til at vi ikkje kom nedi grusen med skia. Stort sett i allefall.

Det såg litt mørkt og trist ut her, men det var det ikkje, og snart…

…gjekk vi på tur i fint solskin 🙂

Oppstilt bilete – eg var ikkje på veg ut i elva….

Det var veldig fint å gå på ski inn denne vegen. Litt småkupert, men ikkje nokon bratte bakkar hverken oppover eller nedover.

Bondhusvatnet! Aldri har eg sett det så lite – her var det mykje stein eg ikkje har sett over vannflata før. Kaien nede til venstre såg litt malplassert ut i dag 😉

Vi hadde fått tips om at det var fint å gå på ski vidare rundt vatnet, så då ville vi fortsetja litt før vi tok pause.

Det var litt meir snø her som det ikkje var så mange som hadde gått. Det som var litt irriterande var at her er det mykje stein, og det var ikkje så godt å sjå om du traff dei eller ikkje. Då vi kom opp til vatnet bles det ein sur vind, men her på denne sida var det vindstille og varmt i sola 🙂

Vi gjekk inn til den fyrste elva. Då fann vi ut at det var langt nok og lenger framme ville vi koma inn i skuggen. Det var vi ikkje så gira på, så då gjekk vi nokre svingar tilbake og fann oss ein plass i sola kor vi tok pause.

Kosa oss her i sola, med sjokoladekake, sjokoladebollar og solbærtoddy – bursdagsrester 😉

Skikkeleg Påskestemning hadde vi i dag, og det er så godt å kjenna at sola varmar 🙂 Og sola skin her inne ved Bondhusvatnet ei god stund, det var vi jo og litt spente på idag – om det kom til å vera sol her i det heile tatt. Men i sida her kor vi sat, kom skuggen nærare og nærare og tilslutt var det på tide å byrja på tilbaketuren.

Såg ut som om det bles ganske heftig på toppane i dag.

Bortsett frå at det ser veldig proft ut å stå oppstilt slik med ski og stavar i armane, så er grunnen til at skia er av beina her at det var litt lite snø langs vatnet i svingen med steinbordet og benkene. På tilbakevegen valgte vi å skåna skia for den biten.

Framleis fin sol når vi vendte ryggen til Bondhusvatnet i dag.

Det er, som eg skreiv lenger oppe, ingen bratte oppover- eller nedoverbakkar inn til Bondhusvatnet, men litt stigningar er det jo. Det fekk vi merka no når vi skulle andre vegen, for vi fekk faktisk litt fart nedover. Men sidan det ikkje vart så altfor bratt, så vart tilbaketuren berre kjekk 🙂

Djup konsentrasjon på å klara svingen 🙂 Dette var vel den lengst bakken på denne turen.

Begge kom seg ned til bilen utan knekte bein eller armar. Den einaste som var nedi med stumpen i dag, var eg, men det var nesten på flat mark inne ved vatnet….

Ein skikkeleg fin tur hadde vi i dag. Litt meir snø kunne vi tenkt oss, men det var uansett heilt greit å gå på ski att og fram til Bondhusvatnet i dag.

Eller så får ein ta med seg dei komplimenta ein får: «Du går mykje fortare på ski enn på beina!», fekk eg beskjed om i dag 😉

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.