Eg stod akkurat å laga meg niste å pakka sekken for å ta meg en skitur til Mannsvatnet i dag då eg vart «redda» av ei melding i frå Ann Irene. Ho vurderte og skitur, men opp Pålavegen på ski var ho ikkje heilt klar for. Men kanskje Nautavatnet?
Som sagt, så gjort. Ein liten time etterpå….
….var ho klar for sin aller fyrste skitur til Nautavatnet 🙂
Eg har prøvd å lokka ho med mange ganger før, men ho har stritta i mot 😉 Men eg kunne jo ikkje gje opp. Eg har nemleg ei følelse av at Ann Irene, i motsetnad til meg, er ei av dei som eg fødd med ski på beina – ho veit det berre ikkje sjølv enda 🙂
Då vi byrja turen i dag var det strålande fint ver, vindstille og flott skiføre – i allefall for oss som er litt pysete på ski. Med kortfeller under skia…
….gjekk det som ein leik å koma seg opp til Fagnabotn 🙂
Her kunne vi velgja å fylgja oppkøyrt løype, men sidan det var laga så godt spor i fjellsida, valgte vi å gå over brua og ta den vegen. Då slapp vi kava oss opp den litt bratte løypebakken. Eg måtte jo prøva å gjera ferda så lett som mogleg for turfylgjet mitt i dag, slik at ho ikkje vart heilt avskremt 😉
Etter litt oppoverbakkar var det berre sjamøretappen inn til vatnet som stod igjen.
Dette var jo ein kjempeflott dag å ta sin fyrste tur til Nautavatnet på! Vi tok det pent og pynteleg og kosa oss i sola.
Sjå kor ho kosar seg 😉 Så langt høyrte eg berre godord om turen – det skulle kome nokre andre gloser litt seinare…
Og så var vi framme 🙂 Eg har kome utav talet på kor mange ganger eg har vore her i år allereie, medan Ann Irene nøgd kunne kryssa av for sin fyrste skitur til Nautavatnet.
Winter Wonderland 🙂
Men kva skulle vi gjera no? Skulle vi ta pause eller skulle vi gå lenger? Skulle vi kryssa vatnet? Ingen av oss var direkte slitne og det var tross alt framleis tidleg på dag. Skulle vi gå vidare tenkte eg at det var lettare å kryssa vatnet og gå opp skaret på andre sida enn å fylgja oppkøyrt løype rundt Reikatindane.
Og vips….
….så hadde vi fulgt sporet over. Eg skal ikkje hardnakka påstå at det var hverken lurt eller trygt, men eg hadde lagt merke til at Nautavatnet ikkje stod på lisa over vatn som SKL åtvara mot i avisa. Men Nautavatnet er vel kanskje heller ikkje eit regulert vatn… Okkesom, ein skal nok passa seg for å gå over vatna uansett – i dag gjekk det heldigvis bra 🙂
No skulle vi fyrst gå litt slakt oppover bak ei hytta og så visste eg at det venta ein bratt bakke. Denne hadde eg lova Ann Irene at vi godt kunne gå opp på beina. Den planen skjøna eg at rauk så snart vi var over vatnet. Det er så mykje mjuk laussnø i fjellet no at eg trur ikkje vi hadde kome av flekken utan skia på beina – då hadde vi hatt snø til låra.
Hytta ligg nede ved vatnet – vi eg på veg oppover andre vegen. Heldigvis hadde andre tråkka løype – det hadde ikkje vi gidda 😉
Ser ikkje så bratt ut framom oss….
….men det skulle det bli. Istadenfor å gå på beina, vart det sidelengs tråkking opp med skia på. Det kjem jo ikkje fram på biletet kor bratt det var, men det var bratt. Heldigvis er vi tolmodige sjeler, så ved å ta tida til hjelp så kom vi oss opp. Og det utan ei sur mine – her er Ann Irene både svett og sliten, men framleis blid som ei sol 🙂
Og når vi er inne på sol. Hittil hadde vi jo gått i fint solskinn, men no når vi var ferdig med bakken, skya det til og sikten vart dårlegare og dårlegare. Det vart rett og slett så flatt lys som eg aldri har opplevd makan til før. Vi såg ikkje ein pøkk hverken med eller utan solbriller på. Vi skulle no berre gå eit lite stykke før vi skulle koma inn på den oppkøyrte løypa att. Men no gjekk det skispor litt både hit og dit – og kva skulle vi fylgja? Det ville jo vore enkelt og finna utav om vi hadde sett noko framom oss, men no vart det brått null sikt. Heldigvis har eg vore her nokre gonger før, så eg visste jo kor løypa kom ned frå Reikatindane, og eg kunne peila meg inn nokonlunde. Vi valgte å fylgja eit litt høgt spor eit lite stykke, men det trur eg kom ned frå Skadvatna og når vi ikkje såg om terrenget var flatt, gjekk oppover eller nedover framom oss forlanga eg at vi snudde og fylgte eit lavare spor istadenfor. Vi tok ein Stadlober, altså 😉
Vanlevis går det eit spor til til høgre mot Skadvatna når ein kjem ned nedoverbakken i frå Reikatindane. Det var så dårleg sikt i dag at eg klarte ikkje å sjå om dette sporet gjekk rund den toppen det plar gjera eller ikkje. Dermed valgte vi igjen å fylgja eit spor som gjekk over toppen….
…..og då vart det meir sidelengs tråkking 😉 Her har det nok blåse godt, for det var eit lite lag med snø og skare under. Det kom nokre gloser i frå Ann Irene på veg opp her, for dette var ikkje noko favoritterreng 😉 Vel oppe hadde ho brått ein stav som hadde ein litt anna fasong enn den andre 😉
No var det berre å skli 50 meter bort i den oppkøyrte løypa. Eller skli bort og bort – det var jo umogleg å sjå om det gjekk bortover, nedover eller oppover. Eg visste jo at løypa gjekk der, og vi såg folk både på opp og ned, men eg trur Ann Irene hadde vanskeleg for å tru på at løypa gjekk her. Til og med når eg sa eg stod i løypa og ho stod ein meter i frå meg, nekta ho å tru at her var ei løype. Det seier litt om kva sikt vi hadde!
Vi hadde planlagt å ha ei nistepause før vi køyrte ned mot Nesjastølsvatnet, men det turde vi rett og slett ikkje i dag. Vi hadde jo allereie store problem med å sjå løypa framom oss, det var litt nedbør i lufta – hvis det byrja snø var vi redd sikten skulle bli enda verre enn den var. Difor bestemte vi oss for å køyra ned før vi tok pause.
Det positive var jo at føret framleis var supert. Og når vi ikkje såg kva som låg framom oss såg vi jo ikkje om det var bratt eller slakt – så då var det jo berre til å setja på plogen og setja utfor 🙂
Eg var pittelitt sur på veret ei lita stund – eg hadde jo gleda meg til å visa Ann Irene kor flott det var på denne sida. Men Ann Irene kosa seg ho, så då gjorde det ingenting. Når vi kom ned mot Nesjastølsvatnet betra lyset seg betrakteleg, så då slappa vi litt meir av og kunne nyta turen skikkeleg igjen.
Vi prøvde å sjå om det var nokon plass vi kunne stoppa og eta nista. Men dåke veit korleis det er – berre litt til, berre litt til…..
….og brått var vi her – klar for den lange bakken ned mot Grønlivatnet.
Då var det berre å koma seg ned den og, då. No var sikten blitt så god at vi kunne sjå heile bakken ned, og då vart Ann Irene litt skeptisk. Men ho tok fram kunnskapen Jorunn hadde lært ho «knekk i knea og ut med rumpa», og då gjekk det jo som ein draum å ploga seg ned denne bakken og 🙂 Eg var veldig imponert over ho – for berre 3-4 år sidan var det ingen som hadde fått meg ned med skia på beina alle dei bakkane ho stod ned i dag! Og dei som har fylgt med på Bobla veit eg ikkje er så veldig stødig i nedover bakkar enda, men i dag syntes eg det berre var kjekt – til og med når eg fekk litt fart 🙂
Så valgets kvaler – skulle vi finna oss ein plass å ta pause, eller skulle vi like greit ta nistepausa i bilen??? Som sagt så var det mykje laussnø og eg trur vi brukte det som ei orsak for å fortsetja – ingen av oss hadde med spade og ingen av oss følte no for å kava uti lausnø til låra 😉 Dessutan kom det meir nedbør.
Dermed tok vi fatt på siste etappe ned til Fagnabotnen og vidare ned til parkeringsplassen. Ann Irene var på godveg til å ploga seg nedover frå Fagnabotnen og (eg måtte lokka litt), men så fekk ho ein strekk og då var det av med skia. Det må vera lov – eg syntes ho hadde vore kjempeflink på turen. Det var nokre bakkar ho var skeptisk til, men med litt godsnakking så sat ho utfor. Slik godsnakking funkar ikkje på meg når eg eg pysete – he-he 🙂
Det var i det heile tatt litt nytt for oss begge i dag at det brått var eg som måtte lokka, lirka, lura og overtala Ann Irene vidare og ikkje omvendt. Det er jo stort sett Ann Irene som må lokka, lirka, lura og overtala meg til å fortsetja opp ei fjellsida 😉 Ofte utan hell 😉
Så vart det ei kjapp nistepause i bilen før vi kunne køyra heimatt.
Ann Irene virka ganske nøgd når eg slapp ho av ved heimen, så eg trur ikkje ho vart avskremt sjølv om vi ikkje såg noko av turen ei stund 🙂 Ho var faktisk ikkje heilt avvisande til å bli med å gå turen frå Utåker til Ulvanåso utpå våren eingong – må berre trena littegrann meir fyrst 🙂