Kvanto 2018!

OK, eg gjer meg – november 2018 blei ikkje så verst 🙂 Denne helga vart jo om mogleg enda finare enn forrige helg. Null tåke, sol dagen lang og minusgrader – eg har no skifta i frå høst- til vintertid 🙂

Når vi bikka 23.november, hadde eg framleis ikkje besøkt favorittfjellet mitt Kvanto i år. At det skulle skje 24.november og dagen etter Norwater sitt julebord, hadde eg vel ikkje satsa mange kroner på 😉 Men slik vart det, gitt.

Eg må vedgå at då meldinga i frå Jorunn kom, sat eg godt plassert i sofaen og var innstilt på at det kom til å bli ein dag framfor TV’n – eg var allereie godt i gang med skiskytinga 🙂 Men når ein får slike meldingar: «Vera med til Kvanto, henter deg 11.30?» er det om å gjera å svara «ja» før ein får tenkt seg om 🙂

Og slik gjekk det til at eg byta vekk ein dag framfor TV’n med…

….dette 🙂

Berre lekkert – sol og frost på bakken.

Sol og sol…

….vi byrja dagen i skuggen…

….men vi visste at det berre ville vara ei lita stund 🙂

Eg synes det gjekk leikande lett å koma seg oppetter fjellsida i går. Julebord gjer tydelegvis energi 🙂 Men så var det perfekt terreng å gå i – hardt, men ikkje glatt og ikkje noko gjørma eller myr.

Kjerringa med staven 😉

Litt av grunnen til at dette er mitt favorittfjell – ein får tidleg kjempeflott utsikt 🙂

Varden på Konefjell. Fyrste gang eg gjekk turen trudde eg at eg endeleg var oppe på Kvanto, men det fekk eg grei beskjed om at eg ikkje var 🙂

Jobben har spandert ny sekk på meg, så den måtte prøvast 🙂 Den fungerte veldig bra i går når eg ikkje skulle ha så mykje med meg, men blir nok kanskje lagt vekk til våren og varmare tider igjen. No vinterstid må eg nok bruka ein sekk kor eg får plass til både ullbyte og dunjakke 🙂 Sommarstid blir dette ein perfekt dagstur sekk 🙂

Medan eit par Leikvollar gjekk fjelltur med meg, sveva ein anna Leikvoll over oss 🙂 Jorunn ser svogeren fly forbi, bokstaveleg tala 🙂

Han hadde nok ein fin, men kald dag i lufta 🙂

Vi hadde enda eit lite stykke igjen å gå før vi…

…..omsider nærma oss varden på Kvanto.

Svein Vidar hadde sprunge litt i forvegen det siste stykket…

…så han hadde allereie pakka fram kjøkenet sitt 🙂

Det var ein strålande, flott dag på Kvanto. Sol og meir eller mindre vindstille…

….og på ingen måte verhardt på Verhardavatnet kor det no låg speilblank is. Ahhh, den som hadde hatt med seg skeiser så ein kunne glidd over isen, tatt ein elegant piruett og trippelaksel-eit-eller-anna 😉 (Ahh, det er vel mest realistisk å tru at eg hadde slått stumpen gul og blå før eg hadde kome meg opp å stå)

Ja,ja, det var sikkert like greit vi ikkje hadde skeiser med, men heller kunne sitja trygt å kosa oss med…

…ein kopp kaffi og….

….ein kopp kakao…

….medan kokken jobba 🙂

Kos 🙂

Snusmumrikken på kvanto 🙂

Utsikta frå Kvanto- fantastisk!

Denne vegen ser ein rett på Skånevik i det fjerne.

Det er ikkje lett å sjå på biletet, men denne vegen ser ein rett bort på Folgefonna.

Ja, ein kan nesten blitt litt…

….religiøs av kor flott det er her oppe 😉 198 navn las ho opp!! Neida, det tok vi oss ikkje tid til, men i fylgje Jorunn var eg person nr. 198 på Kvanto i 2018. Det synes eg faktisk er altfor lite på eit slikt flott fjell, så folkens – kom dåke opp på Kvanto i 2019!

Eit fykebilete, tradisjonen tru 🙂

Herr og fru Leikvoll på Kvanto 🙂

Etter vel ein time på toppen, pakka vi sekkane igjen og byrja på returen. Då nærma klokka seg 1500, og då er det faktisk ikkje så lenge før skumringa byrjar.

Vi forlot Kvanto i sol…

….og rakk ned til bilen til solnedgang 🙂 Ja, for vi juksar litt og køyrer opp skogsvegen bak Revuro.

Dette var ein strålande flott fjelltur og eg angra slett ikkje på at eg valgte dette framfor ein dag i sofaen 🙂

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.