Eg kikka spent ut vindauga då eg vakna på søndag – var det tåke?? Jepp, det var det. Den låg like langt nedover fjellsidene som på laurdag. Den skal eg over, tenkte eg 🙂
Ann Irene ville og på tur denne dagen, og eg foreslo Nonshaug i Dimmelsvik 🙂 Eg var litt usikker på om turen kom til å gå etter planen då eg køyrte innover. Det ana meg at tåke kom til å letta denne dagen, sola kom igjennom enkelte plassar allereie. Pytt, pytt, det blir vel ein fin tur likevel.
Vi starta ved Badet i Dimmelsvik.
Herifrå går ein på skogsveg eit godt stykke oppover…
…..og har etter ei stund vanlegvis god utsikt over «indre luten». På søndag var det framleis ganske tåkete medan vi gjekk oppover.
Skogsvegen svingar rundt fjellet slik at ein etter ei stund kjem rett ovanfor sandtaket i Dimmelsvik. Eg hadde trudd at når vi kom oppover her skulle bevega oss igjennom tåka, men det kom aldri noko tåke vi måtte gå igjennom. Det einaste vi såg var den vetle tåkedotten midt i bilete her.
Omsider var vi ferdige med skogsvegen og kunne skriva oss inn i boka før vi fortsatte resten av turen på sti.
Fyrste delen av stien går igjennom ganske tett skog, og er ikkje kjempebratt, men så kjem ein ut i litt meir open skog – og no går det oppover, oppover, oppover…
Eg pusta, pesa og svetta og lurte på kvifor eg i alle dager hadde kome på at vi skulle gå denne turen? Det hadde jo vore mykje enklare å køyra opp i Blådalen….
Etter ei stund snur vi oss…
….og lurer på kva som hadde skjedd no??? Tåka låg tjukk som graut nedanfor!!! Og vi hadde ikkje gått igjennom noko tåka på vegen.
Fantastisk – det var jo akkurat dette vi hadde håpa på å få sjå 🙂
Men vi var jo framleis langt i frå Nonshaug, så her var det berre å gå på!
Eg hadde tatt med meg ein stav på denne turen og den brukte eg heile vegen. Stien er, som sagt bratt, den er smal, tidvis glatt og med mykje smågrus når ein nærmar seg toppen. Då er det godt å ha noko å støtta seg på.
Når ein er ferdig med den bratte stien, kjem ein opp til denne fine dalen. Ser dåke hytta?
No gjenstår berre siste etappe opp denne ura 🙂
Tåka trakk seg raskt vekk no, og vi skjøna at den kom til å forsvinna før vi kom oss opp på Nonshaug.
Endeleg fekk vi varden i sikte 🙂
OK, det hadde vore flott om det no hadde lege eit tåkehav under oss, men på den andre sida, så kan vi vel nesten ikkje klaga over denne utsikta??
Den eine gangen vi har vore på Nonshaug før, enda vi opp med å gå heim til Uskedalen via Solfjell, Fjelly og Hauglandsfjellet. Tidvis i snø til låra 😉 Det var ikkje noko vi hadde planlagt på førehand, det berre vart slik fordi vi hadde passert ei ekkel snøfonn på veg opp, som vi ikkje hadde lyst å gå over eingong til.
På søndag låg det ingen snøfonn i stien (sjølv om partiet den låg på var litt ekkelt no og med glatt berg) og vi hadde heller ikkje tid til å gå den lange vegen. Det ville blitt mørkt lenge før vi kom heim. Så turen enda her på Nonshaug. Vi hadde jo håpa å komma i sol, men måtte innsjå at vi hadde valgt feil fjell. Vi hadde valgt skuggesida.
Så då fekk vi sitja her, eta nista vår og sjå på sola som skein på alle andre fjell rundt oss 😉
Kakao og kakemann vart nista denne dagen 🙂
Vi sat ikkje så veldig lenge på Nonshaug. Det vart litt kaldt å sitja i ro. Det var frost i bakken i dalen før vi klatra opp til Nonshaug, så vinteren er nok på veg. Så det spørs no kor mange slike fjellturar ein rekk på no utan å måtta ta på truger eller ski 🙂
Vi ville ta det med ro på veg nedover og håpa at vi rakk skogsvegen før det vart mørkt. Heldigvis gjekk nedoverturen mykje lettare og raskare enn vi hadde trudd, så vi rakk ned i god tid før det vart mørkt 🙂
Eg fekk kanskje ikkje lika flotte turbileter som dei som gjekk fjelltur på laurdag, men det får berre vera. Vi var einige om at vi hadde hatt ein flott fjelltur uansett 🙂