Anitas Påskekrimquiz 5!

I går gløymte eg heilt ut å laga Påskekrimquiz, men i dag er eg tilbake. Når det gjaldt om ein edderkopp veit kva som er bak/fram på meg, så vel eg å stola på PåskeKaren (som har to av arten i bur) sitt svar om at edderkoppen ser så dårleg at han ikkje veit om eg står opp ned eingong 🙂 Svaret på tilleggspørsmålet var “Før hanen galer” av Jens Bjørneboe 🙂 Les meir


Anitas Påskekrimquiz 4!

Hmmmm…. gårsdagens Påskekrimquizspørsmål var visst ikkje så enkelt. Bobla sine lesarar er kanskje ikkje heilt oppdatert på Påskeevangeliet?? 😉 Men nokon klarte sjølvsagt å svara rett: Det var sjølvsagt Jesus disippel Peter (eller Simon Peter) som var rett svar – han som fornekta Jesus tre ganger før hanen gol tre ganger. Les meir


Anitas Påskekrimquiz 3!

I går var ikkje Påskekrimquizspørsmålet så altfor vanskeleg. Det ser ut som om dei fleste visste at Benedict Cumberbatch spelar Sherlock Holms i TV serien Sherlock. Eg høyrte på radioen i dag tidleg at han hadde hatt den rolla sidan 2010, og tenkte at då er det jammen godt gjort at eg ikkje har klart å sjå ein einaste episode…. Les meir


Anitas Påskekrimquiz 2!

Det var ikkje så mange som våga seg på å gjetta svaret på gårsdagens Påskekrimquizspørsmål – faktisk berre han far. Eg tar det som eit teikn på at det berre er eg som er ung nok til å høyra på P3 (eg er ganske sikker på at han far googla) 🙂 Sjølv syntes eg ikkje spørsmålet var så vanskeleg, og svaret var sjølvsagt…. Les meir


Anitas Påskekrimquiz!

Sola skein då eg stod opp i dag, Palmesøndag 2017. Eg tenkte nok at dette var ein dag eg måtte koma meg ut i frisk luft, men før eg kom så langt, stod eg på hovudet og rydda og pakka vekk eindel hobbysaker i ei kiste på loftet. Det hadde eg nok fortsatt med om ikkje det hadde tikka inn ei melding i frå Ann Irene… Les meir