Kjempeenkle lyslykter!

Ettermiddagane og kveldane er blitt mørke og veret er så ymse – då må ein finna seg ting å gjera på inne 🙂 Ein kan f.eks….…laga kjempeenkle lyslykter 🙂

Alt du treng er:

1

Diverse glas. Her har eg vore på loftet og henta fram nokre stormlykter som har stått og samla støv i nokre år + nokre telysstaker.

2

Sukker, eggekvite og ein pensel.

Dette er altså du treng for å setja i gang med å laga lyktene 🙂

 

4

Start med å pensla innsida av glasa med eggekvite…

3

…strø sukker innvendig slik at det dekker glaset. Det gjer ingenting om det ikkje er heilt jevnt – det skal sjå ut som is/frost 🙂 Og så enkelt er det faktisk – no er du allereie ferdig 🙂

5

Slik blei mine lykter.

6

Og slik ser dei ut med lys i 🙂 Dei små har eg levande telys i, den minste stormlykta har eg eit ledlys i og i den største stormlykta har eg ei ledlysklynge 🙂

Vil ein gjera litt meir utav lyktene sine er det berre å bruka fantasien. Her har eg brukt div. glas som eg har hengt litt ekstra pynt på:

7

Pynten kjem frå Ikea og Nille 🙂

8

Lika fine ute som…

9

…inne 🙂

Jepp, det var eit lite tips i frå Anitas hobbybod i dag 😉

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.