Kjempeflott tur til Bjellandsbu!

Då eg la meg i går kveld, trudde eg at eg skulle ha ein roleg start på dagen i dag – sova lenge, rydda og vaska litt, mala litt og så bli med Jorunn ein ettermiddagstur til Lovatn i Guddal. Slik vart det ikkje…

Sov lenge gjorde eg forsåvidt, men då eg byrja melda med Jorunn var brått var Bjellandsbu blitt eit alternativ til turmål i dag. «Eh…Bjellandsbu – det er jo ein 6-7 timars tur», sendte eg på melding til Jorunn. Eg hadde nemleg lest meg litt opp på denne turen seinast i går.»Då kan vi i allefall ikkje venta til i 15-16 tida med å gå!». Nei, det kunne vi jo ikkje – så i 12-tida stod eg klar med sekken min på tunet til Svein Vidar og Jorunn 😉

I sekken hadde eg pakka kler for alle årstider. Eg lo litt av meg sjølv når eg prøvde å lokalisera eit par vottar eg kunne ha med meg – noko eg ikkje klarte. Men det er jo tross alt 24.juni i dag, så eg rekna med det skulle gå fint utan 🙂 Det hadde ikkje gjort noko om eg hadde hatt dei med….

Det var faktisk litt sol då eg køyrte mot Dimmelsvik – det regna då vi køyrte mot Blådalen. Det regna STORE DRÅPAR då vi køyrte mot Blådalen… Det vart litt tillaup til panikk i bilen då vi kom fram til turstart og eg ein augneblink trudde eg hadde gløymt å ha regnjakka i sekken…Gosjameg, det hadde jo vore slik ei stor tabbe, eg hadde ikkje turt å visa meg for Jorunn og Svein Vidar igjen på minst eit år… Heldigvis låg jakka under nista 😉

Ved turstart fekk eg, av alle ting…

…..utlevert kartet!

Men tru no for all del ikkje at dei to andre då stola på at det var EG som skulle guida dei fram til Bjellandsbu! Svein Vidar hadde sjølvsagt plotta løypa inn på GPS’en på førehand. Eg har i det heile ingen betenkelegheitar med å gå i fjellet okkesom ver og føre hvis vi er utstyrt med Svein Vidar – då veit vi at vi har både kart, GPS, naudpeilesendar og alt ein treng for å finna fram dit ein skal med i sekken 🙂

Men det var no kjekt å konstatera at vi var på rett veg i fylgje kartet…

….og å sjekka om kart og GPS viste det same. Såg veldig proffe ut her, synes eg 🙂

Ok, då eg prøvde å googla og lesa meg opp på denne turen, så fann eg eigentleg ikkje noko god beskrivelse. Om mi beskrivelse blir så mykje betre, veit eg ikkje, men eg får prøva 🙂

Eg er litt usikker på kva det heiter her (eg er fratatt kartet når eg skriv dette), men vi parkerte i svingen før ein køyrer opp mot Brandvikvatnet. I svingen med alle sauegardane- alle som har køyrt innover Blådalen veit kor dette er…Stien byrjar med å fylgja gjerdet oppover på venstre side. (Ikkje la dåke forvirra av at Svein Vidar går ned her – biletet er tatt på heimveg. Det regna for mykje til å ta bilete då vi starta turen..)

Så bar det oppover Storbjørnli.

Eg vart positivt overraska over stien oppover. Eg innbilla meg at vi skulle gå rett opp lia, men slik var det ikkje. Det gjekk oppover, men og litt på tvers slik at det ikkje vart så bratt som ein skulle tru. Det gjekk i grunnen leikande lett oppover. At det regna gjorde ingenting – og det var heilt grei turtemeperatur.

Snart fekk vi utsikt bort mot Brandvikvatnet.

Og etter enda ei lita stund såg vi ned på vatnet 🙂

Små perler som dette dukka opp både her og der på turen.

Kjerringa med sekken, hoppa over bekken….

Som dåke sikkert se så var vi alle utstyrt med ein stav kvar i dag. Det var ikkje dumt. Dette var supert terreng å gå i, men det var glatt og kupert, så stavane var til god hjelp.

No var vi komen nesten opp på toppen av fjellet og kunne kikka ned på tilbakelagt distanse. Det var litt bratt det siste stykket opp, men ellers var det som sagt eit flott terreng og ikkje spesielt krevjande stigning. Dog skal det seiast at eg tykte det var ein god del brattare når eg skulle ned att, enn når eg gjekk opp…

Stien er heilt grei å fylgja, men enkelte plassar forsvinn den litt. Då er det berre til å stoppa opp og kikka litt rundt seg – det står vardar heile vegen. Av og til må ein gå litt framover, og så får ein brått auge på både stien og ein varde igjen.

Jorunn er veldig nøgd med turen så langt 🙂

Når ein har kome opp fjellsida, er ein forsåvidt ferdig med den største stigninga. Stien fortset i eit litt småkupert terreng mellom Verahaugen og Kvanngrødhorga. Vi måtte og over nokre snøfonner..

…og langs dette vetle vatnet.

Tilbakeblikk.

Og så skjedde det noko når vi kom til enden av vatnet…

BLÅ HIMMEL OG SOL 🙂

Då passa det godt å ta ei lita pause her..

…og få litt påfyll av mat og drikke.

Svein Vidar kosar seg i sola 🙂

Det vart jo skikkeleg flott når sola kom fram, og vi var enda meir nøgd med turen enn vi allereie var 🙂 Men vi kunne jo ikkje gje oss til her – vi hadde enda langt igjen før vi nådde fram til Bjellandsbu.

Snøen forsvinn sikkert fort i fjellet no, men vi hadde enda fleire slike snøfonner vi måtte over.

No ana det oss at vi nærma oss Sandvatna…

Og det stemte 🙂 Her forsvann stien litt for oss, men Svein Vidar hadde på GPS’en sin at vi skulle kryssa vatnet på midten, så det var berre til å gå i den retning. Og det tok ikkje lang tid før vi var på stien igjen.

Over her skulle vi…

…og det betydde og over her…Svein Vidar fyrst…

…Jorunn fylgde på…

Eg kom stavrande etter. Eg prøvde fyrst å gå på dei steinane som stod mest opp frå vatnet, men dei fleste låg jo uansett under vassflata. Det gjekk fint fyrste halvdel over, men så fann eg ut at her var det berre til å peisa på å koma seg over – eg kunne jo ikkje bli våtare på beina enn eg var utansett 🙂

Sjå kor flott det var her! No gjekk stien langs dette vatnet, men steig nesten opp til snøfonna på høgre side.

Strålande flott tilbakeblikk. Vi kom over bakkane midt i vatnet. Vi kom ikkje ned skaret midt i biletet, men det heilt til venstre – der kor ein ser ein liten snøflekk.

Her bomma vi litt. Det er ikkje lett å sjå på biletet, men vi gjekk over bekken og tok ein sti som fortsatte langs fjellsida, mens vi skulle tatt ein sti som gjekk litt oppover…

….men det var ikkje så farleg – Svein Vidar fekk auga på ein varde ovanfor seg og då tok det ikkje lang tid før vi var på rett sti igjen. Kor den andre stien gjekk, veit vi ikkje, men det er godt mogelg vi ville ha enda på same plass til slutt uansett.

Her såg det jo ut som om det faktisk er sommer 🙂 Det var vel omtrent her Svein Vidar kunne opplysa at det var 900 meter igjen i luftlinje til Bjellandsbu – vi nærma oss sakte, men sikkert 🙂

Minuttar etter så var det ikkje sommar lenger…

Ingen ueinigheit om stivalget her – vi kikka på ryper 🙂 Ei rype, var det vel.

Og så – berre nokre skritt igjen… Ser dåke utedoen? Det er ikkje så lett 🙂

No då? Framleis ikkje lett…

Men NO ser dåke den 🙂

Men det var tross alt ikkje utedoen vi var kome for å sjå på…

….det var jo Bjellandsbu vi skulle ta i augnesyn 🙂

Og som bestilt – då vi kom fram skein sola igjen 🙂

Sjå kor tøff! Tenk at det finnes ei slik hytte langt inn på fjellet – teikna av Snøhetta! Det er noko av det kulaste eg har sett på fjellet 🙂

Tøff inni og 🙂

Men vi trong jo ikkje sitja inne i dag – vi kom jo fram i solskinn 🙂 Eit kjapt byte av kler og vi kunne…

…kosa oss med nista ute 🙂

At diverse av våre turvener skulle feira bursdagar i dag, såg ikkje vi som noko grunn til av vi ikkje skulle kosa oss med noko godt – tvert i mot 😉

Det rauk faktisk framleis av bålet då vi kom fram. Etter å ha kikka i hytteboka skjøna vi at det var eigarane sjølve som hadde vore der og gjort hytta klar for sommaren. Dei kan ikkje ha forlatt staden så veldig lenge før vi kom. Det gjekk spor i snøen rett forut, så dei har nok gått ned til Åkrafjorden ein plass.

Dette var ein kjempeflott plass, og vi skulle gjerne ha vore her lenger, men vi hadde jo ein lang veg å gå tilbake og, så etter ei stund var det berre til å gjera seg klar til å traska igjen.

På veg tilbake oppdaga vi at vi såg rett på Hauglansdsfjellet og Ulvanåso i det fjerne 🙂

Jorunn og eg dansa lett over vatnet på heimveg 🙂

Mine flotte og kjekke turvener 🙂

Ei siste pause før vi tok fatt på lia ned mot bilen igjen.

Skimta regnbogen i det vi berre hadde nokre skritt av turen igjen 🙂

Ja, dette var jammen ein steikjande flott tur! Den er vi alle tre einige om at må gjentas – då gjerne med overnatting. I dag gjekk vi i all slags ver! Regn, sol og til og med ei lita haglebyge. Ja, for om dåke er i tvil – alle bileta er tatt i løpet av turen i dag 😉 Veret la ingen dempar på hverken tur eller humør i dag 🙂

Dette er ein tur vi kan anbefala, men ein må vera klar over at det er ein lang tur. Vi brukte vel ca. 3 timar og 15min. inn til Bjellandsbu. Då hadde vi gode pausar på vegen og gjekk i passeleg tempo. Men turområdet var vi kjempenøgd meg – veldig godt og lett turterreng å gå i 🙂

Her kan dåke sjå ruta sjølve:

https://connect.garmin.com/modern/activity/1816471709

 

 

 

3 Comments

  1. Hei.
    Dette er en tur jeg lenge har hatt lyst til å gå 😀 Hvor er det turen starter (hvor parkerte dere)? Er det merket innover, eventuelt har dere en gpx fil dere kunne ha delt?
    Med hilsen
    Bjørn Kåre Ellingsen.

    Likar

    1. Hei! Dette er ein fin tur som absolutt kan anbefalast 😀 Ein parkerer i Grøningen. Stien byrjar ved gjerdet som går litt opp Storbjørnli. Det er sti heile vegen, men den kan vera litt lett å mista enkelte plassar – men og grei å finna att. Når ein har gått over Sandvatna (her må ein gjerne vassa litt), er det viktig å ikkje gå opp “skaret” rett fram (som virkar mest logisk), men fylgja stien lenger til venstre før ein går opp. Her veit eg enkelte går feil og hamnar ved Kvanndalsvatnet i stsdenfor.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.