#FJELL

Årets fyrste padletur!

Tenk at det skulle bli 28.juni før eg fekk gjort unna årets fyrste padletur! Den lille gule har lege fornærma ute i hagen i lengre tid og berre venta på at eg skulle velgja den i stadenfor Priusen, men kvar gong har den blitt skuffa 😦 Inntil i går – då vart vi invitert med på padletur til Skorpo av Jorunn 🙂

Og når det for ein dags skuld vart sommar, måtte vi jo slå til på den invitasjonen 🙂

Endeleg fekk den lille gule kjenna havet under kjølen igjen!

Stor gjensynsglede når den grønne skjønne og den lille gule endeleg fekk vera i lag igjen 😉

Vi starta turen nedanfor skulen i Uskedalen og padla langs holmen før vi peisa rett over mot Skorpo. I strålande sol og med ingen bylgjer, gjekk det leikande lett å koma seg over.

Sjå kor stille og fint det var når vi nærma oss land….

…..for i land skulle vi – det var berre til å ta sats og koma seg lengst mogleg opp på stranda…

….. no var vi klar for neste etappe – til fots 🙂

Jorunn vart nemleg så inspirert av fjellturen vi hadde til Bjellandsbu sist laurdag, at ho reiste sporenstreks å handla seg nye fjellsko etter helga….

….og no skulle dei prøvast ut 🙂

Det går merka tursti til Skorpefjellet rett ovanfor stranda. Den fyrste delen såg litt gjengrodd ut, så vi valgt å gå gjennom det fyrste gardstunet (det gjer eg vel forsåvidt alltid) før vi fortsatte på turstien derifrå.

Opp til det øverste gardstunet går ein på denne vegen.

Ein må runda denne løa og gå igjennom ei grind, og så er ein over på sti….

…..over ein liten bakke kor ein får fin utsikt over Eik og Eikdalen 🙂

Resten av turen går ein på sti inn i skogen inntil ein nesten er oppe på toppen av fjellet.

Når ein har kome så høgt at ein kjem ut av skogen og over på berg, får ein blandt anna god utsikt mot Rosendal.

Jorunn kikkar mot indre luten 🙂

Utsikt over Uskedalen frå toppen av Skorpefjellet.

Eit litt uvanleg syn.

Dette var Jorunn sin aller fyrste tur til Skorpefjellet, så det var viktig å få navnet sitt notert i boka. Det er det jo uansett 😉

Brått dukka ein gamal kjenning opp på fjellet og 😉

Ein liten pust i bakken før returen.

Og med ein liten pust i bakke, så meiner eg ein liten pust i bakken. Det er gysla fint på toppen av Skorpefjellet, men som så ofta før – her kosar myggen seg og! Eg spraya med med myggspray og det hjalp, men det var likevel så utriveleg at vi vart ikkje verande lenge før vi byrja på tilbaketuren til stranda igjen. Eg trur eg klarte å unngå myggstikk, men klart å få tre kleggbitt når vi vart ståande å snakka med ein lokal kar i det vi nesten var tilbake til kajakkan.

Lei av insekt, var det godt å koma i kajakkane igjen og kunna setja snuten….

…mot heim att 🙂 Sjå kor tøff himmelen var 🙂

Vi hadde ein strålande, fin padle- og gåtur i går kveld. Jorunn var nøgd med fjellskoa sine og eg er veldig nøgd – og aldri så lite forundra – over at eg ikkje kjenner noko som helst i armane i dag 😉

Skorpefjellet er absolutt verdt eit besøk – ikkje er det noko lang eller hard tur heller. Men husk at her trives både mygg, klegg og flått (plukka to pittekyrande små av leggene då eg kom heim) – så kle og spray deg godt 😉

Bileta i dette innlegget er ei god blanding av mine, dine og våres 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.