No drit vi i veret….

…og legg ut på tur okkesom! Vi må rett og slett slutta å venta på sol og varme  og heller tilpassa oss det veret som er 🙂 Rett skal vera rett, vi fekk jo eit lite snev av sommar både torsdag, fredag og delvis lørdag…

Og du verden kor lite sol som skal til før ein får skikkeleg sommarfølelse. To dagar med sol og varme var nok til at mitt humør steig betrakteleg, og kanskje litt for høgt….

….for når eg under ein liten handletur på Sæbøvik på laurdag kom over dette fargerike biletet var det ikkje tvil i mi sjel- denne kua MÅTTE bli med heim 🙂 Og den passa perfekt på stoveveggen 🙂

Seinare på kvelden vart det litt bobledrikking på kaien til Marit 🙂

Vi må vel vedgå at vi etterkvart som temperaturen sank utover laurdagskvelden, sat der i vinden mest på trass – er det sommar, så er det sommar! Vi pakka oss godt inn i pledd og vart sitjande ute til det var på tide å pitla seg heim 🙂

Og då eg vakna i dag tidleg var visst sommaren over igjen….

Eg var nok framleis i litt bobletilstand når eg sa ja til å bli med Jorunn ut på tur i dag…

….så då det såg slik ut når vi parkerte bilen langt opp i fjellsida i Matre for å gå tur i Heglandsdalen, prøvde eg å vri meg unna med å skylda på at eg ikkje hadde vore heilt tilregneleg då eg svara på meldinga hennar i dag tidleg.

Jorunn snudde det døve øyra til….

….sjekka på kartet at vi var på rett plass…

….fann sekken sin…

….og la i veg langs skogsvegen 🙂

Det bur faktisk folk oppi dalen her 🙂

Det var jo en fin plass dette her – sjølv om det i dag var ein smule vått. Masse skog, små bekkar her og der, nokre sauer som lurte på kven i all verda vi var og kva vi ville i skogen på ein dag som dette. Då vi var komen nesten til endes av skogsvegen fekk vi auga på rosina i pølsa på denne turen – ein pitteliten hareunge som sprang foran oss 🙂 Og den var så liten og søt – og redd. Eg fekk den dessverre ikkje på bilete, då den spratt avgårde så snart vi nærma oss. (Men eg fekk den med på ein liten videosnutt). Ja, dette synet var jo i seg sjølv verdt heile turen 🙂

Våt som ei kråka, men veldig nøgd med å ha fått sett harepus 🙂

Vi skulle ikkje på noko langtur i dag, så vi gjekk berre til endes av skogsvegen. Jorunn hadde nemleg ein «mission» med denne turen – vi skulle øva oss på å henga opp tarp og koka mat på stormkjøkenet under tak 😉 Og etter å ha kikka oss litt rundt, fann vi ut at…

….plassen nede ved bekken her måtte passa fint.

På førehand hadde vi vore innom bensinstasjonen i Matre og handla inn…

…..litt proviant.

No jobba vi kjapt og effektivt – skulle trudd vi hadde gjort dette mange ganger før 🙂 Sidan Jorunn sin tarp er større enn min, vart hennar brukt til «hovudhus», og min som vegg…

….tada!

Vi var særs stolte over «husbyggjinga» vår sjølve 🙂

Koseleg å sitja å sjå på bekken som rann forbi….

…. i tarptaket fann vi vårt nye motto 😉

Jorunn var middagsansvarleg – heilt fersk hare..

…..vart hakka opp og lagt i gryta….

….og etter 10 min. fekk eg servert deilig hareragu 🙂

Alle skjønar at dette berre er tull – eg fekk servert kylling med tikkamasalasaus frå Lyngnes Bensinstasjon… Men god var den – skal jaggu laga dette til middag heime og 🙂

Sidan Jorunn var middagsansvarleg – og klarte oppgåva med bravur – var det berre rett og rimeleg at eg tok meg av desserten…

….og då måtte det vispas kremfløyte 🙂

I fjor sat eg Jorunn og Marianne i arbeid med å vispa kremfløyte for hånd ved Verhardavatnet nedanfor Kvanto i Omvikdalen. Det resulterte i at Marianne og eg fekk hjulvisp av Jorunn til jul 😉 Den har ikkje fått vera med på tur før i dag, så den var uprøvd. Det burde den kanskje framleis ha vore…

…for dette funka ikkje så veldig bra 😦 DVS. den vispa jo kremfløyte heilt ok, men det skvetta jo fløyte overalt! Nei, denne vispen frå IKEA blir ikkje fast inventar i sekken – vi går tilbake til god, gamal håndvisp 🙂

På førehand hadde eg juksa litt og putta nykokt eplemost på termosen….

….og hakka mandlar…

…..mmmmmm, tenk at noko så enkelt kan smaka så godt 🙂

No må vi vel vedgå at det var byrja bli litt kaldt å sitja her under tarpane våres, litt urutinert av oss å ikkje tenkja på å ha varme nok klede med i sekken. Men vi var jo uansett ferdige med dagens oppdrag – tarp var hengt opp og mat kokt – så då kunne Jorunn…

….ta oppvasken før vi pakka saman sakene våres og tok peiling ned skogsvegen og tilbake til bilen.

Sjølv om vi var både våte og kalde, var vi særs nøgd med dagens tur. Vi eg skjønt einig om at heretter skal vi ikkje lenger bruka veret som ei unnskyldning for ikkje å koma oss ut – då kjem vi oss jo ingen veg!

Opp vegen eg kjem ned her i Matre, køyrte vi i dag. Det står ikkje noko skilt her, så kven kan vita at dette er ein veg som går langt til fjells?

Den blå streken er dagens tur 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.