#FJELL

Til Ingahogg på lykke og fromme…

Då var det endeleg min tur til å byrja på sommarferien 🙂 Den starten vart feira med litt bobler på terrassen til Ann Irene i går kveld. Berre litt – vi ville på tur i dag, så då måtte vi vera opplagte 😉 Men kor vi skulle gå, ja, nei, det var slett ikkje lett å bestemma seg… Faktisk så visste eg ikkje kor vi skulle når eg byrja pakka sekken i dag tidleg, eingong. Difor la eg ei melding ut på Facebook – kor skal vi på tur? Tenkte vi fekk slå til på fyrste forslaget 🙂 Og det kom berre eit – kanskje det var litt for tidleg på dag 😉 Jorunn meinte vi skulle gå til Ingahogg. Det hadde vi diskutert i går, men som sagt, det var vanskeleg å bestemma seg. Det var det ikkje i dag – då fekk det bli Ingahogg, tenkte eg..

Ann Irene klarte å forsova seg og vart så stressa av det, at når eg skreiv vi skulle til Ingahogg, fekk eg berre eit OK tilbake.

Litt etter avtala tid, var vi på veg mot Fjellhaugen. Vanlegvis ville Ann Irene ha fortalt meg alt om turen til Ingahogg i laupet av bilturen opp – ho er ein racer på å lesa turomtalar – men ho hadde jo ikkje hatt tid til å lesa noko i dag. Og når eg då ikkje klarar å lesa dei enkle Facebookmeldingane eg får, ja, då kunne jo ikkje denne turen gå heilt etter planen….

Ingen av oss har vore på Ingahogg før, men eg har tross alt vore eindel gonger til Nautavatn – på ski… Så det skulle no vera grei skuring opp dit, i allefall…

….så vi la i veg opp mot Fagnabotn til å byrja med.

Varmt og fint å gå tur i dag 🙂

Ved Fagnabotn. Hadde vi vore litt meir opptatt av å lesa skilta istadenfor å fotografera dei, hadde vi kanskje ana ugler i mosen allereie her…

Vi peisa vi over brua…

Vi fann jo ingen sti på andre sida… «Eh, Jorunn skreiv visst noko om at vi ikkje skulle kryssa elva…»  ymta eg frampå om. «Og det seier du no??» fekk eg til svar. «Ja, men det var sikkert heilt nede med parkeringsplassen. Hvis vi går igjennom skogen her no, så kjem det sikkert opp ein sti der som vi kan fylgja vidare.

Som sagt så gjort.. Vi gjekk igjennom skogen, men nokon sti fann vi ikkje. Dvs. vi fann visst stiar både her og der, men om dei er menneskeskapte, er ei anna sak. Men, vi fann ut at det ikkje var så farleg, vi visste jo uansett kor vi skulle – rett fram mot Nautavatn.

Her ser det ut som om vi har funnet ein sti, men det var ikke så lenge før den var vekke og.

Det er stor forskjell på vinter- og sommarføre, så det føltes nesten som om det var fyrste gong eg og gjekk her. Nesten oppe ved Nautavatnet, kikka eg over elva…

«Øøøøhhh…ææææhhh….kanskje vi ikkje skulle ha gått over brua likevel…» Pyttsann, no var vi uansett snart oppe 🙂

Nautavatnet 🙂

Her hadde vi ei lita pause kor vi fylte på med litt drikke og energi (les seigmenn, for min del).

Jadda, det gjekk ikkje opp for oss her heller…

No er det sikkert berre til å fylgja stien vidare, tenkte vi. Kva sti??? Framleis fann vi ikkje noko opplagt sti vidare. Eg veit jo kor dei går på ski når dei skal opp til Ingahogg denne vegen, men noko sti langs vatnet såg vi ikkje. Vi gjekk litt lenger opp fjellsida for å sjå om den gjekk der, men, nei, vi fann ingen sti.

Det var no veldig merkeleg. Vi skjøna jo begge at her var det noko som ikkje stemte, men det var jo ikkje snakk om å snu eller gå ned til vatnet igjen. Nei, på eit eller anna vis vart det til at vi fortsatte oppetter lia. Eg er litt usikker på kvifor, for det sa seg eigentleg sjølv at HER GÅR DET INGEN STI!!!

Rett opp fjellsida i frå Nautavatnet gjekk vi!

Utsikta var det forsåvidt ingenting å seia på – dei gongene eg fann ein stor nok plass til å få nok fotfeste på til å snu meg å sjå… Eg bora dei nylakkerte, rosa neglene mine inn i mosen, drog meg oppetter lia etter lyngen, beit tenna fast i steinura – ja dåke skjønar teikninga. Ovanfor meg trippa Ann Irene og Frikken oppover som om dei aldri hadde gjort noko anna. «Vi må halda litt mot venstre», ropa eg, meir enn ein gong. «Ja!» fekk eg til svar, meir enn ein gong. Kvar gong fortsatt ho rett opp og litt mot høgre….

Ikkje godt å sjå, men langt der nede er Åkrastølen.

Men tru det eller ei, vi kom oss faktisk opp denne fjellsida 🙂

Sjå kor nøgd ho var – dette var noko av det kjekkaste ho hadde vore med på. Eg var litt meir dempa…

No når vi var komen opp her, var vi heilt sikker på at om vi fortsatte framover no, så måtte vi jo dumpa inn på stien vidare ein eller anna plass. Vi rekna med at vi no skulle fylgja fjellryggen i retning mot skitrekket eit godt stykke, men eg hadde jo knapt fått på meg sekken att før Ann Irene ropar…

…..»Eg ser varden!!!» Og har dåke sett – det var ikkje tvil – rett framfor oss stod varden! Går det an å ha slik flaks å treffa så spot on etter å ha kava seg opp ei fjellsida kor, antagelegvis, ikkje ein menneskefot har trødd før?? (Ikkje på sommarstid, i allefall) Og vi som trudde vi skulle gå både vel og lenge enda…

…..var jo på Ingahogg på ein blunk no 🙂

Vi såg jo mykje og langt uansett kor vi snudde oss her oppe, men det vi såg var jo stort sett…fjell..på…fjell…og ein og anna fjord i det fjerne. Det var fint, men eg vart liksom ikkje blåst av bana, heller. Bles gjorde det derimot godt her oppe, så etter…

….obligatorisk fotografering på toppen, fann vi ut at her kunne vi ikkje bli så lenge.

For fyrste gang i dag, fekk vi no auga på noko vi ikkje var i tvil om at var ein sti – for den var merka med raude T-ar. Den stien kom opp i frå skitrekket. Nokon sti opp frå same side vi kom, såg vi framleis ikkje…

Vi var einige om at vi ikkje kunne rota oss ned same veg vi kom opp, og at vi no fekk bruka fornufta og fylgje T-stien ned att. Vi valgte å ikkje ta nistepause på toppen, men gå litt lenger ned og sjå om det var litt finare der.

Og vi skal vedgå at vi lika denne sida av fjellet betre enn andre sida..

Eg har kjøpt meg hus i år, Ann Irene har investert i ein…

… Gapahuk 🙂

Og denne måtte vi sjølvsagt prøva i dag. Sånn sett var det jo bra at det bles litt kaldt vind i dag – vi kunne jo ikkje sete i denne hvis det, mot normalen i sommar, hadde vore steikande sol og varmt.

Utsikt i frå Gapahuken 🙂

Her var det fint, og her kosa vi oss 🙂

Ann Irene meinte på at sidan ho hadde bore gapahuken opp i sekken sin, så var det mi oppgåva å vera kokk i dag..

….vi har ikkje avansert så veldig – køyrer framleis tomatsuppe.

Eg trur ikkje vi skal nemna alt vi drog opp av sekken av fast føde, men vi slo fast at det hadde blitt temmeleg trongt i gapahuken om vi hadde måtta dra opp glidelåsen i fronten 😉

Det som er plusset med å vera kokk, er…

….at nokon andre må ta oppvasken 😉

Det hadde vorte for trongt for to stykker å overnatta i gapahuken, så vi måtte fint pakka saman etter ei stund og ta fatt på resten av heimvegen.

…sti så langt ein kan sjå 😉

….No kunne vi kikka ned mot Fagnabotn fra oven.. Eg var ei lita stund redd for at stien skulle gå ned dit – tenk om vi hadde gått rett forbi stien på veg opp??? Men nei, vi skulle ikkje ned dit 🙂

No var det ikkje beine vegen ned her heller. Det var faktisk ganske bratt, mykje berg og laus stein. Vi måtte passa skikkeleg godt på kor vi sat foten ned.

Skitrekket i det fjerne – ned dit visste vi at vi skulle.

Ser dåke han/ho? Fauk ein flokk opp foran oss på stien 🙂

Vel, vel, eg er no faktisk ikkje sikker på at det var så mykje mindre bratt å fylgja denne stien enn fjellsida vi valgte, tross alt 🙂

Skitrekket – snart nede 🙂

Vel nede ved skitrekket går vi rett på dette…

Jasså, akkurat ja… 😉

Herifrå var det berre å koma seg ned skibakken. Eg har sikkert aldri kome ned den bakken så stødig og elegant som i dag, før 😉

Eg veit ikkje kor mange ganger eg har nemnt ordet «sti» i dette innlegget, men som Ann Irene sa, då ho lurte litt på om stien gjekk litt til høgre for oss ned skitrekket, og eg svara at det sikkert ikkje var så nøye kor vi gjekk – «Beklagar, men gamal vane vond å venda – vi har jo tross alt lett etter sti i heile dag!» 🙂

Vi hadde ein kjekk tur i dag. Ann Irene kosa seg litt meir enn meg på veg opp i frå Nautavatnet, men det får eg vel berre vera glad for iom at det var eg som var turleiar opp til Nautavatnet. Tenk om eg hadde leia oss så på ville vegar og ho ikkje hadde kosa seg – eg hadde jo fått høyra det så øyrene flagra 😉

Det var og fint på Ingahogg, men eg trur kanskje eg vil synes det er finare vinterstid. Eg får kanskje setja det på turplanen til vinteren 🙂

Når eg endeleg kom heim, kikka eg på meldinga eg hadde fått i frå Jorunn FØR vi la ut på turen:

Synes dåke skal ta turen til Ingahogg. Følg trekktrasseen oppover, så kjem dåke til merka sti 🙂

Og etter at vi hadde sendt bilete av at vi var på veg opp mot Fagnabotn:

Må ikkje tråkka i skispora, då blir dåke våte på beina 😉 kkje kryss elva ! 

 

Advertisements

1 reply »

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.