Søndagstur til Børsdalen!

Litt sein rapport, meeeeeeen….det går jo ikkje an å sitja inne å blogga når sommarenfyrst dukka opp 😉 På søndag lokka Ann Irene og Per Ivar meg med på tur til Børsdalselet i Børsdalen. 

Vi lot Per Ivar føra an….

….så fylgde vi damene etter.

Det er ganske greit å gå tur i Børsdalen.  Det er ingen lange, bratte oppover bakkar eller nedoverbakkar. Men det er veldig mykje stein i stien, så ein må passa stega sine. Sist Ann Irene og eg gjekk her høljeregna det og var glatt, og så gjekk det som det måtte gå – Ann Irene hamna med foten i fatle (ja, ikkje akkurat det, men dåke skjønar kva eg meiner) i fleire veker etterpå. På søndag var det tørt og fint, så då gjekk det bra 🙂

Ser litt skumlare ut enn det er her, men det er no greit å ha eit tau og halda seg i 🙂

Ca. 1,5 time brukte vi inn til selet i passeleg turtempo.

Vi har lyst å prøva å gå denne vegen til Englafjell eingong, men det skulle vi ikkje på søndag.

Vi kikka sjølvsagt inn i selet og skreiv namna våre i boka. Men det var jo så varmt å fint at vi vart sitjande ute på denne turen 🙂

Mannen vart satt i arbeid med å tenna opp eit bål. Det var ikkje mykje ved igjen, så her må dei som styrer med det fylla på.

Men det var i allefall nok til at Per Ivar fekk fyr på bålet, så då vart det pølsegrilling på oss (igjen 🙂 )

Hmmmm…..skeptisk…..

Sjå kor flott selet ligg i terrenget.

Ingen sel vart skada under dette stuntet…

Etter å ha kosa oss med både grillpølser og anna godt (les, fortrinnsvis sjokolade i diverse variantar), pakka vi saman og….

….tok fatt på heimvegen att.

Dette var ein fin og koseleg søndagtur som kan anbefalast. Vi møtte eit par som hadde gått opp til Dyrrindo fyrst og så kom ned til Børsdalsselet, så det går og an, men eg trur ikkje det gjekk nokon sti ein kunne fylgja frå Dyrrindo og ned. Vi må kanskje testa det ein anna gong 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.