Verdens gapahukdag!

I går, 27.september, var det verdens gapahukdag. Dermed fann Ann Irene og eg ut at det passa fint å ta middagen ute i det fri – i ein gapahuk sjølvsagt. Iom at Ann Irene har skaffa seg ein samanleggbar gapahuk som passar i sekken, og som ei slår opp omtrent som eit telt, kunne vi eigentleg velgja å gå kor som helst. 

Eg foreslo at vi kunne gå til stølen ved Hjort, som vi vel fann ut at sikkert ikkje heiter det i det heile tatt iom at Hjort ligg litt lenger vekke. Uansett stølen ligg nedanfor enden av Gråfjell. Det er uansett ikkje så nøye – for vi bestemte oss for ikkje å gå dit. Istadenfor bestemte vi oss for å går til dei små vatna som ligg ved Leiteshaugane.

Her er det jo så idyllisk og fint.

Når vi er her, plar vi gå opp på den yttarste toppen til høgre slik at vi får utkikk rett ned i Matre og Matrefjorden. I går bestemte vi oss for å fylgja ein sti mot ein anna topp til venstre – for der hadde ingen av oss vore før 🙂

Snart kunne vi kikka ned på vatna.

Litt bratt, men ikkje så lange biten. Det fekk vi tåla – vi skulle tross alt berre opp hit…

Ser du noko??

Å, jada – rett inn i Blådalen og bort på motorsportbana….

….ned på Matresvingane og Matre….

….og ut Matrefjorden 🙂

Det blas litt oppå toppen her, og det låg ein topp til litt framfor oss. «Vi skal ikkje gå bort på den då, og sjå om vi kan få utsikt både ned mot Fjellandsbø og Matre?» spurte EG. Eg gjentar – det var faktisk EG som kom på ideen.

Ann Irene let seg jo ikkje be to ganger når ho får sjansen til å gå lenger, så då var vi i farta igjen….

…..mot neste topp…

….oppover her…

….vi fekk no fin utsikt 🙂

Ah, snart oppe! Eg satsa på at Ann Irene hadde fått på plass gapahuken innan eg tok ho att – no var eg byrja å bli svolten. Eg hadde jo berre vore heimom å pakka sekken før eg for, og hadde ikkje ete sidan lunsj.

Å fanden…. Eg skjøna med eingong eg gjekk på denne varden at turen enda ikkje var slutt! Trur dåke ikkje at det brått dukka opp ein sti??? Og den forsvann sjølvsagt oppover igjen. Eg fann det fånyttes å seia noko – det var berre til å leggja i veg oppover…..

No forsvann sola og…

Sjølv om eg aldri hadde vore her før, trong det ikkje mykje fantasi til for å skjøna kor vi kom til å enda når vi klauv opp fjellet her…

….når vi kom opp fortsatte stien bortover her…

…og sjå der ja, vatnet ved stølen som vi hadde bestemt oss for ikkje å gå til…

Ja, ja, no var vi no her, så no skulle det i allefall bli godt med mat!

Vi vart einige om at vi i allefall skulle gå den vanlege stien ned att. «Det er bratt ned. Eg tru vi må koma oss ned før vi et mat, så ikkje det blir mørkt på oss», sa Ann Irene. «Hæææ!!» svara eg. «Ja, men det blir fort mørkt.» Ho hadde sjølvsagt rett.

Så då var det på an» igjen…

Eg fann det ein smule komisk at vi hadde tatt med oss sekkane våre på heile denne runden – dei kunne jo faktisk berre ha stått igjen til vi kom ned att 😉

«Vi kan gå rett bort og opp på veg..» byrja Ann Irene.

«Nei!», svara eg.

«Men det er ein fin plass der kor vi kan slå opp gapahuken.»

«Nei!

«Men det er fint der…»

«Nei! Vi skal ikkje gå opp på noko veg no og setja opp gapahuken. No skal vi fylgje stien igjennom skogen og setja opp gapahuken ved elva»

«Okei, då…»

Av og til må eg jo få viljen min eg og 😉

 

Vi måtte no flira litt av oss sjølve der vi virra rundt og prøvde å fylgja stien ned mot Fjellandsbøvatnet att. Svoltne var vi begge to, så no måtte vi snart få opp denne gapahuken Ann Irene hadde båre på langt og lenge.

«Kva var det??», Ann Irene høyrte ein lyd. Det gjorde jo eg og.

«Der var det igjen! Er det bjørn??»

«Høyres ut som ein hund», svara eg. Men det gjorde jo eigentleg ikkje det heller.

«Nei, det er bjørn», var Ann Irene sikker på.

Okkesom, uansett kva det var som knurra, bjeffa eller brølte – vi fekk litt fart på oss nedover stien.

Trur dåke vi fekk satt opp noko gapahuk???

Her enda vi opp!

Og klokka 1930 kunne vi endeleg innta middagen 🙂

Det tok jammen si tid, men vi kan vel seia at vi til slutt enda opp i noko vi kan kalla ein slags gapahuk, så då kan vi vel seia at: «Jepp, vi har feira Verdens Gapahuk dag!» 😉

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.