Fynderdalen!

Etter eit par stillesitjande veker, var det på tide å koma seg ut å nyta det fina veret i går. Fynderdalen, foreslo eg til Ann Irene – og ho beit på 🙂 Eg burde ha lukta lunta når det vart godkjent utan noko form for diskusjon….

No har ikkje eg lest meg opp på turen til Fynderdalen, eg har berre stått ved Bondhusvatnet og sett opp fjellsida og tenkt at det må vera ein kjekk liten fjelltur – passeleg når ein har site litt for mykje i ro. Ein kjekk fjelltur var det, men den var jo atskilleg lengre og brattare enn eg hadde trudd… Akkurat det fekk eg og vita så snart eg steig inn i bilen til Ann Irene – for ho hadde jo sjølvsagt lese seg opp! 2,5 timar gange kvar veg! (Riktig nok i frå parkeringsplassen inn til Bondhusdalen.) Ikkje rart ho ikkje protesterte – dette var jo ein skikkeleg fjelltur og ikkje ein slik pingletur som eg innbilla meg at eg hadde foreslått 😉

Sola skein frå blå himmel då vi starta turen vår 🙂

Vi var litt usikre på om vi kom til å få noko særleg sol på denne turen, eller om den kom til å vera gøymt bak fjella. Men det var ingen grunn til bekymring – vi fekk mykje meir sol enn vi hadde sett for oss. Eg tok faktisk ingen bileter på veg inn til Bondhusvatnet då sola stod rett på hos heile vegen – blir ikkje fine bileter då.

Vart ikkje noko fine bileter ved vatnet heller pga sola, men her har vi kome oss litt inn i skuggen langs høgre sida av vatnet.

Det er ikkje så lett å sjå, men det stod eit lite telt heilt inne ved stranda. Brrrr…..det må ha vore kaldt om natta, no er det jo kome snø på toppane av fjella.

Vi skulle ikkje heilt inn til stranda, for vi måtte kikka etter stien opp til Fynderdalen før vi kom så langt. Og når vi gjekk og såg etter den, var den jo ikkje vanskeleg å få auga på….

….og då gjekk det på opp…

….opp og opp!

Det var ein både bratt og glatt sti. Likevel syntes eg det gjekk heilt greit å gå her. Vi var jo stort sett inni skog, så det var trer ein kunne ta tak i heile vegen.

Etter ei lita stund kunne vi kikka ned på Bondhusvatnet.

Sjå kor fint det var med frost på bakken! Her hadde ikke sola kome fram enda og tint opp bakken…

Ja, så var det jo sånn at det som eg syntes såg ut som ei grei lita fjellside, den vart som sagt litt lengre enn eg hadde trudd. Men eg kava meg oppover og ved hjelp av litt påfyll av sjokolade og drikke, så gjekk det no på fram.

Naturkunst 🙂

Medan eg pusta og pesa, trippa Ann Irene, som vanleg, avggårde så lett på tå. «Du må byrja lesa deg opp på turane du foreslår….», fekk eg beskjed om. Eg visste så inderleg vel at ho då og hinta til den gong eg presterte å uttala i same setning «Eg ikkje ville gå noko lang og bratt tur  – skal vi gå til Bjørndalssetra?». Den turen hadde eg jo til og med gått eingong før, så der kan eg ikkje skulda på at eg ikkje hadde lese turomtale eingong…

Men etterkvar flata det heldigvis ut og stien gjekk no langs elva og fjellsida. Sjølv om det ikkje var så ope landskap, syntes vi det var veldig fint her. Og så var det så fint med sola og fjella med kvitkledde toppar rundt oss.

Og brått gjekk vi rett på denne hytta 🙂

Vi kunne i allefall slå fast at vi hadde funnet Fynderdalen. Vi visste det ikkje då, men no i ettertid har vi kanskje eit håp om at vi kan få med einkvan med nøkkel til hytta neste gang vi skal på tur her 😉

Det er faktisk ikkje lett å sjå at Fynderdalsvatnet tar opp meir enn 1/3 av dette biletet…

Men var det eigentleg her vi skulle vera? Vi kikka oss rund og fekk auga på fleire hytter på høgresida av vatnet. Då måtte vi bort å kikka der og.

Islagt vatn på veg bort langs vatnet.

Vi måtte over ei bru på veg bort langs vatnet….

….for her rann vatnet ut i ei elv.

Og så nærma vi oss det neste «hyttetunet» 🙂

Brrrrr…..vinteren er på veg….

Det var veldig fint her i Fynderdalen, og sikkert enda finare sommerstid. I går låg dalen og vatnet i skuggen, og som dåke ser var det frost på bakken. Og det var kaldt! Det frista ikkje så mykje å sitja ned her i skuggen – vi hadde nok byrja å frysa ganske snart. Difor bestemte vi oss for å gå eit stykke tilbake til vi kom i sola igjen, og så ta matpause.

Var litt trivelegare i sola – den varmar godt enda.

Vi fann oss ein fin plass vi kunne sitja nede ved elva.

Her kunne vi såvidt skimta fjorden i det fjerne 🙂

 Og så klarte eg faktisk å leggja det store egget 😉 Det var ein kollega som meinte at eg var altfor gamal og mi tid for slikt for lengst var forbi (han uttala det ikkje akkurat sånn, men det var det han meinte 😉 ) – men det er løye kva ein får til høgt til fjells og i tynn luft 🙂

Det vart likevel ikkje kokt egg på oss til middag, men semulegrynsgraut. Det er visst blitt ein lite favoritt no 🙂

Etter å ha kosa oss her og ete oss gode og mette, pakka vi saman og var klar for å koma oss ned lia igjen.

Eg veit ikkje heilt kva det var med turen i går – eg har nok gått både brattar og lengre turar før, men eg kan ikkje huska sist eg var så sliten i beina. Allerie før vi kom ned til vatnet verka eg i både bein, lysken og korsyggen – og då hadde vi enda heile vegen langs vatnet og ned til parkeringsplassen igjen.

Obligatorisk fotografering ved byrjinga av vatnet når vi var på veg heimatt. Eg syntes framleis fjellsida langs elva opp til Fynderdalen ser ut som ein liten spasertur….

No stod det bare igjen å fullføre siste etappen ned til bilen. Det er jo ikkje noko slitsom tur fram og tilbake til vatnet, men det er jo eit godt stykke å gå. Eg tippar det var kombinasjonen av eit langt gåstrekke på grusveg og brattfjellside som tok knekken på bein og rygg i går. Eg kjenner det godt i dag og….

Men, uansett – dette var jo ein veldig fin tur 🙂 Og eg er ganske sikker på at denne turen kjem vi til å gå fleire ganger 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.