Vikefjell!

Vi skil ikkje på indre og ytre luten her i gården – likar oss lika godt både her og der. Laurdag var vi på fjelltur i Omvikdalen og på mandag snudde vi oss rundt og tok turen til Vikefjell på Valen 🙂

Nok ein gong var det Ann Irene som drog meg med. Ho har vore her ein god del gonger før, men for meg var dette eit nytt turmål.

Vi parkerte ved Eikelandsberget og fylgde Postvegen derifrå mot Teigen. Litt bratt i byrjinga, men så flata det ut. For å koma seg til Vikefjell må ein ta av vegen og over på sti på venstre sida. Her må ein fylgja med for ein skal IKKJE ta den fyrste stien som dukkar opp, men venta til ein kjem til ein stein kor det er malt på Vikefjell med raude bokstavar.

Når ein har funnet rett sti, er det berre til å fylgja den oppover. Det er ikkje ein veldig lang tur – brått er ein på…

DSC_0002

…..Norde (er det eit ord – heiter det ikkje Nordre?) Vikefjell og kan skriva seg inn i manntalet 🙂

Om ikkje turen er lang, og fjellet ikkje høgare enn 200m, så får ein likevel flott utsikt….

DSC_0003

…..eller kva synes dåke?

DSC_0005

Valen.

Men om når det no heiter Norde Vikefjell her – finnes det då eit Søre Vikefjell?? Det visste ikkje Ann Irene, for ho hadde ikkje gått lenger før. Men vi fann nokre raude prikkar og ein sti og bestemte oss for å sjå kor den enda…

DSC_0006

…..og jammen dukka ikkje dette skiltet opp inni skogen 🙂

DSC_0007

Variert terreng å gå i.

Det tok ikkje så veldig lang tid før vi stod på Søre Vikefjell – det låg tross alt berre rett bortanfor Norde Vikefjell 🙂

DSC_0010

Og utsikta var jo sjølvsagt mykje godt lik.

DSC_0015

Vi fekk litt betre utsikt denne vegen då, mot Sunde og Røsslandslia.

DSC_0014

Ut mot havet

DSC_0017

Måtte ta eit flygebilete med Husnes i bakgrunnen 🙂

På Søre Vikefjell stod det skilt med «Reset» på, så då fann vi ut vi lika godt kunne fylgja den ned att i stadenfor å gå tilbake samme veg som vi kom. Ein kjapp liten tur nedover, og så stod vi brått midt i svingane ovanfor Porsvika. Eg har aldri lagt merke til at det kjem ein sti ned der, men no veit eg det 🙂

Så var det berre ein kort spasertur tilbake til Eikelandsberget og til bilane. Dette var ein fin og kjapp tur som passar godt som ein ettermiddag-/kveldstur 🙂 Her skal vi heilt sikkert gå fleire gonger 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.