Kviteggjo, Kviteggo, Kviteggi….

..Kvitegga – ja, kjært barn har mange namn, og eg er sanneleg ikkje sikker på kva som er rett her. Men på lørdag var eg i allefall på fjelltur i Omvikdalen i lag med Ann Irene 🙂

Vi parkerte ved Revuro og tok fatt på skogsvegen oppover. Ann Irene og Tobias (hunden) trippa så lett på tå oppover, medan eg byrja pusta og pesa før vi runda låvehjørna. Og det vart jo ikkje betre oppover fjellsida – ikkje kan eg klaga på at eg hadde for mykje på meg heller iom at det var varmt nok å gå i T-skjorte.

Ja, ja, opp kom vi og var klar til å kryssa…

DSC_0002…elva???

Hmmm…. det rann mykje vatn og ikkje såg vi nokon plass å hoppa frå stein til stein – måtte vi gje oss på tap? Nei, det gjekk jo ikkje..

DSC_0004

Til slutt enda vi med å foreta ei heilt ureglementert kryssing av elva. Vi skal vera glad vi er så lette og nette, for det var nok berre flaks av vi ikkje enda i elva – snøfonna bak var nok ikkje særleg trygg… Så vi vart einige om ikkje å seia til nokon korleis vi kom over på andre sida av elva…

Vi fann fort ein sti på denne sida som snart slo seg i saman med stien som kom i frå brua. Når vi kom på toppen av fjellet var det ganske mykje vind, så då var det på med dunjakke resten av vegen.

DSC_0005

Det er kjempeflott utsikt her oppe – her over Seim og Rosendal….

DSC_0006

…..ned mot Omvikdalen…

DSC_0009

…opp Omvikdalen…

DSC_0006-PANO

….og litt av alt 🙂

DSC_0011

He-he, Ann Irene er i vinden som aldri før 😉

DSC_0014

Omvikedalens svar på Sukkertoppen 😉

Det var jo ikkje så triveleg når det bles sånn, men vi kroa oss saman nedanfor varden. Vi hadde jo vore på Brødskreppa og kjøpt oss niste..

DSC_0019

….og den måtte vi jo eta på toppen 🙂 Og den var god…mmmmm…

Når vi skulle heim tok vi ein annan sti enn den vi plar ta. Denne gjekk langs fjellsida i stadenfor over toppen.

DSC_0022

DSC_0025

DSC_0024

Det er ikkje så godt å sjå, men det står Per Korsvold’s veg. Det var noe enda godt det stod veg på slutten…

DSC_0026

Litt bratt når vi skulle gå ned mot elva igjen.

Vi kom ned på ein gamal skogsveg og fylge den bort til elva. Og her…

DSC_0030

…kunne vi jo gå tørrskodd over utan å risikera livet. Rett ovanfor skimta vi snøfonna vi hadde kava oss over når vi gjekk andre vegen…

DSC_0031

Så om ein vil ta denne turen før brua er fiksa igjen foreslår eg at ein ikkje går lenger enn til denne svingen og går over elva her. Når ein finn stien kan ein velgja om ein vil gå langst fjellsida eller opp til ein kjem inn på stien som kjem over brua og går opp på toppen av fjellet.

Dette er ein veldig flott tur, med ei fantastisk utsikt. Vi har gått han før og kjem nok til å gå han enda fleire gonger 🙂

Så eg var veldig nøgd når eg sat meg i bilen og byrja køyra på heim. Men kor lenge var Adam i Paradis? På veg ned i frå dalen var det ein traktortilhengar som vart litt for innpåsliten så då såg Priusen slik ut når eg kom heim…

DSC_0032 ….ja, ja, sånn kan det gå..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.