Aij, aij, for nokre fine haustdagar vi har hatt i går og i dag 🙂 Og eg klarte nesten å tulla vekk begge to med å rydda i kjellaren. Rydda er vel forresten å ta litt i – flytta på ting, er vel ei meir nøyaktig skildring. Men eg fekk i allefall rydda plass til utemøblane, div. dekk som ligg både ute og inne, plantene som må flyttast inn osv. Men i dag vart det ikkje lange stunda i kjellaren – eg tok til vit og kom meg ut 😉
Eg var jo altfor seint ute med å finna ut at eg skulle gå tur. Alle andre hadde jo for lengst funnet ut kva dei skulle bruka dagen til når eg endeleg var klar for frisk luft. Og sidan eg ikkje gidd køyra så langt for å gå tur aleina, vart det til at eg gjekk opp skogsvegen på Kjærland.
Sol, sol, sol 🙂
Eg får nesten litt Tyrolstemning av dette, men så er det berre Ulvanåso 😉
Synes eg kom meg opp relativt greit, og bestemte meg for at det var så fint at eg tok turen vidare til Mannsvatnet.
Fine haustfargar 🙂
Tilbakeblikk.
Omtrent her la eg ut ein liten filmsnutt på historiefunksjonen til Instagram. Når eg ser på den i ettertid lurer eg på kven det er som pustar sånn på filmen?? Kan det vera eit filmtriks? Akkurat det same skjedde med den eg la ut litt seinare – same pustinga på den óg. Eg synes jo ikkje at EG pusta og pesa noko sæleg i dag, så dette skjønar eg ikkje 😉 Og så på flate stien, til og med 🙂 Mikrofonfunksjonen på Huawei’en må vera ytterst følsom…..
Snart borte til Mannsvatnet.
Binnebu.
Ein gong eg nærma meg Binnebu, høyrte eg høglytte stemmer og diskusjon inni hytta. Eg la meg ned på alle fira, smaug meg fram lydlaust som ein gepard og passa på at eg passerte vindauga utan å bli oppdaga. Hadde akkurat runda hyttehjørna då eg høyrte «Anita, kom inn og ta ei pause her!» Ja, ja, eg var visst hverken smidig, lydlaus eller usynleg 🙂 I hytta sat fire av bygdas staute karar – og spela Yatzy 🙂
Det var ingen i Binnebu i dag, så eg gjekk forbi utan pause.
Berre litt lenger bort her, så skal eg svinga opp mot Hauglandsfjellet.
Nærmar seg vinter her oppe.
Nesten oppe.
Så berre ein liten spasertur til denne…
….karen dukkar opp 🙂 Deretter gjenstår det berre å gå ned Pålavegen og ned til bilen att.
Ein fin, fin tur – mykje betre enn å rydda i kjellaren 😉