På tur til Juklavatnet :-)

Forrige søndag bestemte Ann Irene, Per Ivar og eg oss for å ta turen til Juklavatnet. Eg har kun vore på tur der eingong tidlegare, men då kom vi ikkje heilt ned til vatnet pga ei snøfonn som stengte vegen.

Turen til Juklavatnet startar ved kraftstasjonen på Markjelke. For å koma til Markjelke må du køyra opp ein smal, lang veg frå Nordrepollen. Det er ikkje så lett å sjå vegen hvis du ikkje veit kor den er, den startar rett bak den store parkeringsplassen på venstre side av hovudvegen før Jondalstunnelen.

Akkurat no pågår det div. arbeid fleire stadar langs denne smale vegen, så vegen er stengt i vekedagane. Det stod forsåvidt ingenting om at vegen var open på søndag heller, men vi køyrte no opp, vi 😉 Vi såg det var andre som gjorde det same.

Frå kraftstasjonen på Markjelke går det ein fin grusveg heile vegen opp til Juklavatnet. Den er godt brukande å køyra på, men den er sperra med ein bom. Så med mindre du har nøkkel til den, må du nok ta beina fatt – slik vi måtte 🙂

Du treng ikkje gå ein meter, eigentleg – det er jo knallfint berre å køyra opp hit til Markjelke å kikka 🙂

Men så «heldig» var ikkje eg – eg måtte fint ta sekken på ryggen….

…..å byrja å gå 🙂

Det er berre nokre svingar og eit lite stykke å gå så kjem ein til…

…Botnatjørna. Her går det tursti inn til Botnabreen. Den har eg ikkje gått enda, men antar den går inn bak elva som kjem ned midt på biletet her.

Den turen skal vi ta ein anna gong, denne dagen skulle vi høgare til fjells. Vegen er ikkje noko spesielt bratt, men snirklar seg slakt oppover fjellsida.

Etter ei stund kan du snu deg og sjå rett bort på Botnabreen 🙂

Er det ikkje mektig og flott?

Utsikt ned mot Markjelke, og hvis ein ser godt etter, kan ein no og sjå Maurangerfjorden.

Vidvinkelfoto. Her ser ein starten av turen, vegen vi har gått og Botnabreen.

Og enda er vi ikkje komen heilt opp 🙂 Det vart mange stopp på vegen, så det gjekk ikkje så fort med oss. Per Ivar og eg slo til med ein liten trall og to på veg opp, og det er jo og viktig at alt…

….blir dokumentert 😉

Turvenene mine denne dagen 🙂

Desse tre er ofte på tur i lag, men sjeldan med på same bilete 🙂 Fjerdemann, som ein skimtar oppi høgre biletekant, høyrte til eit anna turfylgje 😉

Utsikt ut fjorden meir eller mindre frå toppen av fjellet.

Når ein er komen opp på toppen av fjellet, er det forholdsvis flatt – i allefall om ein fylgjer vegen. Ein kan velgja å gå enda lenger opp på fjellet til nokre hytter. Derifrå får ein utsikt rett bort på Folgefonna og sommarskisenteret i Jondal 🙂

Vi valgte å ikkje gå opp dit denne dagen. Eg forlangte at vi skulle gå ned til vatnet i stadenfor, sidan vi ikkje hadde vore der før.

Ein liten nedoverbakke, og så nærma vi oss Juklavatnet.

Vi valgte å slå leir ytterst på den Nøgne ø 🙂 Ja, ja, noko øy var det ikkje, men utpå her fekk vi akkurat eit lite glimt av…

…sommarskisenteret. Dåke får berre ta meg på ordet – det ligg heilt bak i skyene der 🙂

Juklavatnet er MYKJE større enn det ser ut som når du står oppe på toppen av skisenteret. Antagelegvis har eg sikkert berre sett ein liten del av det, resten har nok vore dekka av is og snø. Det er jo rundt Påske og 17.mai eg har vore på skisenteret, så då har nok ikkje smeltinga vore komen så langt.

Her smaka det godt med ein varm kakao. Ann Irene syntes det var litt kaldt når vi gjekk opp, medan Per Ivar og eg måtta hiva jakkene før fyrste sving 🙂 No, derimot, kom det litt vind, så det var greit å få i seg varm drikke og kle på seg både dunjakke og hua.

Ann Irene tok seg forresten ein liten svipptur over demningen her og over ein topp – der fekk ho utsikt ned mot Jondal 🙂

Her har ho kome tilbake til oss og får seg ei kvil og litt nista, ho og 🙂

Det er knallfint her oppe. Eg trur vi må ta turen ein fin sommarkveld neste gong, grilla og kosa oss 🙂

Det vart ein anna temperatur og andre skyer i horisonten på veg ned att.

Malerisk 🙂

Vi blir små i dette landskapet 🙂

Dette er ein flott og kjekk tur. Det er eit spesielt landskap, ulik dei andre turplassane vi har i Kvinnherad.  Ein kan og gå tur i frå andre enden av Markjelkevatnet til:

…Hundsøyra.

Det er og ein tur eg ikkje har gått enda, men som står på «bucketlista» 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.