Det har ikkje blitt mykje padling i år – den Lille Gule er nærast blitt ein landkrabbe 😉 Faktisk har han berre hatt vatn ein gong under kjølen inntil fredagsettermiddag, då kom han endeleg på vatn igjen 🙂
I Norwater er vi fire damer, tre av dei padlar kajakk – den fjerde må på kajakkurs før ho anar 😉 Vi har snakka om felles padletur lenge, men har ikkje klart å få satt planane ut i livet. På torsdag derimot, vart vi, kjapt og gale, einige om at det vart felles padletur på Opsangervatnet fredag etter jobb.
No har vi hatt nokre fine haustdagar med sol, men på fredag regna det sjølvsagt. Men det var vindstille, så då gjere det ingenting å padla i litt regn. Og så hadde jo Terese tatt ansvar – eg fekk utlevert både tørrdrakt og sydvest :-).
Vi parkerte ved rohuset ved vatnet. Der er det greit å koma seg i kajakken uansett om du vil leggja ut i frå stranda eller kaien.
Vel plassert i fartyet oppdaga eg ein blindpassasjer. Skjebnen til denne er noko uviss – Terese meinte han gjekk ein sikkert død i møte, eg trur han klarte å ta ei eskimorulle og padla seg til lands att….
På veg inn vika mot Kvinnherad Vidaregåande Skule. Det regna godt, men var heilt stille på vatnet, så vi trong ikkje leggja mykje kraft i padletaka for å gli framover i vatnet 🙂
Det er ikkje ofte eg ser nokon som padlar på Opsangervatnet. Det er litt rart, for det er kjempefint å padla her. Masse «krinkelkrokar», men og eindel steinar. Dei må ein vera litt obs på – ein kan fort stå på «land» 😉
Kajakkselfie 😉
Vannliljer, eller Påskeliljer, som ei av damene valgte å kalla dei.
Brått slutta det å regna, og då vart det….
….blikkstille på vatnet 🙂
To relativt nøytrale damer…
…..og eh, ja, ei som søker litt meir oppmerksomheit 😉 Her i lånte fjær, for ikkje å seia klær – særdeles kledeleg sydvest, ser eg. Eg syntes han var litt stor, inntil det vart påpeika at eg hadde tatt den på bakfram 🙂 🙂
På veg i retning Jonas Lie-Holmen, eller Ja-Holmen.
Vi diskuterte om vi skulle gå land på holmen og eta nista der, men valgte å stå over. Det er litt kronglete å koma seg i land, og no regna det igjen – MYKJE! Men no veit iallefall Ingrid kor holmen er, det var ho ikkje heilt sikker på at ho visste før turen 🙂
Vi padla difor mot «land» igjen, og stranda rett bortanfor rohuset.
Her ankra vi opp og åt nista under ei furu 🙂
No gjenstod det berre å padla det vetle stykket bort til kaien igjen, så var turen ferdig.
Til tross for at det vart ein litt våt tur, var alle tre einige om at vi hadde hatt ein fin padletur, og at slike turar må vi klara å få til fleire av 🙂