Bålkos :-)

No er det haust, vi har passert 15. september og det er endeleg lov å ta fyrstikker med seg i skogen att 🙂 I går sat eg på kontoret mitt, kikka på det fine veret utanfor vindauga og vart skikkeleg bålsjuk. Heldigvis kjenner eg ei som er enda meir gira på bål enn meg, så det kom eit kjapt svar i  frå Ann Irene når eg spurte om ho vart med på båltur: «JA!»

Vi pakka sekkene våres etter jobb og strauk rett opp i Eikedalen. Her fann vi ein koseleg plass i elva og fekk fyr på bålet. Her kjem ein overdose bileter av bål og pølsegrilling – og med ein skikkeleg godbit på slutten 😉

Her kjem godbiten: MARSHMALLOWSBOLLE!!!

Mmmmm….dette var sjukt godt!

Pakk ein marshmallow inn i pinnebrøddeig….

….steik på bålet….

…..og digg inn 🙂 Så enkelt og så godt! Neste gang skal eg snika inn ein sjokoladebit óg 😉

Det blir fort mørkt om kveldane no…

….Vi måtte bruka lommelykta på mobilane våres frå Flåtene og ned til bilane  – på tide å leggja hovudlykt på plass i sekken 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.