Mor og far har vore gift i heile 50 år i desse dagar. Store dagar plar bli feira med rundturar i Hardanger, men i år vart det så mykje om og men, at til slutt fekk dei kun eit alternativ: Skulle det feirast fekk dei ta til takke med ein runde i sportsløypa i Sjøvangen på Halsnøy 🙂
Det vart faktisk godkjent og på søndag var heile familien Glum, minus Stian, som reiste på jobb, klar for utflukt. Sjølv køyrer eg jo til Høylandsbygd på jobb kvar dag, men eg kan ikkje skryta på meg å vera altfor kjent på Halsnøy likevel.
Vi kunne ikkje vore heldigare med veret denne dagen – det vart jo reine sommardagen 🙂 På veg til Sjøvangen, tok vi ein kjapp stopp…
….ved Gravdalsvatnet. Her har dei nemleg satt ut nokre….
….fine, små hus på flytande øyer i vatnet 🙂 Desse måtte eg jo visa til resten av gjengen.
Det var neste fullt på parkeringsplassen då vi parkerte ved sportsløypa. Men dei andre som var der akkurat då, var ferdige med runden sin, så vi fekk faktisk heile løypa for oss sjølve 🙂
Familien Glum i godt sig 🙂
Det tar berre nokre minuttar å nå fram til denne fine grillhytta…
….med utsikt til hengebru, disser og div. klatreting i trea 🙂 Denne plassen fall i smak hos både store og små 🙂
Heile gjengen vart jaga utpå brua for fellesfotografering 😉
Blinkskot! Eg er jo så glad kvar gong eg ser eit tau eg kan klatra i 🙂 Det verste her er at eg ikkje kom meg ned! Eg trur eg valgte feil tau med for stor avstand mellom knutane 😉
Vidare slynger løypa seg nedover i retning…
…..sjøen.
Det er satt ut mange bord og stolar rundt heile løypa, så ein kan nærast setja seg ned kor som helst. Her ved enden, før løypa svingar tilbake til parkeringsplassen, var det til og med ei bok vi kunne skriva namna våre i.
Alle syntes denne sportsløypa var kjempeflott å kjekk å gå, og enda såg det ut som om dei hadde planer for å få på plass fleire aktivitetar. Eg ynskjer meg ei slik løype ved Kalkestasjonsområdet i Uskedalen 🙂
No var alle svoltne, men sidan vi ikkje hadde tatt med maten på denne runden, vart vi einige om å køyra tilbake til Gravdalsvatnet og eta der.
Litt bobler hører til når ein feirar gullbryllaupsdag 🙂
Rundstykker og pastasalat stod på menyen.
Vi kosa oss her i sola 🙂
Milo og kosa seg på tur…
Mykje nytt å snusa på 🙂
Etter pastasalat og rundstykker vart det bestemt at vi skulle køyra vidare til Halsnøy Kloster og ta kaffi og kaker der. Det var jo så fint ver og ingen hast med å koma seg heim.
Ein rask tur nedom Norwater for å visa kor eg jobbar, ei ispause på Mett og God…
…og så entra vi Klosterhagen 🙂
Ein ensom munk går igjen her 😉
Kaffi, lappekaker og div. sjokolader naut vi her på kaien nedanfor Klosterhagen 🙂 Strålande flott 🙂
No var vi nøgd med dagens utflukt, og syntes vi hadde klart å fått gjort og sett mykje. Det er enda mange plassar å utforska på Halsnøy, men det får bli til ein anna gang 🙂
Halsnøy er ei lita perle, og no som tunnelen er blitt gratis, er det berre til å ta turen å kikka 🙂