Gråfjell ein nydeleg haustdag!

For ei fantastisk hausthelg dette har vore 🙂 Sol, blikkstille sjø, klar, skarp luft og ikkje eit vindpust i fjellet 🙂 For min del starta helga, nokså uventa, med eit frieri på Instagram 😉

Kjærleik ved fyrste solnegang? Instant love? Nuvel, eg er litt for lite impulsiv av meg, så dette kom for raskt – så eg takka høfleg nei 🙂 Då kom det ei privat melding «I’m a good man» 🙂 Eg tvilar ikkje, men valgte å oversjå den – neste melding hadde vel vore om han kunne få litt pengar av meg til sin syke mor/flybillett/dokumenter for å koma seg utav Iran etc. 😉 Eg er ikkje giftesjuk at eg ikkje gjenkjenner ein «Nigeriasvindel» når eg ser ein 😉

Så i stadenfor å pakka ein litt for stram bunad i ein koffert og hasta avstad til Iran….

……starta eg laurdagsmorgon med å køyra til endes av Uskedalen. Sjå kor flott – eg måtte beint fram stoppa å ta eit bilete.

Ann Irene og eg hadde planlagt å endeleg finna stien til Tverrfjell 🙂 Vi prøvde det same i fjor, men då mista vi den. Men vi veit no kor vi mista den, så denne gangen var vi sikker på at vi skulle gå rett 🙂

Som alltid flott utsikt mot Ulavanåso og ned mot Fjellandsbø frå skogsvegen opp frå Friheim.Det var varmt, men vi syntes vi hadde halde eit bra tempo opp skogsvegen. Frå toppen går vi ut mot Uskedalen igjen, over ein bekk, og så er vi på stien. Her har vi gått mange ganger, så akkurat her gjekk vi på autopilot 🙂Utsikt ned mot Uskedalen.

Fyrste gang vi skulle på Tverrfjell denne vegen, hadde vi ingen peiling på kor vi skulle gå. Den gang gjekk vi på måfå og kom opp til eit vatn midt mellom Gråfjell og Tverrfjell. Vi gjekk då rett veg mot Tverrfjell, men snudde oss, såg rett på varden på Gråfjell – og gjekk då dit. Det var slik vi oppdaga Gråfjell – vi trudde jo vi var på Tverrfjell. Neste gang vi skulle på Tverrfjell denne vegen, haldt vi litt lenger til venstre og skråa litt mot høgre. Då kom vi opp på akkurat same plass – ved vatnet midt mellom Tverrfjell og Gråfjell. Vi gjekk då til Gråfjell igjen. Då vi skulle til Tverrfjell i fjor, holdt vi så langt til venstre at vi faktisk etterkvart kom inn på stien til Tverrfjell, men vi gjekk sjølvsagt bort til Gråfjell etterpå. Innerst inne visste vi begge to igår og, at utansett om vi fann stien til Tverrfjell eller ikkje, så kom vi til å hamna på Gråfjell i laupet av dagen óg.

No stod vi der vi hadde mista stien sist og såg tydeleg kor den gjekk vidare. Men såg det ikkje veldig fint ut å gå opp på den næraste toppen og fylgja fjellet andre vegen istadenfor- altså mot Matrefjorden?? Då kjem vi nok opp på Gråfjell, men kom vi ikkje til å gå dit uansett? Det var vel det same kva fjell vi tok fyrst? Vi kunne finna stien ned i frå Tverrfjell når vi skulle på heim?

Jo, dette vart vi einige om – så no var vi faktisk klar over at vi flytta turmålet frå Tverrfjell til Gråfjell.

Det var veldig fint å fylgja fjellet utover. Vi fann til og med ein sti. Litt usikker på om det var eit dyretråkk eller menneskeskapt sti, eg trur faktisk det siste 🙂

Fin utsikt mot ut fjorden mot Skånevik.

Som vanleg trava Ann Irene avgårde, medan eg dingla etter i mitt snigletempo. Eg syntes likevel det var veldig fint å gå her og det gjekk greit.

Etter ei stund var vi komen så langt ut fjellet at vi måtte snu og gå på oppatt, og trur dåke ikkje vi enda opp….

…..her ved vatnet midt mellom Tverrfjell og Gråfjell 😉

Vi var einige om at dette hadde vore den enklaste måten vi nokon gong hadde kome hit. Likevel, no kjente eg turen godt i beina – dei var rett og slett ikkje heilt forberedt på denne turen, trur eg. No var ikkje valget vanskeleg….

….vi kikka opp på Tverrfjell, men snudde om og gjekk mot Gråfjell 🙂

Vi gjekk «Uskedalsida» – den med små vardar. Hadde vi godt rundt vatnet hadde vi etterkvart kome inn på den T-merka stien som kjem opp frå «Omvikdalsida».

Utsikt rett bort på ei knallkvit Folgefonna.

Andre vegen utsikt mot Ulvanåso.

Etter ikkje altfor lang tid…

….kom vi opp til varden på Gråfjell, og kunne knota ned namna våres i boka 🙂

Vi har mykje utsikt i frå denne toppen…

…. bort i Tveitedalen og ut Matrefjorden mo Skånevik. Ser dåke forresten ansiktsprofilen i biletet?

Fjellhaugvatnet…

….og til og med heilt inn til Nautavatnet!

Folgefonna…

….ned til Uskedalen…

…og så hadde vi sjølvsagt utsikt rett mot Tverrfjell! Men no sa min kropp heilt stopp, takk for seg og adjø – eg var heilt tom og tappa for energi og motivasjon! Antagelegvis ein kombinasjon av å ha gått med sola rett i mot heile turen, for lite drikke, og skipping av frukost. Det siste visste eg jo var tåpeleg gjort, men eg hadde ingenting eg hadde lyst på heime… Det viste seg jo då å vera ei megatabbe – ein energibar og banan på veg opp, var altså ikkje nok til å halda meg i gang.

Så medan Ann Irene trippa etter å koma vidare, sat eg meg heilt på bakbeina. Dermed vart det til at vi vart einige om at ho kunne ta turen til Tverrfjell, medan eg tutla meg ned til vatnet. Så kunne vi eta nista vår i lag der når ho kom ned i frå Tverrfjell.

Her fer ho avgårde. Ho må eit godt stykke nedover fjellet på høgreside mot Omvikdalen før ho går på oppatt fjellsida til høgre. Eg var særs nøgd over å sitja igjen og berre sjå på 🙂

Etterkvart byrja eg å tutla meg sakte, men sikkert ned mot vatnet igjen (ikkje det på biletet over – det var litt lenger å gå)…

….og fotograferte litt på min veg 🙂

Ein og anna gang, sat eg meg på ein stein og kikka etter Ann Irene. Eg fekk ho i syne innimellom, og kunne fylgja med ho opp fjellet. Akkurat i det eg kom ned til vatnet, såg eg at ho kom til toppen av Tverrfjell.

Eg skulle jo eigentleg venta med nista til ho kom ned att, og det kom jo ikkje til å ta så lang tid no. Men no var eg ikkje berre tom for energi, hovudverken slo ut og eg kjente kvalmen byrja koma – her var det berre å få i seg mat medan eg kunne, i håp om å avverga ei «katastrofe». Vatnet mitt hadde eg allereie tømt i meg – no slurpa eg i meg resten av Pepsien og ein oversøta solbærtoddy. Trødde i meg to skjever med eggerøre og opna ein pakke salte fiskar. Det gjorde godt! Etterpå seig eg ned i lyngen, lukka augo og tok meg ei godt kvil i sola.

Det tok ikkje lang tid før Ann Irene dukka opp. «Versogod – maten er servert», berre peika eg medan eg framleis låg med augo lukka. «Leirplassen» såg heilt bomba ut – eg hadde strødd alt rundt meg akkurat der det hamna då eg stupte ned i sekken etter maten.

«Eg har ikkje lyst å gå heim! Kan du henta teltet til meg?»

» Har du det i bilen?».

«Ja, det trur eg faktisk eg har.»

«Du har ikkje soveposen der og, vel?»

«Jo, det trur eg faktisk eg har.» (Eg la ikkje til at eg og har hengekøye, solstol, padleårer, redningsvest, ein sekk med ved…i bilen…)

Men noko stor vilje til å henta dette, viste Ann Irene ikkje, istadenfor tilbaud ho meg ein paracet og to. Og akkurat no var vel det vel å bra 🙂

No var det berre å håpa at den virka fort nok, og lenge nok, til at eg kom meg ned frå fjellet igjen – og det gjorde den 🙂 Medan eg nærast byrja tilbaketuren i søvne, kvikna eg meir og meir til dess lenger ned vi kom. Og då eg kom til bilen var eg, trøyt i kroppen, men kvikk i hovudet 🙂 Og det var endeleg bra, for no skulle eg berre heim og dusja, få i meg litt meir mat, handla litt, for så og avslutta dagen og kvelden….

….med litt godt i glaset på kaien hos Marit og Egil ;-)(Og då kom i allefall formen seg 😉 )

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.