Midtbotnavatnet frå ein ny vinkel!

Å, det er så mykje ver for tida! Sol, regn, skyer, blå himmel, grå himmel, stille, vind – skikkeleg haust, med andre ord. Så mange turar har det ikkje blitt i det siste – kun korte turar rundt bygda, til Kalkestasjonen og ein og anna tur til Storhaug evt. Hauglandsfjellet. Men dei turane har eg skrive om så mange ganger før, at det kjem eg rett og slett ikkje til å bry meg meir med – med mindre det skjer noko ekstraordinert på turen 🙂

Denne helga har vi fått beskjed om å skalka lukene, då det visstnok skal koma ekstremt mykje regn. Foreløpig skin det sol….

Det gjorde det faktisk sist helg óg, så då nytta Ann Irene og eg moglegheita for endeleg å koma oss opp i fjellet igjen 🙂

Planen var å køyra til Vetrhus, gå ein tur langs stien til Eikemo og Vetrhusvatna, for så å kosa oss med eit bål og pølsegrilling ikkje så langt i frå der vi parkerte. Litt late er vi blitt på våre gamle dagar – vi orkar ikkje bera ved med oss så langt.

Men då vi kom opp til Vetrhus var brua i bruk som sauesankingsgarde, så då vrengte vi bilen om og køyrte enda lenger inn i Blådalen.

Dermed enda vi opp med å parkera ved foten av Blådalshorga. Sjølv om vi er godt kjente i Blådalen, er det framleis utruleg mange stader vi enda ikkje har vore, og dette var ein av plassane vi ikkje hadde sjekka ut før.

Vi tippa at det låg nokre småvatn i terrenget hvis vi fylgde stien mot fjellet, og at vi kanskje kunne finna ein fin plass å tenna bål. Sidan vi og såg at det ikkje kom til å bli ein kjempelang tur, putta vi difor litt ved i ein pose og bar den med oss 🙂

Vi fekk veldig raskt rett – vi hadde ikkje gått veldig høgt opp i terrenget før vi møtte på vatn. Her ser det ut som om ein kan gå over på midten, det kan ei ikkje. Berre nokre meter til høgre for bileteutsnittet er det… rett i fjellveggen, så vi gjekk langs den og langs vatnet….

…..for så å peisa rett opp eit slags skare.

Eg er ikkje kjempegod i geografi, men eg rekna med at vi no kom til å enda opp ved kanten av Midtbotnavatnet…

….og traff blink 🙂 Og sjølv om det pågjekk sauesanking i heile Blådalen, var det enda nokre dyr igjen som ikkje var henta 🙂

Her var det vel flott! Heilt stille og ingen vind 🙂 Og vatna låg heilt…

..spegelblanke 🙂

Vi fann oss ein fin plass kor vi kunne kikka utover vatnet…

…..og Ann Irene gjekk straks igang med å fyra opp eit bål…

….medan eg kunne slengja meg ned og berre slappa av…

….nyta utsikta utover vatnet og rett bort på Møsebreen 🙂 Tenk det er ikkje lenger sidan enn tidleg august eg gjekk tur til Svelgabreen langs fjellsida midt i mot på biletet her – og då var det framleis nesten ikkje vatn der!

Sidan vi hadde gløymt avis/opptenningsved, og måtte ta til takke med ein rull dopapir, var Ann Irene litt pessimistisk når det gjaldt å få fyr på bålet, men…

…..eg var jo aldri i tvil om at ho kom til å få dette til 🙂 Ser ikkje dette koseleg ut? No var det lenge sidan vi hadde laga bål og grilla pølser på tur, så dette gleda vi oss like mykje til begge to 🙂

Mmmmm….dette er kos 🙂

Vi åt vel litt i overkant av det vi burde begge to, berre fordi det var så kjekt å sitja rundt eit bål igjen 🙂 Så mette på grillpølse vart vi at vi ikkje hadde plass til litt sjokolade til dessert eingang 😉 Men vi fekk tilslutt stabla oss på beina for å gå vidare og prøva å koma oss tilbake til bilen ein anna veg enn vi kom.

Fyrst måtte vi slukka bålet. Eg har litt angst for å vakna opp til avisoverskifter om at heile fjellet er svidd ned…Og eg kvapp litt då eg dagen etter kunne lesa at ei hytte hadde brent ned i Kvinnherad, men kunne pusta ut att då eg såg det var langt i frå Midtbotnavatnet 😉

Eg heiv litt vatn på bålet så røyken stod rundt oss, og fekk jo då den geniale ideen: «Ann Irene, kan ikkje du stå DER når eg hiv vatn på bålet?» Det var vel meir ein kommando enn eit spørsmål….

….så ho turde jo ikkje gjera anna enn det ho fekk beskjed om 😉

No skal eg sjå om eg ikkje kan tjena litt pengar på ho og leiga ho ut som vikar for denne karen til Highasakite 😉

Vi fylgde fjellsida langs vatnet…

….her har vi Midtbotnavatnet på høgre sida, ser ned på demninga i midten, Blådalsvatnet nede til venstre og Møsebreen midt i mot 🙂

Eg meinte hardnakka at når ein står nede på demninga, så ser ein rett opp på ei lita hytte/sikringsbu – og at den då måtte vera her oppe ein eller anna plass….

….og eg hadde rett (igjen) 🙂

Denne hytta er ikkje open, så då var det godt av vi ikkje var ute etter å finna ly denne dagen.

Vi gjekk vidare herifrå, fylgde fjellet litt lenger ut til vi svinga og gjekk på «ut» att. No gjekk vi langs fjellkanten ovanfor bilvegen.

Hallo, lille ven – kva i alle dagar gjer du her? Det er sikkert med trer som med oss mennesker – nokon berre SKAL bu der ingen kunne tru at nokon kunne bu 😉

Nede ved kraftlinjene står bilen parkert. På biletet ser det ganske enkelt ut å koma seg ned fjellsida her, men i verkelegheita er det ganske bratt og ulendt. Vi valgte likevel å sjå etter ein plass å koma oss ned til vegen her. Hvis vi gjekk vidare langs fjellet, kunne det henda vi risikerte å måtte gå heile vegen tilbake og koma ned dit vi kom opp.

Etter litt fram og tilbake, fann vi ein farbar veg ned her 🙂 I ettertid såg vi at vi hadde klart å koma oss greit ned om vi hadde valgt å fylgja fjellet utover enda lenger og. Så veit vi det til ein anna gang 🙂

No var vi ned på vegen og kunne spasera den korte biten tilbake til bilen. Frå der vi stod parkert…

…kunne vi kikka rett bort på Gygrastol – her kraftig zooma inn, sjølvsagt.

Så lang tur vart ikkje dette, men det var ein fin og kjekk tur. Vi er litt lei av å gå dei same turane igjen og igjen, så det er kjekt å gå på slike oppdagelsesturar av og til 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.