Det var ikkje heilt sant det eg skreiv i forrige innlegg – at bobler kurere det meste 😉 For i tillegg til vond rygg klarte eg jo å bli snylta forkjøla! Dette førte til 14 dagar kun tilbrakt på jobb og på sofaen. Det var 14 skrekkeleg kjedelege dagar, så når eg i midten av forrige veka kjente at formen byrja å koma seg, sendte eg ei melding til Jorunn og gav beskjed om at om ein dag eller to så var eg klar for tur igjen. Då tok det ikkje lange stunda før eg mottok meldinga: «Hyttetur og pinnakjøt i Fyderdalen til helga?»
Eg trong jo ikkje lange tida på å svara ja til det 🙂 Men var eg eigentleg i form til det? Eg var ganske spent på korleis dette skulle gå. Det er jo berre ein månad sidan eg var på min fyrste tur til Fynderdalen, og den syntes eg var tung. Sidan den tid hadde eg altså slete både med vond rygg og forkjølelse….
Då lørdagen kom tok eg ut ein times tid før Jorunn og Svein Vidar, slik at eg skulle få eit lite forsprang inn mot Bondhusvatnet. Eg måtte sjekka om eg i det heile tatt klarte å gå med sekken på ryggen. Litt over kl .15 byrja eg å tusla innover dalen.
Sekken ser ikkje SÅ stor ut, men den var tung nok 😉
Det gjekk veldig greit å koma seg inn til vatnet. Eg kjente det jo i ryggen, men ikkje slik at det plaga eller hemma meg. Eg tok meg ei lang og god kvile før eg gjekk vidare. Akkurat i det eg hadde fått på meg sekken igjen, kom det melding i frå dei andre om at dei parkerte i byrjinga av Bondhusdalen. No var klokka blitt ca. 1600.
Det ser ikkje så langt ut, men det er ganske drygt å gå langs vatnet bort til stien opp til Fynderdalen. I tillegg er det ganske ulendt å gå. Det hadde vore kjekt om ein kunne oppgradert vegen litt så den ikkje var så steinete 🙂
Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv – eg la igjen nokre hint langs vegen til dei som kom etter meg 😉 Eg syntes hinta om kva som venta dei lenger framme var innlysande – men dette skjøna dei ikkje bæret av 🙂
Då eg byrja gå på opp, var det så tungt at eg skjøna at her var det berre for meg å koma meg så langt oppover fjellsida eg kunne før dei andre tok meg igjen.
Eg pusta, eg pesa og eg sleit meg sakte, men sikkert oppover stien. Innimellom, eller eigentleg heile tida, lurte eg på kva i all verda eg tenkte på som hadde sagt ja til denne turen??!! Så hang eg over staven min, lente meg mot div. trer og heiv etter pusten.
Eg hadde jo tenkt å setja opp lapperiaen min, men fann ut eg kunne jo ikkje stoppa midt i brekka – eg fekk koma meg opp til den fyrste myra før eg stoppa. Og, endeleg kom eg opp til «fyrste kvila» – eg har lært at det er det dei lokale kallar plassen.
Klokka blitt ca. 1720 allereie og hovudlykta måtte fram. No hadde eg ikkje tenkt å gå lenger før dei andre kom. Så då sat eg der i myrket og venta. Kikka nedover lia og såg om eg såg noko lys lenger nede i fjellsida og håpa på at Svein Vidar ikkje hadde ein snarveg langs elva som eg ikkje visst om, slik at dei skulle koma seg usett forbi meg 🙂
Det hadde han ikkje, for etter 20-30 min. høyrte eg «ho-ho» litt nedanfor meg, og der kom dei sigande 🙂
Dei måtte jo og få ei pause – og då kunne eg ta fram dei nysteikte lappane mine og spandera med jordbærsyltety på. Og då gav endeleg dei gule lappane dei hadde funnet langs stien sjølvsagt meining 😉
Men det var jo enda langt igjen til hytta. Svein Vidar gjekk i lag med oss over myra til vi kom på stien igjen. Då gjorde vi sjakktrekket å sendte han i førevegen for å få fyr i omnen og maten på kok til vi kom opp 🙂 Og medan han spratt avgårde, sleit Jorunn og eg oss vidare. Det var i grunnen ei lukka at det var bekmyrkt rundt oss så vi berre såg ein meter framfor oss – då slapp vi å sjå kor langt vi hadde igjen 🙂
Eg syntes det var eit forferdeleg slit – det er noko med denne fjellsida som syg kreftene utav ein.
Yohoo! Endeleg – aldri har eg vore så glad for å sjå ei hytta i heile mitt liv!!
Sekken gjekk rett i bakken og eg la meg flat på benken – no måtte kroppen brettast ut og på plass før eg kunne gjera noko meir….
…Jorunn var og veldig glad og stolt over å vera framme 🙂
Vi ankom ca. 40 min. etter Svein Vidar, så han hadde allereie fått varme i hytta – og så lukta det jul 🙂 Pinnakjøtet var kome i panna 🙂
Sjølv om det var byrja bli bra varme i hytta bestemte vi oss for å tenna eit bål og sitja ute ei stund. Det var jo slik ein flott kveld – opplett og heilt vindstille. Sjølvsagt heilt motsatt av det vermeldinga meldte….
Bålkos 🙂
Men om det var aldri så fint ute, så vart det kaldt etterkvart. Og vi kunne jo ikkje sitja ute heile kvelden når vi hadde ei varm, koseleg hytta tilgjengeleg 🙂
Sjekk dei deilege tøflane! Og sjå kor fint julatre Svein Vidar hadde satt fram 🙂
Mmmm…..no byrja vi å bli skikkeleg svoltne!
Hyttegeneralen/kokken hadde høgtlesing frå hytteboka før maten…
….Jorunn gleda seg skikkeleg til å kunne forsyna seg – det gjorde vi alle 🙂
Kokken hadde gjort ein utmerka jobb – minst 5 Michelin stjerner!
Kokken sin tallerken – eg trur ikkje det er mange som et pinnakjøt med «klatrekniv» 😉
LO salt – vi var litt usikre på kor gamal denne boksen kunne vera 😉
Åååååå, så vertskapet kosa seg 🙂 Dette var før eg vart litt streng og gav beskjed om at vi ikkje et julemiddag med capsen på 😉
Ja, dette var jammen verdt alt strevet med å koma seg opp! No var alt berre velstand – og stappmette vart vi! No var det berre eit problem – korleis skulle vi få plass til desserten??? For kokken hadde sjølvsagt mekka dessert og – multekrem – nypiska på plassen!
Det var ikkje anna å gjera enn å la maten siga litt og så….
…heiv vi oss i det. Yum- nok ein innertiar 🙂
Underhaldning hadde vi óg. På Dabradioen kunne vi velgja om vi ville høyra på trafikkmeldingar i frå Sogn og Fjordane eller NRK på Dansefot 🙂
Varm hytte, god mat, dansebandmusikk og slitne folk – det tok ikkje lang tid før det seig på. Då var det berre til å finna fram soveposen og krypa til køys.
Kl. 0700 om morgonen høyrte eg at Jorunn var på beina og romsterte i hytta, så då var det på tide for meg og å stå opp. Dvs. eg venta jo til ho hadde fått fyr i omnen igjen 😉 Svein Vidar måtte ha nokre kaffikoppar servert på senga før han dukka opp.
Koking av kaffi på morgonkvisten 🙂 Det ser jo ut som om det var veldig kaldt når Jorunn sit med dunjakka på, men det var nok fordi ho sprang litt inn og ut. Det vart slett ikkje så kaldt inne som vi kanskje hadde trudd det skulle bli når omnen slukna om natta.
Morgonstemning.
Det smaka godt med ein kopp varm solbærtoddy.
Vi stressa ikkje med noko denne morgonen. Ingen hadde det travelt og alt vi hadde på programmet var å gå ein tur på Hovden før vi skulle heim. Men fyrst måtte vi ha litt frukost. Eg hadde tatt med egg, og då vi hadde gått igjennom alle måtane dei kunne tilberedast på, enda vi opp med at vi gjekk for kokte egg – det enkle er ofte det beste 🙂 Men, hadde vi eggeglas på hytta???
Jorunn kikka i skapet….
….og ja, om det var noko hytta var utstyrt med, så var det i allefall eggeglas 🙂
Så då vart det hardkokte egg til frukost 😉
Etter mat heiv Jorunn seg i oppvasken…
….dette var visst så kjekt at eg trur ho vaska same kjørel både to og tre gonger 🙂
Eg skal ikkje lyga på meg at eg bidro med så mykje på denne hytteturen. Eg fekk tre oppgåver – ha posane med kålrabistappe i vatnet når det koka, ha egga i vatnet når det koka…
…..og å henta ved som skulle liggja klar til nestemann som skal bruka hytta 🙂
Legg dåke merke til «multitaskinga» bak meg?
Vedfyring, matlaging, skotørking og filletørking 🙂 Akkurat slik det skal vera på ei koseleg hytta 🙂
Hyttegeneralen får seg ein velfortjent kaffitår før vi skulle ut på tur.
Omsider gjorde vi oss klare for tur. Det var ikkje noko lang tur vi skulle ut på, Hovden ligg omtrent 400 meter i frå hytta. Difor var det berre ein kort gange før dette openberra seg…
….brått stod vi på kanten av eit stup og såg rett bort på Bondhusbrea!
Det var eit mektig syn – så nære brea har eg aldri vore før! Og for ein fantastisk blåfarge det var på den!
Vi var igrunnen heldige som fekk sjå dette. Akkurat i det vi kom bort på kanten såg vi at det seig på eit verskifte – skodda og snø/regnet kom i ein voldsam fart oppetter dalen. Så sjølv om vi ser ganske avslappa ut på bileta var vi litt stressa: «No må vi skunda oss, ta bilete, ta bilete før skodda kjem!». Ja, for det tok kanskje berre eit minutt eller to, så såg det slik ut…
….ikkje same utsikta no 😉
Vi tok ein tur litt lenger fram på Hovden. Der skal ein eigentleg kunna kikka ned på Bondhusvatnet…
…..men det var ikkje mykje utsikt nett no.
Vi vandra difor tilbake til «stupet».
Jorunn rigga seg til og serverte kakao og restane av lappane mine. Vi kunne velgja om vi ville ha jordbærsylta forma som ein alfakrøll eller Gnøkkel. Heldigvis gjekk vi for alfakrøll, for den Gnøkkelen hadde ho ikkje heilt taket på 😉
Veret letta litt igjen medan vi stod her, og…
…då kunne vi igjen sjå rett bort på brea. Ser dåke det berømte vindauga i fjellsida? Eg har aldri sett det før og visste ikkje at det var der det var, så det var kjekt å sjå.
Sjølv om veret letta, så vart det brått mykje kaldare. Vi pakka difor saman sakene våres og vandra tilbake…
…mot Fynderdalsvatnet og hytta.
No gjenstod det berre å pakka sekkane og rydda hytta før vi kunne ta ut på heim. Denne gangen var det Jorunn og eg som gjekk i førevegen, og så vart Svein Vidar igjen og tok siste shining i hytta og stengte ho igjen…
….for vinteren.
På heimveg.
Jorunn skuar utover Bondhusvatnet frå «fyrste kvila».
Her tok Svein Vidar oss att, så då kunne vi gå siste biten ned og langs vatnet i lag.
Det er ikkje mykje ein ser av Bondhusbrea i frå vatnet lenger. Eg er glad eg fekk sjå den i frå ein anna stad og vinkel i helga 🙂
Det tar på kroppen å gå på ned og så ca. 5 kilometer på veg og, så eg var bra sliten når vi endeleg kom fram til bilane. Men, ein skal jo kjenna at ein har vore på tur! Vi hadde det jo så kjekt og koseleg på hyttetur at det var verdt all slit, strev og smerte 🙂
Eg har eit håp om at eg skal får vera med på denne turen fleire ganger – vi har vel bestemt oss for at det må bli ein årleg tradisjon å ta pinnakjøtspretten på hytta i Fynderdalen 🙂 Eg gledar meg allereie 🙂