Jepp – i helga har eg vore på firmatur til Gdansk 🙂 Men sidan vi ikkje blandar business og pleasure her på Bobla blir dette eit litt sensurert innlegg både når det gjeld tekst og bileter 😉 Nokon hadde reiste ned til Gdansk onsdag kveld, medan resten av gjengen reiste ned fredag kveld. Eg var utnevnt til reiseleiar, sidan eg tross alt kan kalla meg Reiselivskoordinator med EDB, men der gjekk eg på den eine smellen etter den andre, gitt. Den fyrste smellen var jo at eg ikkje stilte med paraply, og det sjølv om det regna bøtter og spann på fredag! Ein reiseleiar stiller jo med paraply uansett ver…
Så hadde eg kopiar av alle billettane til gjengen i tilfelle nokon hadde gløymt å skriva ut den. Dvs. eg mangla ein returbillett, og det var sjølvsagt returbilletten til den eine personen som ikkje hadde fått skrive ut billettane sine. Dette vart heldigvis oppdaga tidleg, slik at billetten vart skrive ut før heimreise…
Men heile hurven kom seg i allefall på flyet….
….og på ein-to-tre så var vi brått i Gdansk.
Reint bortsett frå at det var skrekkeleg varmt i flyet og serveringa gjekk litt treigt, så gjekk det heilt fint å reisa til Gdansk i frå Haugesund med Wizzair. Kjapt og greit.
Gjengen som allereie var i Gdansk hadde ordna skyss til oss frå flyplassen til hotellet, og her kom den neste smellen – då taxisjåføren spurte kor vi skulle, hadde eg inga aning. Det hadde heldigvis dei andre, og eg har no ein mistanke om at sjåføren eigentleg visste det og.
Vel framme på hotellet, fekk vi berre tid til å få setja i frå oss bagasjen på romma før vi måtte skynda oss til restauranten vi hadde bestilt plass på i Gamlebyen. Det var ein koseleg restaurant nede ved elvekanten. Eg hadde bestilt vegetarretten og akkurat no er eg litt usikker på kva eg åt, men ein av rettane var i allefall…
….gresskarsuppe! Den ser kanskje litt kjedeleg ut, men den var veldig god. Det er fyrste gang eg har smakt dette, men det kan eg gjerne smaka igjen 🙂
Ellers så bestod menyen av så mange rettar at når hovudretten kom så var mange allereie blitt ganske så mette. Nokon av oss som hadde vore tidleg oppe, på jobb og på reis byrja å bli litt segne og. Eg, for min del, hadde jo, som seg hør og bør når eg skal på utanlandsreise, ein smule tannverk i tillegg. Dette er jo heilt normalt – andre får reisefeber, eg får tannverk. Eg burde ha bestilt tannlegetime med ein gong eg fekk vita at eg skulle til Gdansk…
Dette var nokre dagar før eg skulle til Barcelona: http://anitasboble.blogspot.no/2012/07/men-i-svarte-fada.htm
Og her før eg skulle til Lisboa: http://anitasboble.blogspot.no/2013/07/tradisjonar-er-viktige-halda-pa.html
Okkesom, eg syntes det var heilt greit å ta kvelden etter middagen og heller lada opp til lørdagen. Vel tilbake ved hotellet traff vi på eit par som og var på veg heim etter ein kveld på by’n. Og det var vel no det gjekk opp for meg at det faktisk ikkje var ei skrøna dei andre hadde funnet på når dei hadde opplyst oss om at vi delte hotell med 130 nordmenn på swingerstreff!!! No har ikkje eg noko kjennskap eller erfaring med miljøet som driv med slike eh…danseaktivitetar…eh…så eg må vedgå at eg sikkert har litt fordommar. Eg trudde kanskje at dei som var i dette… eh…dansemiljøet…eh… var litt diskre, sneik seg langs veggane etter mørkets frembrudd ikledd lang frakk med høg krage etc. etc., men så feil kan ein ta – her var det åpne sluser og ingen diskresjon! Ja, ja, kvar sine lyster. Om noko er interessert så har vi fått beskjed om at neste eh….dansetreff..eh.. er i mars 2018. Eg har diverre ingen kontaktinfo, så det må dåke nesten klara å finna sjølve 🙂
Vakna på lørdag og tok det heilt piano – vi hadde jo fått greia på at 11. november er ein av to nasjonaldagar i Polen – og då er alt bortsett frå restaurantane stengt!!
Utsikt frå hotellrommet rett bort på det stengte shoppinsenteret…
Det var ikkje så stor krise for dei shoppingglade likevel, for vi fekk jo vita at i Polen har dei søndagsope 🙂
Men då måtte vi jo finna på noko anna enn å springa i butikkar. Vi delte oss litt opp, og nokon av oss bestemte at vi ville kikka på Mariakyrkja. Dette er mest sannsynleg den styrste mursteinskyrkja i verden! Vi visste at det skulle gå an å gå opp i tårnet og få ei flott utsikt over Gdansk. Veret i Gdansk var ganske surt og kaldt og på veg mot kyrkja byrja det å regna – ganske så vannrett! Eg tru aldri eg har gått så raskt til kyrkjes før….
Eg veit ikkje om det er vanleg med messe klokka 12.00 på laurdager, eller om dette var noko spesielt i anledning nasjonaldagen, men vi spurta i allefall inn i kyrkja i det messa tok til.
Men vi skulle jo i tårnet, ikkje få med oss messa. Eit lite problem oppstod – det kosta pengar, og ingan av oss hadde sloty. Då var det berre for nokon av oss å leita etter ein minibank. Den fann vi rett over gata. Fyrst prøvde ein å få ut pengar, men det var ikkje så lett å skjøna kva ein skulle trykka på, då minibanken nekta å slå over på engelsk. Etterkvart gav han opp, men eg tenkte jo at eg skulle no gjera eit forsøk. Putta kredittkortet inn i sprekken og trykka i veg. Eg fekk heller ikkje maskina over på engelsk, men sånn halvvegs på polsk og tysk. Eg trykka og eg trykka, men eg ana jo ikkje på kva. Brått dukka det opp nokon tal, og dei er jo like på desse språka, så brått spytta maskina ut pengar 🙂 Men, kor var kortet?? Det kom jo ikkje ut att? Eg trykka litt til, men ingenting skjedde. Så stoppa eg ei lokal dame som gjekk inn sidedøra og henta ein kjekk, ung, herremann som skulle hjelpa meg. Det viste seg at dette var eit lite hotel og brått stod eg i resepsjonen medan mannen trykka på ein PC og ringte ein eller annan. På eit tidspunkt tenkte eg at eg fekk kikka i lommeboka mi for sikkerheitsskuld før denne karen hadde fått tilkalla både nasjonalgarden og banksjefen for å koma å sprengja open minibanken på utsida. Og kva var det der innimellom slotyane eg hadde lagt oppi der??? Var det minibankkortet??? Ja, for fa…korleis hadde det hamna der?? Det var jo framleis i minibanken??? Eg hadde ikkje tenkt å bruka mykje tid å fundera på dette her – fadesen var total og her var det berre til å snu på hælane og koma seg ut. «It’s okay, it’s okay!» ropte eg og vifta med kortet til han som stod i telefonen og såg ut som eit spørsmålsteikn. Så snudde eg meg og skulle til å spurta ut døra og forhåpentlegvis forsvinna i lause lukta. Problemet var jo at no lurte jo resten av gjengen på kva som skjedde, så dei hadde jo pressa seg inn i denne fyrsikkeska av ein resepsjon og for å høyra om det løyste seg så dei stod jo i vegen for flukta mi. «UT! NO! GÅ! Det er greit! Alt er i orden!» Eg trur dei høyrte at her var det ikkje tid for hverken nøling eller argumentasjon – her var det berre til å koma seg ut og avgårde 🙂
Uff, ja, eg lurer jo enda på kortid det kortet kom utav minibanken. Og klink edru var eg. Det verste er at etter å ha både ledd og flira av meg så strakte dei andre fram hendene – for då ville dei jo ha av pengane mine! Det var jo han stakkaren som stod igjen med telefonen som burde fått betalt!
Men no kunne vi i allefall betala for å gå opp i tårnet 🙂 Fyrstemann satt avgårde i ein forykande fart opp trappene, vi andre kom heseblesande etter. Innimellom står det kor mange trappetrinn ein har gått. «170 trappetrinn, kor mange er det eigentleg?» sa, ein. «Eg trur det var 200 eit eller anna», svara ein annan. «Eg har høyrt over 400», peip det frå bakarste hold. «FIREHUNDRE?? SLAKKA PÅ FARTEN! SLAKKA PÅ FARTEN!». Det visste seg at sistemann hadde rett. Kyrkjetårnet er 78 meter høgt og det er 405 trappetrinn til toppen. Det var ein fesen gjeng som ramla ut på taket…
Både svett og våt. Ein ser det ikkje på bileta, men det var eit forferdeleg ver. Her var det berre å knipsa nokre bileter og koma seg innomhus igjen!
Breie trapper og luftig i øverste del…
…smalt og trang lenger nede.
Etter kyrkjebesøket var det på tide å koma seg inn i gamlebyen og finna ein restaurant vi kunne sitja på. Valget vart denne:
Vi visste det ikkje då, men resten av laurdagen skulle dreia seg mykje om Mojito..
Her fekk eg servert mojitosalat…
…og hot mojito tea 🙂 Denne hadde eg ikkje smakt før – den var faktisk veldig god på ein slik kjølig dag…
….eg må rett og slett inn på google translate og sjå om dette er noko eg kan få til å laga sjølv 😉
Etter å ha sete her vel og lenge, var det på tide å bevega seg igjen. Eg trur eigentleg vi skulle gå tilbake til hotellet for å kvila litt og gjera oss klar for kvelden, men så langt kom enkelte av oss ikkje.
Litt fotografering utanfor ein souvenirbutikk medan eg venta på at alle skulle bli ferdige der. (Jada, eg fekk handla litt der eg og)
Eg veit ikkje heilt korleis Polakkane feira nasjonaldagen sin, men dei var i allefall veldig blide. Denne karen her f.eks., ville absolutt vera med på bilete. Etterpå prøvde han seg på at han skulle ha 20 sloty for dette, men det var ikkje aktuelt. Hadde han no hatt ein apekatt på skuldera, så skulle eg kanskje ha vurdert det….
Dette var ei veldig kosleg og fin gate. Mange restauranter og smykkeboder.
Omsider kom vi oss ned til elva.
Og medan vi gjekk langs elva på veg heim mot hotellet, var der ei lukka (??) at ein av oss vart tissetrengt akkurat i det vi gjekk forbi eit skilt det stod «Mega mojito» på 😉 Og vi var ikkje meir enn komen inn under tak før det øsepøste ned igjen. Så her måtte vi jo berre bli ei stund..
«HØH! Kor stor kan eigentleg ein mega mojiot vera???» Ikkje så veldig stor, tenkte vi – og så fekk vi drinken servert i ein blomstervase! Det krevde faktisk litt arbeid å håndtera denne her….
….dette var faktisk den enklaste måten å få den i seg på 😉
Veret vart jo bare verre og verre, mega mojitoane vart fleire og fleire. På eit tidspunkt byrja eg…
….faktisk å sleppa fjør!
På eit tidspunkt gjekk regnet over til ei skikkeleg snøbyga. Det var vel då vi gav opp å koma oss på hotellet for å gjera oss klar for middagen- tross alt hadde vi bestilt plass på ein restaurant rett bortforbi der vi sat no.
Heldigvis letta det akkurat i det vi måtte gå for å treffa resten av gjengen for kveldens middag.
….og då fekk vi jo sjå at det er ganske fint og koseleg langs elvekanten her.
«Hmmmm….slett ikkje verst», tenkte eg når eg såg meg i spegelen på den nye restauranten. Så kom eg på at eg ikkje har briller…. 😉
Forseggjort forrett – innbakt geiteost. Mmmm…den var også god 🙂
God mat og god drikke, men det kjekkaste no var at eg heilt hadde gløymt at eg hadde bursdag!! Eller, rettare sagt – eg har jo aldri visst at eg har bursdag 11. november på Polen sin nasjonaldag! Eg skjøna ingenting då eg akkurat hadde satt gaffelen i desserten og inn frå venstre kom det ein kelner og treiv til seg tallerkenen. Samtidig inn frå høgre kom ein ny tallerken og denne gangen hadde desserten fått kakelys og fyrverkeri 🙂 Og både kelnarane og resten av gjengen sang bursdagssang og greier. Ein skikkeleg høydare på kvelden 🙂 Den som hadde det enda kjekkare enn meg, var han som sat nederst ved border og sitra av spenning og kunne nesten ikkje venta på å sjå reaksjonen min 🙂
«Bursdagsbarnet»
Ja, det var ein kjekk og triveleg lørdag i Gdansk.
På søndagen rakk vi litt shopping på senteret over gata før vi måtte pakka sakene våres og sjekka ut av hotellet før heimreise. Eg handla ikkje så veldig mykje, men eg fann meg blandt anna ei ny jakke som eg er nøgd med. Og kor trur dåke eg fann den…
….akkurat ja 😉
Det var ein litt sliten, men veldig nøgd gjeng som sat seg på flyet heim frå Gdansk søndag ettermiddag. Eg trur alle hadde kosa seg og hatt det kjekt. Pga. det sure veret så fekk eg ikkje sett så mykje av byen så eg kunne tenkt meg, men det kan eg kanskje endra på ein anna gang. Eg syntes Gdansk var ein koseleg by og eg kan godt reisa tilbake hit fleire ganger 🙂