Dårleg ver inga hindring for tur!

«I dag er det meldt eit forferdeleg ver – då passar det vel med tur under tarpen?», meldte Jorunn meg torsdag føremiddag. «Ja» og tommel opp, svara eg tilbake. Sånne meldingar er det ikkje vits i å bruka tid på å tenkja seg om på – hadde eg gjort det, hadde det sjølvsagt vorte sofa, pledd og strikkety i stadenfor 😉

Det var difor berre til å kle seg godt og stilla i tunet til Jorunn og Svein Vidar kl. 1830. Jorunn var ein smule snurten iom at det akkurat då var opplett – ho skulle snart nok bli blid igjen….

Skåladalen var turdestinasjonen denne kvelden, så då køyrte vi til Rosendal inn skogsvegen så langt forbi Bjørke som vi kom. Det var ikkje naudsynt å gå meir enn nokre få skritt inn i skogen før vi fann ein plass å hengja opp tarpen.

Det gjekk ganske kjapt å få opp denne, så då kunne vi (Jorunn og eg) krypa innunder og sitja å sjå på bålet som Svein Vidar hadde fått fyr på utanfor.

Og sjølv om det no byrja regna skikkeleg, og Jorunn og eg sat tørt under tarpen, insisterte Svein Vidar på å….

…sitja utanfor i fjellduken sin 😉 Hadde eg gått på dette vesenet i myrket i skogen trur eg at eg hadde hatt mareritt i lengre tid 🙂

På menyen i går stod betasuppa med rundstykker varma i omniaovnen. Eg hadde på førehand kutta opp grønnsakene..

….Jorunn vart satt i arbeid med å kutta opp pølsa.

Som om det ikkje regna nok, så sat det brått i gang med eit voldsamt torever og lynet slo faktisk ned i eit tre rett i nærleiken av oss. Då skulle ein jo tru at vi pakka saman sakene våres og tok strake vegen heim…

….men neida, ikkje desse turfolka – dette var jo berre morosamt. No følte vi oss som skikkelege hardbarka turfolk 😉

Og no var det slutt på regnet, det gjekk over til ei blanding av hagl og snø…

Så då vart det jo brått litt vinterstemning 🙂

Betasuppa vart veldig god den, om eg skal seia det sjølv. Lag heilt i frå scratch utan noko juks med Toropose eller frosne grønnsaker, slik eg ville ha gjort det heima, inne på kjøkenet 🙂

Til og med Hufsetufsa måtte krypa innuder tarpen når det var mat – då tok det ikkje lang tid før stolen hans vart fylt med hagl/snø….

Det var ganske koseleg å sitja innunder tarpen, eta betasuppa og rundstykker medan det tromma med hagl/snø på tarpeduken. Eg synes vi (spesielt Jorunn) er blitt veldig god på å henga denne opp slik at vi kan sitja tørre innunder uansett ver. Ein anna ting ho er blitt veldig god på, er…

….å koka vatn på bål 🙂

Det vi ikkje er så god på og må øva oss litt på framover, er….

….å halda campen ryddig!!!

At det går an å rota SÅ mykje når ein har med seg SÅ lite på tur, er heilt utruleg. Eg skjønar jo godt at Svein Vidar ville sitja utanfor for seg sjølv 😉 Det ser jo ut som ein romleir kor 14 personar har budd i eit halvt år… Nei, her må det skjerpings til – dette kan vi ikkje vera bekjent av!

Ja, ja, gode og mette og godt nøgd med kveldens utflukt, pakka vi ned sakene våres, rista haglet/snøen av tarpen og…

….varma oss ein siste runde på bålet før vi køyrte heim att 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.