Ei positiv overrasking!

I går var det eg som bestemte turdestinasjonen på den Netflixfriedagen vår. Eg bestemte då at eg skulle ta Jorunn og Svein Vidar med på mine heimlege trakter. I skogen rett ovanfor min gamle heim finnes det ein fin plass med ei bålgrua og nokre trebenker, og den plassen tenkte eg at det var på tide vi besøkte 🙂 

Det var jo allereie blitt myrkt når vi køyrte opp til Sørestølen ved vassverket på Eik. Eg hadde fått nyss om at det skulle vera satt opp ein ny lavvo i området, men eg hadde ikkje heilt fått klart for meg kor den kunne vera. Vi parkerte bilane og lyste litt med hovudlyktene utan å sjå noko. Ja, Ja, vi bestemte oss for å gå dit eg hadde planlagt, så fekk eg heller ta turen på dagtid og sjekka ut kor lavvoen stod.

Då eg såg at Svein Vidar hadde tenkt å bera med seg ein heil vedsekk, gav eg beskjed om at han kunne køyra nokre få meter lenger opp slik at han slapp bera så tungt. Det var greit. Jorunn og eg byrja å gå. Då vi kom opp til ei grind eg plar klatra over for så å fortsetja på ein dårleg sti, såg eg til mi store undring at grinda var open og vegen fortsatte oppover??? «Men i alle dager», utbraut eg, «Her skal det då ikkje gå veg?? Her har det skjedd noko sidan sist eg var på tur!» Eg må vel vedgå at eg sikkert ikkje har vore på tur her sidan i sommar. Men då var det berre for Svein Vidar å fortsetja å køyra så langt han kom.

Så veldig lang veg var det jo ikkje, men den gjekk jo opp til byrjinga av skogen. Og kva lyser billysa opp der??

Jo, ein svær lavvo 🙂

Så der var jo altså lavvoen – mitt over bålplassen!! Vi kan jo ikkje klandrast for dette – at det brått er satt opp ein lavvo over bålplassen, altså, så då tok vi oss rett og slett til rettes i denne 🙂 Hardbarka kriminelle som vi er, brydde vi oss ikkje om at vi faktisk risikerte at lensmannen kunne dukka opp kortid som helst med geværet på skuldera 😉

Bålgrua var vekke, men det var kome på plass ei bålpanna, så Jorunn gjekk i gang med å få fyr i denne…

….det tok ikkje så lang tid – ho er blitt ganske dreven i å tenna bål 🙂

Sjå kor koseleg det såg ut 🙂

Det var i det heile tatt Jorunn som stod for det meste i går kveld. Ho hadde bestemt kva vi skulle laga til middag, ho skulle laga middag…

….her har ho sendt Svein Vidar på henting av vatn slik at ho har nok vatn i » folding bucket’en» sin til diverse matlaging. Denne folding bucket’en sin er ho veldig stolt av 😉

Ho fekk litt help av Svein Vidar til å tenna på dingsen som brukar bensin – den kan han få styra med. Vi andre held oss til gass 🙂

Snart var ho i full gang med kokkeleringa si og det byrja lukta godt i lavvoen.

Medan Jorunn jobba, var vi andre opptatt av å dokumentera det heile 😉

Eg vil påstå at Jorunn tok middagen opp nokre hakk i går. Fyrst fekk ho vat på kok som ho hadde ris oppi. Medan risen kokte, fresa ho småbacon i ei panna. Etterpå steikte ho kyllingbitar som ho på førehand hadde lagt i marinade i ei panna. Til slutt blanda ho kyllingen, risen og baconet i lag med kremost m/kvitløk og rømme. Så mange panner og ingrediensar trur eg ikkje vi har brukt tidlegare 😉 Det er nesten som er får litt prestasjonsangst 😉

Middagen i går: Kyllinggryte med baguett og solbærtoddy 🙂 Det var skikkeleg godt – tommelen opp! 🙂

No har jo desse to kaffidrikkarane slutt å ha med seg kaffi på termos. Frå no av er det kun kaffi på bål som gjeld…

…i dette tilfellet fekk bålpanna duga 🙂

Medan kaffien koka, fekk Svein Vidar låna kniven min, og vart sent ut for å spikka grillpinnar. Ikkje fordi vi no skulle grilla pølser, nei…

….no vart det grilla marshmallows til dessert 🙂

Litt skeptisk, men det var jo godt 😉

Vi var veldig nøgd med turen i går. Vi hadde jo forventa at vi skulle sitja under open himmel rundt eit bål, men vi vart veldig positivt overraska over å finna denne lavvoen:-) Denne skal vi nok snika oss til å bruka fleire ganger. Vi brant opp ein halv vedsekk med fuktig ved vi fann i lavvone – og så la vi igjen ein heil sekk med tørr ved. Det må vera grei «betaling» for lånet 😉

Mette og nøgde kunne vi køyra heim denne kvelden og 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.