Vinterspretten i nye sko!

Og med spretten så meinar eg fyrste tur i snø for vinteren 17/18, for så mange andre sprett vart det ikkje med ca. 3 kilo sko på beina 😉 

Forutan skiskoa, så var det nemleg ikkje nokon andre av mine vintersko som fekk vera med på flyttinga i mai – dvs. dei fekk flytta på SIM. Så for eit par veker sidan var det difor berre til å hiva seg rundt å skaffa seg nye sko for vinteren. Om eg framleis skulle vera med på desse Netflixfriekveldane våres, fann eg ut at eg fyrst og fremst fekk prioritera sko eg kunne sitja i ro med rundt leirbålet utan å frysa på beina…

….og etter litt googling enda eg opp med desse Sorel skoa. Dei skal, i fylgje reklamen, halda meg varm på beina heilt ned i -73 grader! Eg går vinteren varmt i møte…. Då får det heller vera at kvar sko nesten veg 1,5kg. Desse er ikkje kjøpt inn for å gå på langtur…

Okkesom, i går kveld fekk eg beskjed om at turen gjekk til Midthølen/skytebana i Omvikdalen….

…og så blid vert ein når ein kan parkera bilen og ta på seg nye sko 🙂

Som dåke ser er det ikkje berre nye sko eg har fått tak i. For ei stund sidan kom eg og over ei boblearbeidsbukse hengjande på stumtjenaren på loftet. Gullande rein, og dermed aldri rørt eller brukt av eigaren. Den passa jo til mor, så då vart ho mi 🙂

Eg har aldri satt mine bein på/ved Midthølen før, så eg var ikkje heilt sikker på kor vi skulle slå leir – eg fekk berre fylgja etter nissen med akebrettet og sjå kor eg hamna.

Vi gjekk fyrst eit lite stykke langs vatnet til vi kom bort til elva. Den vassa vi over og så gjekk vi litt langs vatnet på andre sida, før Svein Vidar svinga inn i skogen og fann…

…leirplass til oss.

Det var i det heile tatt mest Svein Vidar sin kveld i går. Det var han som bestemte kor vi skulle vera, det var han som hadde bestemt kva vi skulle ha til middag og det var han som skulle laga den. I tillegg så fekk han låna….

…saga mi….

….slik at han kunne spikka…

….»oppheng» til kaffikjelen over bålet. Sjølve bålet trur eg det var Jorunn som fekk fyr på 🙂

For å gjera litt nytte for meg eg og, vart eg sendt avgårde på henting av vatn. Og sjølv om eg ikkje skulle gå lenger enn 20-30 meter i frå leiren og visste at dei andre var rett bak meg, følte eg meg litt tøff då eg stupte inn i den myrke skogen for å henta vatn 😉 No er eg ikkje særleg myrkredd, men ein veit jo ikkje kva som kan skjula seg i skogen…

…i går var det kun ein foss! De brusa ganske godt, så det var ikkje så vanskeleg å finna vatn i går – det var berre å gå etter lyden 🙂

Vel tilbake i leiren, var det berre å sitja seg til rettes på reinsdyrskinnet og sjå på at….

…kokken laga middag til oss 🙂

Pannekaker med bacon og blåbærsyltety stod på menyen. Eg er glad i alle dei ingrediensane eg, men i lag?? Bacon og blåbæsyltety?? Det høyrtes litt merkeleg ut, tenkte eg, men eg skulle no gje det ein sjanse.

Nærmar seg mat no – Jorunn gledar seg til middag 🙂

Medan vi venta sørgja eg for å skryta, opptil fleire gonger, over kor varm og god eg var på beina 😉

Endeleg var det tid for mat! Og det må eg seia, dette var overraskande godt! Jammen passa bacon og blåbærsyltety saman som hånd i hanske! Eg vil faktisk påstå at dette var vel så godt som blåbærsyltety med krem 🙂

Kokken sjølv var og nøgd med maten i går 🙂

Damene kosa seg med middagen, medan vatnet i kaffikjelen snart koka over bålet.

Dette kan ein sitja lengje å sjå på 🙂

Og når vatnet var komen på kok…

….kunne vi laga oss kakao med marshmallows 🙂

Eg syntes at eg var søt nok når eg hadde fått i meg både jordbærsyltety og kakao med marshmallows, medan andre…

….klarte eit par grilla marshmallows i tillegg 😉

Medan eg sat der og kosa meg med kakaoen og kikka inn i bålet, tenkte eg at det hadde vore kjekt å prøvd å ta med sovepose og overnatta under open himmel rundt eit leirbål. Jorunn hadde tenkt akkurat det same, men ho turde ikkje seia det høgt då ho var redd det ville setja grillar i hovudet på meg 😉 Ja, ja, kanskje eingong, men då må eg i allfall ha ein varmare sovepose enn det eg har no…

Mette og nøgde med maten og kvelden samla vi saman saken våres og…

 

….vandra tilbake til bilane i fint måneskin.

Ja, det var nok ein fin kveld ute. Og sjølv om det er litt tungt å gå med dei nye skoa, er eg veldig nøgd – eg har vel aldri vore så god og varm på beina ute i snø før 🙂 No håpar eg at vi får ein kald vinter og fin 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.