Juleforberedelsar og juleverkstad!

Brått var vi over halvvegs i desember og jul nærmar seg med stormskritt! Dagane berre fyk avgårde og bobla har kome i andre rekke dei siste vekene. Det same har turane våres i skog og mark vore – vi har faktisk ikkje vore på ein einaste ein… Så kva har då tida gått med til?

Jo, eg har f.eks.

….fått på plass julepynten 🙂

Eg har jo gleda meg heilt sidan eg flytta inn i huset i mai til å pynta til jul og no var det endeleg lov å ta fram julepyten 🙂 Men så kom eg litt i putlo – for no var det jo ingenting som hadde sin faste plass lenger! Så kor skulle f.eks nissen som «alltid» har site på hylla over sofaen no sitja? Han er komen på ei hylla i år og, men det var som om han såg på meg og sa «Skal EG sitja HER??». Eindel av julepynten min passa ikkje inn i den nye heimen, og eindel ny julepynt er kome i hus. Eg er litt usikker på om eg har fått det så julekoseleg som eg trudde eg skulle få det, men kanskje det allereie var så koseleg at at litt julepynt ikkje gjorde så stor forskjell 😉

Eg har jo og vore på julehandel både hit og dit. Sist laurdag var eg på julehandel i Rosendal med….

….denne julepynta dama. Jorunn har innført at ho skal ha julepynt på hovudet kvar dag fram til jul no i desember og, så langt som eg veit, har ho fulgt planen til punkt og prikke. Som dåke ser vart ho og veldig glad når snøen byrja lava ned i Rosendal. Ja, det vart rett og slett skikkeleg julestemning 🙂

Eg er jo blandt dei som vil ha minst mogleg av julegåvene pakka inn i butikkane, så etter å ha vore på handel…

….. hender det at det ser slik ut hos meg – då driv eg pakkesentral 🙂

Nokon tradisjonar må haldast ved like, og i går samla Jorunn damene til bursdags-feiring og juleverkstad i heimen sin 🙂 Dette plar resultera i så ymse når det gjeld verkstaden, men det uansett alltid god stemning – så og i går 🙂

Ho hadde sjølvsagt tatt på den finaste hatten i går – lita ana ho då at ho i løpet av kvelden skulle bli enda finare…

Ho hadde fått for seg at ho skulle laga eggnog (eggelikør) og servera oss i år. Dette hadde vi ikkje smaka før, så dette var spanande…

….det er vel ikkje tvil om at den vart godkjent av meg 🙂

Mat fekk vi servert óg – vegetar taco. Det var det berre nokre få av oss som visste på førehand. Eg ana ikkje at det fantes «kjøtfarse» som ikkje er kjøt, men det hadde Jorunn fått tak i på Spar i Rosendal. Og, det var ingen av dei «uvitande» som såg, eller nemte på at at kjøtdeigen ikkje såg ut som eller ikkje smaka som den skulle. Hvis ein smakar berre på «kjøtfarsen», så ville ein vel ha skjøna det, men blanda med salat og tacokrydder merka ikkje eg noko forskjel. Og godt var det – eg skal nok byrja bruka denne vegetar «kjøtfarsen» innimellom frametter 🙂

Anne var den heldige som fann avokadosteinen i guacomolen og vann eit flakslodd:-) Men hallo – vi snakkar om ein avokadostein! Her var det nok fyrstemann til mølla, for det var vel meir eller mindre umogleg å ikkje få med steinen når ein stakk skeia i krukka… 😉

Etter maten var det tid for ein aldri så liten pakkeleik 🙂

Igjen slo Jorunn til med flakslodd – alle fekk velgja seg kvar sitt som det var skrive nummer på – og så fekk ein velgja pakke etter kva nummer ein hadde fått. Jorunn sjølv hadde fått loddet med nr.1 på  – og fekk velgja seg pakke fyrst…

…og enda opp med eit kinderegg og eit eller anna eg ikkje huskar kva var – ikkje eingong når eg ser på biletet..

Ein eller annan fekk med seg denne kjekke karen heim….

….unnskyld – desse to karane 😉

Eg lurer på om ikkje det var eit duftlys i Marianne sin pakke?

Eg fekk ein boks med lakris – og null gevinst på flaksloddet, ser det ut som…

Men no var det på tide å endeleg….

….koma seg til frisøren og få orden på julekrøllene 🙂 Evt. koma i gang med juleverkstaden 😉 Magnhild og Jorunn hadde på førehand grisa med ballongar og sement, og no vart det spanande å sjå om det vart vellukka…

Denne telyssaken vart jo bra! Men uheldigvis tola den ikkje å bli måla innvendig og datt i saman. Det skulle nok ha vore eit lag til med sement utanpå.

Dette lille lyse mitt det skal skinne klart – dette lille lyset mitt det skal skinne klart – skinne klart – skinnet klart 😉 Ho ser litt nøgd ut med arbeidet sitt 🙂

Desse damene trylla fram dei finaste…

…vinkorkreinsdyra 🙂 Ha-ha, eg synes dei var kjempetøffe – det enkle er ofte det beste 😉

Det vart ein heila reinsdyrflokk etter kvart 🙂

Medan dei andre var opptatt med reinsdyra sine, hadde Marianne og eg eit anna prosjekt på gang…

….som involverte dorullane vi hadde samla på i vekesvis!

…og det må eg seia  – eg er strålande nøgd med denne julekruna vi laga ti Jorunn. No har ho nok ein juleting ho kan pynta seg med i veka som kjem. Vi har sagt at dette er mandagshabitten på jobb – er det rart ho gret av glede??

Men så er eg litt usikker på kva som skjedde, ting spora liksom av ein eller anna plass – opp til fleire ganger, faktisk…

…brått var Endre sin gamle togbane funnet fram og alle reinsdyra plassert på sporet…

….der dei vart påkøyrt gang på gang på gang på gang…..

7 damer på 40+ ein laurdagskveld i desember…

Alt har ein ende, så og juleverkstaden vår. Eg er litt usikker på om resultatet kan seiast å vera betre eller verre enn forrige år? Slik såg kjøkenet til Jorunn ut….

….i det eg forlot det i natt. Eg høyrte ho prøvde seg med at vi kunne koma å rydda i dag – det kunne ho berre gløyma 🙂

Eit bilete kan seia meir enn tusen ord og eg trur ansiktsuttrykket til katten oppsumerar kvelden/natta ganske bra 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.