For nokre år sidan dukka min kollega Ingrid opp på jobb med verdens beste daimiskake. Eg fekk sjølvsagt naska til meg oppskrifta og sidan har denne kaka blitt veldig populær både til bursdagar, konfirmasjonar og bryllaup. Eg har villig lova vekk oppskrifta til kreti og pleti, men det har visst berre blitt med lovnaden… Men sidan det er jul…Her kjem oppskrifta:
DAIMISKAKE!
Visp sammen til margens (det er best å ha i litt og litt sukker medan ein vispar):
- 3 eggehviter
- 150g sukker
Ha marengsen i ei kakeform. Her er det greit ha litt størrelse på forma då marengsen kjem til og heva seg eindel i omnen – og ein vil jo helst ha litt plass i forma til isen óg 😉
Steik marengsen 1 time på 150 grader, og så 1 time på 100 grader. Avkjøl deretter marengsen.
Visp så sammen:
- 3 eggeplommer
- 150g sukker
Visp så 1/2 liter kremfløyte og bland i lag med eggeplommene. Knus 3-4 daimsjokolader og bland i massen. Tøm massen over avkjølt marengs og sett kaka i frysaren.
Denne såg perfekt ut! Men ikkje la deg lura – det er tross alt marengs i botnen, så mest sannsynleg er mykje av kaka berre luft 😉
Mmmmmmm….Veldig god, og veldig mektig 🙂
Og hvis du lurer på kvifor eg sit og meskar meg med kake no nett før jul, så er det fordi at her i huset feirar vi ein bursdag 18.desember 🙂