Tur til Leiteshaugane!

Vi har liksom ikkje kome heilt i gang med tursesongen i år, men det må vi prøva å gjera ei endring på no. Då sola skein i dag tidleg, heiv Ann Irene og eg oss rundt, pakka sekkane og køyrte til Fjellandsbø for å ta turen til Leiteshaugane…

Det har nesten ikkje kome eit snøfnugg på desse kanter i år, men av alle ting, så hadde det kome eit lite dryss i natt…

….så no er Ulvanåso blitt kvit igjen 🙂

Snøen vert nok ikkje liggjande så veldig lenge hvis sola får skina slik som i dag 🙂

Ann Irene låg litt framom meg i løypa i dag, men eg fann ho att på ein stubbe nesten i enden av skogsvegen. Litt molefonken over å ha gått i frå sigarettane sine bilen. Det vekka ingen sympati hos meg – som sa ho fekk røyka litt granbar om abstinensen vart for stor. Og med mitt blide åsyn på plass trur eg ho gløymte heile greia, for eg høyrte ikkje meir om noko røykesug på resten av turen 🙂

Det blas litt i fjellet i dag, og sidan eg hadde sekken full i ved, valgte vi å gå litt opp og ned og rundt omkring, for å finna ein plass i le. Har du ikkje vore lenger enn til postkassa med bok i, vil eg anbefala at du går litt lenger neste gang. For det er når ein går litt lenger mot Blådalen/Matre det er fint her oppe. Berre sjå her:

Ja, kanskje ikkje nett her, for her var det litt kronglete å koma seg ned til…

….her kor det….

….ligg nokre fine, små, idylliske vatn. Og i dag med sol og snø…

…..var det riktig så vakkert 🙂

Men det bles her og. Vi surra litt rundt, diskuterte litt og enda til slutt opp…

På kanten av stupet!

Ein treng ikkje alltid gå så langt eller høgt for å få fantastisk utsikt. Skånevik heilt i enden av fjorden og Tveitedalen og Langlivatnet til høgre i biletet.

No bles det sjølvsagt ikkje så mykje midre på toppen her i ope landskap, men no var vi no her, så då fekk Ann Irene…

….oppgåva med å tenne opp bålet 🙂 (Lighter hadde ho heldigvis ikkje gløymt 😉 )

Strategisk plassert, sjølvsagt, for å vera Boble-/Instagram-/Snap-/Facebook materiale 😉 Sånn er det blitt – heile bålet haldt jo på å blesa ut medan det vart dandert rundt sjokolade, kakaokopp og div. anna stæsj som tar seg godt ut på bileter 🙂

Dette biletet syntes eg vart litt stilig 🙂

Her sat vi i sola (som varma godt), forsynte oss av nista: Fenalår, eggerøre og loff, for anledningen, kikka på…

…fjorden og mot…

…Matre og Blådalssvingane.

Etter ei stund la det seg litt skyer over sola, og då vart det litt kjølig å sitja i ro. Men vi var mette og nøgde, så vi pakka sekkene att, heiv litt snø på bålet, snudde oss og…

…gjekk rett inn i ein snøvegg!

Jammen santen, det kom brått på! Store, fine, snøflak, med andre ord, ei skikkeleg snøbyga 🙂 Dette såg vi ikkje koma. Men det var jo berre koseleg, vi kan jo ikkje klaga vi som har savna snø i vinter 🙂 Det er ikkje så lett å fanga ei snøbyga på film, men…

…her fekk eg det nokonlunde til 🙂

Det snøa faktisk eit godt stykke nedover skogsvegen att, men når vi nærma oss fjellgardane, skein sola att 🙂

Vi var begge einige om at vi hadde hatt ein fin og kjekk tur – og at no må vi koma oss ut på slike turar att oftare 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.