Fager kveldsol smiler :-)

Eg lei valgets kvaler i går – skulle eg bli verande på sofaen å sjå 20 km skiskyting, eller gå ein tur i sola? Begge deler frista like mykje, men….

…brått stod eg her…

…i strålande solskin på Halsatoppen 🙂

Ikkje så veldig lenge etterpå hadde eg kava meg (det var varmt – jakka måtte av) opp til…

…Ådnaklett.

No måtte eg bestemma meg for om eg orka gå lenger opp, eller om eg skulle ta skogsvegen nedatt. På Ådnaklett var det ikkje sol, men eg såg jo at sola framleis skein lenger oppe. «Du orkar litt til i dag», sa eg til meg sjølv, og tok fatt på stien oppover.

Med tanke på kor mykje det hadde regna dagen før, hadde eg rekna med at det skulle vera vått oppover. Men det var faktisk meir glatt enn vått. Eg hadde ikkje kome langt før eg innsåg at eg anten måtte snu, eller gå heilt til toppen og ned ein anna skogsveg. Utan stavar trur eg det ville vorte ein veeeeeldig lang veg ned på glatt sti…

Men snudde gjorde eg ikkje – eg bestemte meg for å gå til Storhaug.

Det er eit fagert skue – snøkledde Ulvanåso og Englafjell.

Eg lurte på om eg kom til å rekka opp før sola gjekk ned, men…

….eg måtte innsjå at sola…

….hadde større fart enn meg 😉 I tillegg la det seg ei sky rett framfor sola.

Det gjorde ingenting – det var framleis ein lys og fin kveld.

Litt snø og tråkka i når eg nærma meg toppen og Storhaug.

Nesten oppe no. Eg følte meg ganske sprek i går, men sjølvtilliten fekk seg jo ein knekk når eg no vart forbi sprungen av ein joggar – på veg opp!

Som skrive lenger oppe, var det ikkje aktuelt å gå ned same veg som eg kom opp, så eg spaserte over Storhaug…

….og tok skogsvegen ned att.

Og akkurat her var mobilen tom for batteri. Det var heilt greit, for no seig myrket på likevel. Eg håpa berre på at eg ikkje skulle snubla å bli liggjande her oppe…»Ho fraus i hel med ørten bileter av ein flott solnedgang på netthinna! Hvis ho hadde tatt litt mindre bileter hadde ho kanskje hatt strøm nok til å ringa etter hjelp…»

Uffda, neida, det gjekk heilt greit å gå ned skogsvegen. Hovudlykt med fullt batteri hadde eg og med meg, så alt var berre velstand 🙂 Det var ein fin kveldstur dette her 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.