Svartavatnet :-)

Nydeleg aprilver – og eg skulle få velgja turmål denne gangen. Eg trudde Ann Irene ville bli særs nøgd med meg når eg forslo at vi skulle gå til Svartavatnet, men då byrja ho å vri litt på seg. Ho var ikkje heilt i form, de var ein lang tur, vi måtte sikkert trø i snø- eg måtte i allefall ikkje belaga meg på at ho kom fram! Eg fnøys berre av ho, er det nokon som kjem fram til målet så er det Ann Irene. Eg derimot, er litt meir ustabil såleisen…

Så då var det ikkje meir å diskutera….

….vi fekk prøva å sjå kor langt vi kom 🙂

Fyrste etappe gjekk ut på å koma seg til Bremstølen. Vi er skjønt einige om at den finaste vegen å gå er via Helland, men i går valgte vi å gå i frå Husnes Motor. Ein kan og gå opp Onarheimslia i frå Stripo, men den vegen står sist på lista vår. Smak og behag 🙂

Vi hadde ein lang dag og tur foran oss, så vi rusla i bedageleg tempo oppover skogen. Varmt og fint var det, så jakka kom av lika fort som ho kom på 🙂

Nesten framme på Bremstølen, og vi kunne kikka ned på Husnes. Det var ein litt disig dag, så heilt klare bileter vart det ikkje.

Det aula av folk på Bremstølen, så vi peisa rett forbi….

…..og fortsatte mot målet 🙂

Vi hadde nådd fyrste mål og var i gang med andre etappe mot Sundstølen. Men vi måtte jo ha ei lita drikkepause og fylla på litt energi, så eit lite stykke før Sundstølen sat vi oss på kvar vår stein midt i stien og pausa oss litt. Eg nytta pausa til å sjekka ut kamerafunksjonane på den nye Huawei p30 Pro mobilen min….

….og stakk hovudet ned i ei maurtua 🙂 Her har eg prøvd makrofunksjonen. Biletet vart ikkje heilt klart å tydeleg, men det var så mykje sol at eg såg igrunnen ikkje heilt kva eg tok bilete av på skjermen. Dessutan var det jækla vanskeleg å få mauren til å stå stille og posera 😉

Gjengen som hadde pausa på Bremstølen passerte oss i det vi hadde pause, det var ein gjeng vaksne menn og gutar i alle aldrar av våre nye landsmenn. Kjekt å sjå at dei og vel å nytta seg av fjellheimen vår slike flotte dagar 🙂 Vi skulle sjå meir til desse turfolka i løpet av turen.

På Sundstølen stoppa vi kun for å skriva namnet vårt i boka.

Sundstølen.

På toppen av bakken passerte vi mennene som hadde tatt seg ei kvil, dei syntes det var litt tungt no, men såg ut til å kosa seg. Målet deira var og Svartavatnet.

Framleis snøfritt i stien her, men no var det ikkje lenge før vi måtte gå deler av turen i snø. Det gjekk greit, sjølv om det var litt blaut – det var ikkje mange plasser vi trødde langt igjennom.

Det er veldig fint her oppe i ope landskap, som stort sett består stort sett av fjell og vatn – og på denne tida av året framleis, snø 🙂 Her er Manen midt i biletet.

Kjerringa med staven 🙂 Eg syntes turen hadde gått veldig greit så langt, sjølv om eg byrja kjenna det i beina no. Eg er jo ikkje vane med å gå så lange turar så tidleg på året enda.

Og endeleg kunne eg peika på mønet på hyttetaket 🙂

Og der var målet – hytta på Svartavatnet 🙂

No skulle vi berre over…

….her, så var vi framme 🙂

Utsikt i frå hytteveggen.

Sjølv om eg var trøyt i beina no, så syntes eg turen hadde gått veldig greit. Bortsett i frå fotostopp, hadde vi kun hadde den eine pausa i stien før Sundstølen. No skulle vi ha oss ei god kvil her, før vi skulle gå heim att.

Rett og slett ei kvilebu 🙂

Ann Irene var og nøgd med å ha kome fram til hytta 🙂

Ikkje så stor, men koseleg 🙂

Flott utsikt 🙂

Eg synes portrettfunksjonen i mobilen funka veldig bra. Her vart Ann Irene litt vel grå i håret, men settingen var veldig lys med lyse klær, snø og sol midt i mot – eg syntes det vart bra etter forholda 🙂

Men Ann Irene fekk ikkje lange kaffi-/og røykepausa. Vi hadde på førehand tenkt å grilla bål, sitja i sola og kosa oss og grilla pølser. Men vi såg ikkje noko plass vi syntes det egna seg å laga bål, så vi landa på at vi heller skulle…

…fyra i omnen – så fekk vi grilla pølsene våres i den 😉

Og medan omnen stod å «godgjorde» seg byrja det nye turfylgjet å dukka opp.

Fyrst kom ein far og ein son. Vi forklarte dei korleis hytta fungerte – at dette var ei hytte som var open for alle. Eg trur i utgangspunktet det kun var desse to som hadde bestemt seg for å gå heilt fram, medan dei andre skulle venta på at dei kom attende. Men så vart det litt telefonering, og så kom dei andre og. Det vart sagt at dei hadde tenkt å overnatta, men eg håpar det var ei mistyding og at dei kun ville visa dei andre at her var det ei hytte som var open for alle, som ein og kunne overnatta i. Dei hadde nok ikkje med seg hverken soveposar, klede eller mat til ei overnatting, så vi satsa på at dei kom seg heim att.

Det vart no ei litt rar setting ei lita stund. Ungane tok seg til rette og klatra opp og ned stigen til hemsen, prata med oss og sprang inn og ut. Mennene hadde sett seg utanfor hytta – og Ann Irene og eg sat inne og grilla pølsene våres i vedomnen – he-he 🙂 Dette får vi ta som ei trening til vi eingong skal besøka ei turisthytte, meinte eg 🙂

Frikken vart litt stressa og uroleg med ungane som sprang overalt, nokon ville kosa og andre var redd han. Vi fann difor ut at når vi var ferdig med grillinga og nista vår, så fekk vi pakka saman og heller ta ei pause i sola på heimetter vegen – så kunne heller det andre turfylgjet overta hytta 🙂

Så då gjorde vi det. Ann Irene kunne ta på turskoa att…

….vi hadde skrive oss i boka…

…..eg hadde fjolla meg til i snøen….

….og vi hadde fotografert hytta….

…i frå dei fleste vinklar.

Før vi gjekk heim gjekk vi ein tur opp bakom hytta for å sjå korleis det såg ut der.

Utsikt over Svartavatnet og rett på Manen.

Var ikkje dette biletet av mor og «son» koseleg?? 🙂

Men, så var det på tide å byrja på returen. Vi gjekk eit stykke på heim, før vi fann eit berg langs elva kor vi bestemte oss for å nyta sola ei stund. Og det var så VARMT! Eg veit ikkje kva klokka var, men det var i allefall blitt ettermiddag – og sola steika! Det var jo som ein fin sommardag, og vi gjekk i ull 🙂 Vi flata rett og slett ut her ei stund…

….til og med Frikken såg heilt fesen ut av ein lang tur, sol og varme 🙂

Nydeleg plass 🙂

Det var jo litt feil å ta fram denne fyrst når vi gjekk på heim, men medisin er medisin 😉

Men omsider kom vi oss på beina att og vandra på heim 🙂

No gjekk vi heile vegen heimatt, kun avbroten av ei kjapp drikkepause på Bremstølen. Heile vegen hadde vi sola midt i mot, så det var strålande flott 🙂

Vel nede ved bilen fann vi ut att turen hadde vart i frå kl. 1130 til 1830, og at det var vel anvendte timar 🙂 Til tross for litt tvil før start, hadde begge kome seg fram til målet utan problem. Rett og slett ein fantastisk flott tur og dag 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.