Eg var overraskande frisk i beina og kroppen då eg vakna sundagsmorgon – dagen etter den lange turen til Svartavatnet. Ei lita stund lurte eg på om det var noko gale med synet, – ,då eg opna gardinene såg eg ingenting. Det var noko av den tjukkaste skodda eg hadde sett nokon gong!
Eg var litt usikker på om det frista så mykje med fjelltur denne dagen, men det ana meg jo at det var strålande fint berre ein kom over skodda 🙂 Og slikt blir det jo så fine bileter av, og eg held enda på og finna utav kamera på den nye mobilen. Ein liten tur opp fjellsida bak huset måtte eg no klara 🙂
Men, så skulle eg jo berre ditt, og så skulle eg jo berre datt, så når eg endeleg kom meg ut og hadde klatra opp på Halsatoppen…
….var det jo berre ein lite skoddedott att utmed Skorpegavelen 🙂
Ja, ja, det fekk no så vera – eg bestemte meg for å ta turen likevel. Kanskje er skulle gå til Kjellhaug? Der har eg kun vore eingong før, og då var det snø.
På veg opp sat eg i saman eit lite kunstverk 😉
Det var varmt og fint denne dagen og. Eg har ikkje vore så glad i denne turen tidlegare, men no når eg er blitt litt vane med den, synes eg ikkje den er så verst likevel. Eg må dog vedgå at eg gjekk og hadde augo godt planta på stien og stikanten, for no kryp vel det meste utav bola sine – og rundt Ådnaklett ser vel «alle» snart orm. Sjølv har eg ikkje sett det her, men det er vel berre eit tidsspørsmål no når eg går her litt oftare enn før.
Eg såg heldigvis ingenting denne dagen 🙂 Eg hadde tenkt å gå til toppen og fylgja stien mot Storhaug heilt til eg kom til skiltet det står Uskedalen på – for så å ta til venstre og gå fjellet utatt mot Uskedalen. Litt før eg kom dit såg eg noko som likna på ein sti som gjekk opp til venstre, så då gjekk eg opp dit i stadenfor. Litt usikker på om det faktisk var ein sti, men eg kom no innpå ein pittelitt lenger oppe. Så var det berre å fylgja den utover…
….til eg kom hit 🙂
Her var det jo kjempeflott, og eg lurte på kvifor eg ikkje har vore her oftare? No ser eg ikkje vekk i frå at dette kan bli ein ny «liten tur»-/ettermiddagstur favoritt 🙂
Her har eg gått litt nedanfor varden.
Mot Rosendal…
…eg zooma inn Ljosnes 🙂
Varden, Ulvanåso & Englafjell.
Ein treng ikkje akkurat nista for å gå opp her, men ein liten energibar må vera lov 🙂
No kunne eg gått vidare mot Storhaug og ned ein anna veg, men denne dagen bestemte eg meg for å gå ned same veg eg kom opp.
Nede på Halsatoppen kunne eg kikka heim – ser du huset mitt??
No gjer du det 🙂 Ja, altså til å vera eit mobilkamera så må dette vera godkjent zoom 🙂
Så då fekk eg meg ein fin liten tur i finveret denne dagen og 🙂