Årets Påskeunder skjedde allereie i dag, Skjærtorsdag! A. Enæs kom seg opp på Solfjell lett som ein plett, tunga framleis innanfor leppene og utan å syta! Ikkje veit eg kva som skjedde, men eg håpar på fleire slike «under 🙂 Ein strålande tur hadde Ann Irene og eg i dag 🙂
Ann Irene låg litt foran meg i løypa. Det slår meg at vi ofte startar våre felles turar på ulike tidspunkt… Eg putta litt musikk i øyro og tok det roleg opp skogsvegen.
Vel oppe på fjellet fann eg turvennen min med kaffikoppen sin 🙂
Solfjell var altså målet i dag – lite visste vi her at vi faktisk skulle bevega oss omtrent langs heile fjellet i dette bileteutsnittet 🙂
Det blir nok ein overdose bileter av blå himmel, fjell og vatn i dette innlegget, men sjå kor flott det var å kikka mot Mannsvatnet, Ulvanåso og Englafjell frå foten av Solfjell:
Strålande – skyene på biletet (og ørten andre bileter) la eg faktisk ikkje merke til før eg kom heim og kikka igjennom bileta 🙂
Fint å kikka andre vegen og 🙂
Ååååå, det var varmt og flott i dag – pusekattane sprett ut no.
Vi klatra greit oppover fjellet og nærma oss sakte med sikkert toppen…
…kun avbrutt av, ja, enda meir fotografering…
Nærmar oss slutten på fjellsida her.
Vi ha gått over nokre snøfonner i dag.
Og så nådde vi varden 🙂
Og det hadde gått så greit å koma seg opp – eg var framleis full av energi…
….noko som gjekk utomver varden 😉
Og ja, må man, så må..
…man 🙂
Mannsvatnet og Uskedalen laaaangt der nede.
Isen på vatnet smeltar raskt no.
Utsikt mot Rosendalsfjella.
Påskeegg høyrer sjølvsagt med i desse tider….
…..og dei må jo og forevigast…
….på alle moglege måtar 🙂
Som dåke ser så var det skikkeleg flott på fjellet i dag, men det blas godt her oppe. Vi bestemte oss difor for gå litt nedforbi toppen mot Omvikdalsida for å sjå om vi fann ein plass vi kunne ta pause.
På vegen fekk vi eit kjekt syn…
Det var altså fleire fjellryper enn Ann Irene og eg som kosa seg i fjellet i dag 🙂
Vi kikka og såg om vi såg fleire, men det vart med desse to rypene i dag.
Flott utsikt over bygdene i indre luten herifrå.
Meeeen, vi var ikkje heilt nøgd med forholda her heller. Vi bestemte dermed at vi skulle gå ut fjellet mot fjorden igjen. Tidlegare har vi berre godt opp og ned stien, så i dag bestemte vi oss for å ta ein oppdagelsestur 😉
Og etter å vandra litt hit og dit, var det endeleg tid for mat…
…og avslapping i lyngen…
…..Ann Irene kosa seg og 🙂
No var vi så langt ute på fjellet av vi bestemte oss for å gå til endes for å sjå korleis det var der. Og det angrar vi jammen ikkje på! Det er som Ann Irene sa: «Kvifor står ikkje varden her??»
For ei UTSIKT!
Gulp, eg vart litt svimmel av å sjå denne vegen og snøfonna som gjekk rett ned Men det var ikkje farleg å vera her, altså – vi trong ikkje bevega oss bortpå den 🙂
Våga meg oppå denne steinen eg og 🙂
No var vi nøgd med dagens tur og begav oss på heimveg – sjølv om vi hadde det så fint at vi nesten ikkje ville gå heim 🙂 Som ved eit trylleslag forsvann vinden, og jakka måtte av i ein fei! No vart det skikkeleg VARMT! Og VARMT var det heile vegen ned fjellsida att. Over flata kjente eg meg nesten overoppheita og dei få vindpusta som kom vart tatt vel i mot. Det kom seg når vi tok ei pause før skogsvegen ned og fylt på med litt meir drikka. Veret på mobilen påstod det var +12grader – det tar eg med ei klypa salt! Eg har meir tru på temperaturmålaren i bilen som viste +19 når vi kom ned. Det var sikkert eit par grader mindre oppå fjellet, men sikkert ikkje meir.
Dette var ein fantastisk flott tur og start på Påskeferien 🙂 Og enda er det mange fridagar igjen, med fine vermeldingar. I måro har eg faktisk tenkt å ta fram skia…. 😉