Ingen Påske utan skitur!

Det har ikkje blitt mange skiturar i år – snøen har glimra med sitt fråver på desse kantar. Men det blir jo ikkje skikkeleg Påske utan ein skitur, og vi er jo mobile 🙂 Kusine Marita og eg hadde ein kjempeflott dagstur til Haukeli for nokre Påsker sidan – vi bestemte oss for å gjenta den på Langfredag 🙂

Allereie då vi passerte Sandvinvatnet med Buarbreen midt i mot, såg vi at dette kom til å bli ein strålande dag 🙂

Vi ankom Haukeliseter ca. kl 11, noko som er passeleg tid. Sist vi var her gjekk turen på nedsida av vegen rundt vatnet. Denne gangen ville vi gå på oppsida av vegen opp på fjellet. Begge hadde sekker pakka til randen av alt vi trudde vi trong ha med oss og ikkje. Kven veit – brått kunne det jo koma eit veromslag??

Mi jakke måtte av og hengjast rundt livet allereie i det vi stoppa for å ta skia på… Så gjekk vi ca. 200 meter før Marita avslørte at ho hadde to (2!) skibukser på!! «Ta av den eine!» kommanderte eg, så då vart det ei avkledningspause.

Det minkar kraftig på snøen her oppe og, men det var likevel flotte forhold. Skistavane på biletet vart ikkje med heim att, eg kjem tilbake til det 🙂

Det var ikkje noko problem for Marita på felleski og meg på kortfeller å koma oss opp fjellsida. Litt bratt enkelte plassar, men heilt greit. Eg måtte letta på skia og visa fellene mine til ein kar som lurte på kva eg gjekk på? Eg reknar med det var ein som kava seg opp i fiskebein medan han såg eg gjekk rett opp forann… 😉

Det var VARMT på dette fjellet og! Vel oppe og ferdig med fjellsida, var det allereie tid for ei drikkepause….

…studering av kart…

….og fotografering av Påskeharen 🙂 Ingen skal fortelja meg at eg ikkje er ein fargeklatt 🙂

«Det ser flatt og fint ut bortover den vegen,» prøvde eg meg på. Den vegen skulle vi ikkje…

Vi valgte løypa som gjekk mot skisenteret på Vågsli. Eg har gått Haukelirennet eingong- i dritver! Då såg vi ikkje så mykje meir enn skituppane, så eg ana jo ikkje korleis det såg ut rundt meg. Det eg ikkje visste no, var at no var eg i same løypa – eg gjekk berre motsatt veg.

Løypa var veldig fin den, litt opp og ned. Eg labba framleis med kortfellene på, eg gadd ikkje ta dei av før vi skulle stoppa og eg kunne smørja skia. Marita låg difor som oftast eit stykke framom meg – men eg tok ho som regel att i oppoverbakkane 😉

Her er vi komen til Hermodsholskaret. No gjenstod ein litt lang nedoverbakke og ein liten oppoverbakke….

…før vi bestemte oss for at vi hadde gått langt nok. Vi slo leir meir eller mindre midt i eit «vegkryss» 🙂

Her hadde vi det flott! Nok eingong må eg gjenta at det var VARMT! Og ikkje eit vindpust!

Skiskoa og dei nystrikka Påskesokkane måtte av….

….skibuksa måtte brettast opp, og akkurat då angra eg på at er framleis hadde vinterpels..

…..etterkvart måtte ullgensarane vika óg – det var rett og slett sommar på fjellet!

Som dåke sikkert har lagt merke til, var vi ikkje dei einaste som hadde lagt turen til fjells denne dagen. Det var folk overalt og er trur alle Noregs dialektar var representert. Marita sat seg opp ein augneblink og skulle prøva å telja alle folka ho såg. Ho gav seg når ho nådde 100 stk….

….eg talte eitt fly 😉

Langt om lenge måtte vi bestemma oss for å byrja på turen tilbake til Haukeliseter. Etter å ha rådført oss med nokre forbi passerande skigåarar, bestemte vi oss for å gå ei anna løype tilbake. Det var mykje oppovebakkar, sa dei, men løypa var finare. Det var dei som fortalte at dette var løypa til Haukelirennet.

No plar eg rygga bakover så snart nokon snakkar om oppoverbakkar, men så har eg jo lært at når nokon med ei anna dialekt enn meg snakkar om oppoverbakkar, så kan dette begrepet vera ganske relativt. Og akkurat i dette tilfellet, tenkte eg at det kanskje var slik.

Vi vart difor ikkje avskremde, og la i veg. Og eg hadde rett…. Dei fleste «oppoverbakkane» var ganske slake…

…og her ventar eg faktisk på at Marita skal koma ned 🙂

At løypa var finare på denne sida, hadde dei derimot heilt rett i. Før vi kom opp på det høgaste punktet var det rett nok nokre korte, bratte bakkar, og då visste eg brått kor vi var! Der kor eg no kava meg opp, hadde eg eingong så vidt turd å kava meg ned!!

Det såg ikkje slik ut her oppe sist eg stod her inntulla frå topp til tå, iskald og innsåg eg enda hadde ca. 14km til mål….

No derimot….

….skulle vi berre litt bort her, stå ned på andre sida, kutta løypa over vatnet og så hadde vi berre fjellsida ned til Haukeliseter igjen.

Eg er ikkje så veldig tøff, men eg er blitt myyyyyykje tøffare i nedoverbakkar på ski enn eg var då eg gjekk Haukelirennet. Difor er eg ganske sikkert på at om eg hadde gått rennet om att, så hadde eg slått løyperekorden min med minst 2 timar 😉

No kjente eg godt at eg hadde vore på fjelltur på Skjærtorsdag i låra, så i den aller siste bakken ned til Haukeliseter kapitulerte eg og tok av skia. Nesten nede kjem det ei far og son på opp. Far går nesten i fistel når han ser meg – dvs. ikkje når han ser meg, men når han ser stavane eg kjem dragande på. Eg ser på stavane, og han ser på stavane og eg lurer «er det noko spesielt med desse??» Og det var det visst. No skal det seiast at det anan meg at det var skikkelege stavar, men eg hadde jo berre redda dei frå at onkel skulle kasta dei på SIM. Og grunnen til at eg redda dei var at det var gode trinser på dei til å bruka i laus snø. Det ana meg og at det eigentleg var Marita sine, og det kunne ho bekrefta – det var dei fyrste telemarskistavane ho kjøpte.

Men no stod eg altså her – den dårlegaste skikøyraren i mils omkrets, med nokre stavar som denne karen hadde leita etter i årevis, etter at han hadde mista sine. No kan ein vel kjøpa nyare sort av denne typen skistavar, men det var akkurat DESSE han hadde vore på jakt etter i mange år – han hadde til og med kontakta fabrikken for å høyra om dei kunne hjelpa.

» Eg hadde gitt deg tusen kroner på flekken!» Ja, ja, tenkte eg. Eg har jo allereie tatt av meg skia, eg har nokre få meter igjen av bakken og eg kan jo alltids skaffa meg andre staver med trinser. Og kva gjer ein ikkje for å gleda andre? Vipps så hadde han fått nye stavar og eg tusen kroner inn på konto 🙂

«No er ho skikkeleg lei», tenkte sikkert dei andre som kom nedover bakken og fekk med seg at eg solge skistavane mine….

Vi lo og ler enda godt av denne episoden. Vi kjem nok til og ta den fram titt og ofte kvar Påske: «Huskar du den gang du solgte skistavane din for ein tusenlapp??»

Sånn enda altså denne skituren – her er to blidfisar på ein Langfredag.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.