Det er lite aktivitet på Bobla for tida. Eg har ikkje heilt bestemt meg på kva veg «ho» skal ta, men inntil vidare putlar eg på sånn dann og vann 🙂 I dag f.eks vil eg visa dei som enda ikkje har besøkt Dyrrindo etter at hytta vart restaurert og open for alle kor fin den er blitt 🙂
Hvis du ikkje veit kor Dyrrindo ligg, så er det på veg opp til Ulvanåso i frå Tveitedalen. 1.mai brukte Ann Irene og eg på å ta turen dit.
Vi har vanlegvis køyrt heilt til endes av vegen/skiløypa (utan snø, sjølvsagt) og gått derifrå når vi skal på denne turen. Noe er vegen steng, den var i allefall det 1.mai, ikkje så langt etter Ternebu. Det gjer ingenting – det er flatt og fint å gå vegen, og ein får litt oppvarming før ein må byrja gå på opp 🙂
Her er Ann Irene og Frikken kome seg opp til stien. Det er grønt og fint – og MASSE blåbærkart allereie 🙂
Etter å hatt sommarvarme ei stund, tok mai eit snev av vinter med seg. Det var grei turtemperatur denne dagen, men….
….sola uteblei og skodda lette ikkje heilt.
Etter ein timestid ++ entra vi Dyrrindo 🙂 Er det ikkje blitt flott? Til og med ei utebu med tak 🙂
Vi var fyrstemann til Dyrrindo denne dagen, så flagget er det vi som hang opp. Det er ein grei måte å vita at det allereie er folk på plassen 🙂 Men det er god plass til fleire…
…her 🙂
Det er ikkje godt å sjå på dette biletet, men det er hems m/sengeplass på alle fire veggene i hytta 🙂
God vedomn – sjekk setet på krakken framom 🙂
Ein liten kjøkenkrok…
Det var ikkje så veldig myke å sjå utanfor vindauga denne dagen.
Og slik ser det ut mot utgangen 🙂
Ja, jammen har dei gjort eit godt arbeid meg denne hytta. Og populær har den blitt, eg har allereie sett mange bileter frå div. overnattingar. Vi skal nok prøva oss på ei overnatting ein eller anna gong vi og, men eg trur det er lurt å ta med telt/hengekøye i tilfelle ein kjem opp til opptatt hytte 😉
Vi var som sagt dei fyrste som ankom hytta denne dagen, men fekk selskap av totalt 5 andre medan vi sat inne og kosa oss med fyr i omne og åt nista 🙂 Ingen hadde tenkt seg vidare mot Ulvanåso, til det var det for surt og for mykje skodde.
Eg rakk forresten å laga mitt eige lille 1.mai tog medan det framleis kun var Ann Irene og eg som var her. Det trur eg faktisk er det aller fyrste 1.mai toget eg nokon gong har gått i 🙂
På heimvegen brukte eg mesteparten av tida på å konsentrera meg om kor eg gjekk og kikka meg godt rundt. Eine fylgje så kom opp hadde nemleg tatt bilete av eit digert beist av ein huggorm!! Rett nok låg den heilt nede på skogsvegen og ikkje på stien, men ein kan jo aldri vita…
Nokon orm såg ikkje vi – det er sikkert greit at synet har byrja svikta litt på våre eldre dagar 🙂
Vi hadde ein fin tur og kan absolutt anbefala alle om å ta seg ein tur til Dyrrindo 🙂