Strålande 17.mai!

For ein flott nasjonaldag vi fekk i år! Ein skikkeleg sommardag – eg kan ikkje huska varmare og finare 17.mai. Hipp, hipp, hurra 🙂

Vi har feira dagen på så ymse vis dei siste åra, eg har jo blandt anna feira eit par gonger med skitur på fonna. I år hadde eg ikkje lagt nokon planar, så då fekk eg anledning til å gjennomføra ein plan eg har hatt i mange år – nemleg ein tur til Såto. Eg har berre venta på godt nok ver – betre enn i går kan det vel ikkje bli.

Så slik vart det…

….eg pakka sekken og køyrte til Sørestølen (vassverket på Eik).

Tidlegare har eg kun gått rett opp skogen på høgreside av Hjortaklett når eg skal på Såto. Den T-merka stien på venstresida har eg kun fylgt ned att. Eg har sagt eg aldri skal gå den opp – den er bratt, lang og dryg. I går bestemte eg meg for å gå stien opp….

Hukommelsen er så som så. I mitt vetle hovud skulle eg kun gå over brua, opp på skogsvegen, litt nedover skogsvegen, og så skulle eg finna stien. Så feil kan ein ta…

…eg måtte heilt ned hit før eg fann stien! Eg kunne jo lika greit ha gått til fots heimante…

Men, no kunne eg i allefall byrja å fylgja stien til Englafjell.

Opp til Hjarteklepp går ein i skog, og ein ser eigentleg ikkje så mykje anna enn skog heller. Stien er ikkje den aller beste stien å gå på, eg var glad eg hadde tatt med meg ein stav til å hjelpa meg med. Eg pusta, pesa, svetta og sendte mine medfølelsestankar til dei som hadde tatt på bunad i går 🙂

Dette var eigentleg litt tøft, syntes eg 🙂

Endeleg nærma eg meg fyrste toppen….

….og kunne kikka utover bygda…

….og litt til 🙂

Foreløpig «stille før stormen» på skuleplassen 🙂 Dette biletet har eg kun tatt med for å kunna skryta enda litt meir av zoomen på Huawei Pro 30 mobilen 😉

Eg syntes det var eit slit når eg streva meg opp stien, men når eg fyrst var komen til Hjarteklepp, så tenkte eg «Jammen, dette var jo ikkje så ille» 🙂 Eg hadde tenkt å ha ei lita pause her, men det trong eg ikkje, så då tok eg fatt på siste etappen med eingong.

Ei lita stund etter kunne eg heisa flagget 🙂

Eller heisa og heisa, stivhalda er nok mest rett å seia. Her oppe blås det kraftig! Eg sprang rundt med flagget og prøvde å få til nokre fine bileter, men det var ikkje så lett når eg måtte ha eit godt tak i både flagg og mobil for at ikkje dei skulle blesa vekk 🙂

To sekund etterpå spring eg etter flagget…

Det er ikkje så mykje å gøyma seg bak her oppe, men eg kroa meg saman bak steinane ved skiltet (som eg ikkje tok bilete av)…

….og der kunne eg nyta denne utsikta….

….og skikkeleg 17.mai niste 😉

Bak denne steinen var det ikkje så verst å sitja å nyta sola 🙂

….ein liten 17.mai selfie.

Litt meir flagging på veg ned i frå fjellet…

Synes sjølv dette vart eit stilig bilete 🙂

Vel nede igjen frå fjellet og nøgd med dagens tur, heiv eg meg i dusjen, fekk på ein kjole og køyrte til Husnes der resten av gjengen var samla i familieselskap.

Yngstemann i familen kosar seg i fanget til eldstemann 🙂

Milo – ein skikkeleg koseklump og sjamør 🙂

Nasjonaldagen vart avslutta strak ut….

….i sola 🙂

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.