Uhu-Uhu!

Det skjer stadig noko nytt i Anitas hobbykrok (sofahjørne, med andre ord) 🙂 Som eg sikkert før har nemnt, er eg ikkje noko racer på hekling. Stav, dobbeltstav, kjedemaske etc., er gresk for meg. Men eg kan jo halda ei heklenål og eg veit jo korleis den skal brukast, så når eg får ting beskrevet step by step, og helst med bilete/video, så får eg det til 🙂 Siste hekleprosjekt er vel kanskje ikkje akkurat ugler i mosen, men….…det er i allefall ei slags ugle…

DSC_11191

Hekla ugler 🙂

Eg kom over desse på denne sida: Hekla ugler og syntes dei var så fine at eg beint fram måtte prøva å få til å hekla ei slik. Det var ikkje noko vanskeleg i det heile tatt, så som dåke ser har eg hatt ein liten ugleproduksjon dei siste dagane 🙂

Det er litt artig å laga figurar som har andlete – dei får, anten ein vil eller ikkje, sin eigen personlegheit så snart augo er på plass…

DSC_1121

Schål!!!

DSC_1122

«Bla,bla,bla, jeg hører ikke på deg…»

DSC_1124

Dette var den fyrste ugla eg hekla. Den er laga av restegarn, og difor litt meir spraglete enn dei andre 🙂 Denne skal få bu i bilen min, har eg tekt. Har fylt kattesand i botn av den og skal sjå om den kan fungera like greit som kattesand i ein sokk mot fuktigheit/kondens 🙂 Den pyntar no uansett litt meir opp enn ein sokk…

I dag har eg vore med mor på ein liten handlerunde, og sjølv om det er ei stund til eg fyller år, har eg fått utdelt årest bursdagspresang…

DSC_1125

…..Den store votteboka 🙂

Så sjølv om eg helst ynskjer meg sol og fint ver ute, så gjere det meg ingenting om dei melder rufsete innever heller – eg har nok å ta meg til i hobbykroken, eg 🙂

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.