Ja, det er vel ein beskrivelse som passar på meg den siste veka 🙂 Eg har stort sett site i sofahjørnet mitt og knapt bevega meg lenger enn til postkassa…. Men i dag var det nok – eg måtte minna meg sjølv på at eg faktisk har regnkler 🙂Eg vart tatt litt på senga då eg kom køyrane opp dalen og såg at Ulvanåso faktisk var kvit heilt ned til «foten»..
Eg forventa ikkje å møta på dette på Haugland i dag – det ser slett ikkje slik ut nede i bygda.
Kunne fylgja traktorspor opp til enden her, men så var det berre snø.
Det var faktisk litt krevjande å koma seg til Kalkestasjonen i dag i snø og slaps – i tillegg vart eg søkkvåt… Men eg trøysta meg med at det sikkert var godt for noko.
At heile denne trimturen falt i fisk då eg kom heim og fann ut eg skulle «beløna» meg sjølv med ein eplesmuldrepai, er no ein ann sak..
Eplesmuldrepai – så enkelt og raskt at ein ikkje eingong treng oppskrift:
Lag ein smuldredeig av mel, smør og sukker…
…ha eplebitar i ei ildfast form og strø kanel over…
…og strø smuldredeigen over eplebitane. Eg hadde tilgjengeleg opphakka mandlar, så eg strødde det over og.
Ca. 30 min. i omnen, og så er det berre til å…
….kosa seg 🙂 Ser kanskje litt grapse ut, men dette er snadder 🙂 Passar best å servera med vaniljeis, men i dag vart det vaniljesaus i stadenfor 🙂
Reknar med det er ein del kaloriar i denne paien, så eg får vel henga regnkleda til tørk og belaga meg på at eg må ut å gå i morgon og 😉