Eg skal vel ikkje påstå at eg sov heile natta igjennom i hengkøya mi – men stort sett 🙂 Vakna nokre gonger av at eg måtte skifta stilling og finna ut kor det var blitt av liggjeunderlaget 😉 Men det positive er at eg ikkje fraus på så mykje som ei tå i laupet av heile natta!!
Ikkje den verste utsikta å vakna til dette 🙂
Myggnettingen av og sola i anmarsj 🙂 Det kom ein «diger» fugl og sat seg i toppen ei lita stund – eg tenkte det hadde no vore typisk om du hadde slept ned ein fjert rett i hengekøya mi….
Noko av det fyrste eg gjorde når eg vakna skikkeleg var å strekja hals for å sjå om kajakkane framleis var på plass 🙂 Det slutta liksom aldri å flø før vi la oss, så vi var litt usikre på kor langt opp vi måtte dra dei for at dei ikkje skulle sigla sin eigen sjø. Men dei var på plass 🙂
Etter ein liten tissepause måtte eg og lista meg litt nærare….
….murmeldyret for å sjå om ho framleis var her og – eg antok ho var langt nede i soveposen sin 😉
Og medan eg la meg tilbake i hengekøya og høyrte på musikk….
….stod Jorunn opp og fekk fyr på bålet slik at ho kunne laga seg kaffi 🙂
Allereie kvelden før hadde vi bestemt at frukosten skulle inntas på eit berg kor vi hadde fin utsikt over Furubergsfossen – soloppgangen vart eit pluss 🙂
Flott plass å innta morgonkaffien dette?
Utsikt over til Ænes og ut fjorden 🙂
Men så måtte vi få igang frukosten…
….kokken i arbeid….
….med å steikja egg og bacon 🙂
Morn» du!
Ser ho litt trøyt ut? Vart det for mykje Netflix?? 😉
Det såg ut som om vi skulle få nok ein fin dag 🙂
Soverommet mitt 🙂
Etter frukost bestemte vi oss for at vi skulle ta ein spasertur til toppen av berget bak leiren vår. Innimellom trea syntes vi nemleg at det såg ut som om det stod noko som likna ein varde?
Det var ikkje lange spaserturen bort, men dette var jo ingen varde…
….kva var dette for noko rare greier??
Munkuretangen, heitte det her. Har det vore munkar stasjonert på Maurangerneset??? Og ligg levningane i denne ura?? Om ingen kan koma med ei forklaring på kva dette har vore, er eg redd eg må laga mi eiga historie….
Jorunn ytterst på Maurangerneset.
A. Enæs med Ænes i bakrunnen 🙂
Utsikt rett mot Gygrastol.
Men no var det på tide å pakka saman pikkpakket vårt for å sjå om vi fekk plass til alt i kajakkane eingang til. Vi huska jo ikkje heilt korleis vi hadde pakka dagen før…..
….så denne gangen hamna f.eks. skoa mine på toppen – der var dei ikkje kvelden før…
Men etter ei stund hadde vi fått med oss alt (håpar eg)…..
….og så var vi igang igjen 🙂
Og dette var noko anna å padla på enn dagen før – speilblank sjø 🙂 Vi padla ikkje rett over til Ænes, men litt lenger inn i fjorden, for no ville vi over til…
…Furubergsfossen!
Har dåke sett så flott??
Ja, no var vi jammen heldige med padleveret/sjøen. Vi glei så fint over fjorden atte. Eg trur vi gjekk inn i vår eiga boble der vi padla, men i motsetnad til fredagen var det ikkje noko problem å snu seg å kikka etter kvarandre no.
Nærmar meg no – skal sei det kom vatn ned!
Jorunn var litt tøffare enn meg og padla rett mot fossen 🙂
No gjenstod det berre å padla langs land mot Ænes igjen.
Land og land – ser dåke Jorunn attmed denne bratte fjellsida?
Og så var vi tilbake til utgangspunktet 🙂
For ein flott og kjekk fyrste telt- og padletur i 2018 dette var! Det var så absolutt verdt strevet med å padla seg over på fredagen, sjølv om vi håpar vi aldri skal padla i slik sjø igjen. No er det berre til å gle seg til tida framover og kryssa fingrane for at vi kan få litt finare sommar enn dei to siste åra slik at vi kan ta ut på mange fleire slike turar som dette 🙂
PS! Takk til Svein Vidar for lån av tørrdrakt – han visste nok ikkje at han hadde lånt den vekk, men har nok sett det no 😉