Oij, oij, for eit ver vi har om dagen – kan det vera sommaren som er komen?? 😉 Vi hadde diskutert om vi skulle gå Haukelirennet eller gå på ski til Ulvanåso på laurdag, men skulle vi verkeleg oppsøkja snøen når dei meldte opp mot + 17 grader i lavlandet??? Nei, det frista ikkje! Eller det frista litt, men ikkje nok 🙂
Eg slengte inn eit forslag om å ta fyrste telttur i 2018 i stadenfor. Det var det kun Jorunn som kunne vera med på, så skulle vi ikkje då slå til med årets fyrste padletur og? Jorunn foreslo Sild, men eg syntes det var litt langt for fyrste tur. Eg kikka litt på kartet og der hadde vi det: «Eg vil til Kråkeræva på Maurangsneset!». Jorunn var ikkje vanskeleg å overtala – sjølvsagt skulle vi til Kråkeræva! (Ingen av «mine» hadde nokon gong høyrt det namnet – til tross for at dei vaks opp Ænes).
Alle skal med, hadde eg nært sagt – i allefall alt! Vi pakka, dytta, skubba og bretta for å få med alt vi ville. Jorunn gjorde store auge og trudde ikkje sine eigne øyre når eg utan å mukka utbraut at sommersoveposen måtte bli verande i bilen 🙂 Sjølv såg eg for meg ei kald natt med kun ein sovepose, men det var jo rett og slett ikkje plass – med mindre eg hadde tredd den på meg med eingong….
Etter mykje musk, var vi endeleg i gang 🙂 Ser det ikkje flott ut?
På same måte som at ein ikkje skal tru alt ein les, så skal ein ikkje tru alt ein ser 😉 Visst såg det flott ut, men fleire bileter frå overfarten til Kråkeræva finnes hverken på min eller Jorunn sin mobil. Vi fekk snart meir enn nok med å konsentrera oss om padlinga. Det var ikkje mange taka vi hadde padla før det gjekk opp for oss at dette kom til å bli tøft. Dønningane/bylgjene kom mot oss i frå Sildafjorden – straumen gjekk motsatt veg – og vi skulle på tvers av begge deler….
Eg mista fort oversikten over kor Jorunn befann seg og eg turde ikkje snu meg for å sjå kor ho var. Eg håpa berre at ho ikkje hadde snudd å padla tilbake til Ænes 😉 Sjølv padla eg kun med venstrearmen for å klara å halda nokonlunde retninga mot Maurangsneset. Høgrearmen brukte eg berre til å korrigera retninga med av og til. Takk gud for alle skiturane eg har vore på i vinter og opparbeid meg armmusklar 😉 Kajakken og straumen var heilt bestemt på at eg skulle mot Jondal – eg stritta i mot! Ei stund tenkte eg at dette ikkje kom til å gå – eg fekk berre styra med straumen så fekk eg heller ringja nokon som kunne henta meg i Jondal eller deromkring 🙂 I ettertid slo meg at eg ikkje berre hadde padla heile strekninga med kun venstrearmen – eg sat i tillegg å skubba venstrepedal så langt inn det gjekk heile turen. Den styrer roret mot venstre – altså same veg som straumen ville ta meg med…. Snakk om å motarbeida seg sjølv, men denne megatabben kjem eg aldri til å røpa til nokon 😉
På førehand hadde han far opplyst meg om at om eg padla i 3 knop, kom eg til å bruka 20 min. over. Eg trur ikkje eg padla i 3 knops fart i går….Men omsider nærma eg meg land 🙂 Her var det stille og fint, og eg kunne slappa av og nyta både sjøen og naturen. Rett etter meg kom Jorunn – takk og pris – ho var med 🙂 Og ja, ho var lika glad som meg for å sjå land 🙂
Vi hadde ikkje kome fram til Kråkeræva, men lenger ute på neset. Men no var det så fint at vi bestemte at vi skulle padla langs land til Kråkeræva for å sjå korleis det såg ut der.
Ah, no endra turen seg heilt og vi kunne ta fram kamera igjen – og Jorunn kunne nyta synet av Furubergsfossen på andre sida 🙂
Kråkeræva såg ok ut den – det gjekk til og med ei kråka og trippa på berget der, men vi fann ut at sola kom til å gå tidlegare ned der enn i den vika vi fyrst kom til….
….så då padla vi tilbake dit 🙂
Og endeleg kunne den Grønne skjønne og den Lille Gule ankra opp. Eller ankra og ankra – vi måtte trekkja dei lenger og lenger opp mot land….
Før vi tok til med noko som helst anna….
….syntes eg verkeleg eg hadde fortjent denne 🙂
Men vi var jo ikkje på Long Beach – «Jorunn, sjekk på kartet kor vi er!» «Vi er i Gapandehamn!» «Hæ??» «GAPANDEHAMN!». I alle dager – kven er det som har gjeve navn på Maurangsneset? Kråkeræva og Gapandehamn – eg kikka meg rundt for å sjå om ikkje Kaptein Sprød hadde ankra opp i nærleiken….
Men no var vi svoltne! Eg skulle laga….
….grønnsakssuppe, og Jorunn skulle laga nybakt focaccia….
….det var i allefall det eg trudde, men kven er det som sit her og grisar med focacciadeigen?? 😉
Steiking av focaccia i vakker solnedgang 🙂 Og medan denne stod å steika seg…
…rigga vi til min soveplass for natta 🙂 Det var ikkje nokon teltplass i nærleiken her, så då fekk det bli hengekøya 🙂
Jorunn, som har øvd på å henga opp hengekøya si rett den siste veka, hadde sjølvsagt tatt med seg ei hengekøye ho aldri hadde hengt opp før – eller tatt utav posen. Ho skulle nok ha øvd seg på den og – i allefall tatt den utav posen slik at ho hadde visst at den kom utan oppheng inkludert….
Så kva gjer du då når det ikkje er teltplass og du har med deg ei hengekøye du ikkje kan hengja opp?? Jo, då må du….
….sova her 🙂 Ja, ja, det var no ikkje den verste plassen det heller 🙂
Det er ikkje alltid vi har dekning der kor vi campar men det hadde vi i går – så fekk no dei fleste vita at vi var komen vel i hamn 😉
Focacciaen var perfekt, bålet varma…
….suppa var ferdigkokt….
….og vi kunne innta eit veldig godt måltid 🙂
Lørdag er lørdag 😉
Det vart ein flott kveld. God mat, god drikke, musikk på bluetoothøgtalar, vindstille og varmt (bålet hjalp på og) – vi kunne ikkje hatt det betre 🙂
Bålet klarte vi å halda igang vel og lenge – det var nok av drivved å brenna opp i Gapandehamn 🙂
Eg trur ikkje klokka var altfor mykje før vi bestemte oss for å ta kvelden. Jorunn tusla bort på svaberget sitt og eg inn i skauen til hengekøya mi. Det tok litt tid å baksa seg til med liggjeunderlag, lakenpose, sovepose og dunjakker, men omsider kunne eg slå av musikken og lyset frå hovudlykta og finna roen 🙂
Men vent litt – kva var den lyden?? Den summinga eg høyrte? Er det andre folk i nærleiken? Så gjekk det opp for meg – Jorunn låg på svaberget i soveposen sin og såg på Netflix på mobilen sin 😉 Den summinga + buldringa frå Furubergsfossen sovna eg omsider inn til 🙂
For at dette innlegget ikkje skal bli FOR langt, kjem det ein del 2 – kanskje i måro – om dag 2 i Gapandehamn 🙂