Endeleg stig temperaturane og det byrjar å likna vår 🙂 Jorunn må og ha fått vårfølelsen i dag, for på mobilen min tikka det inn bileter av at ho hadde hengt opp hengekøya si på Holmen i Dimmelsvik – og i tillegg inviterte ho på middag i fjæra 🙂
Eg er jo ikkje sein å be når eg får slike invitasjonar – det var rett heim i frå jobb og pakka sekken.
Hengekøya hang her enda når eg kom fram, men no hang ho berre til pynt.
Vertskapet for middagen i dag fann eg i fjæra kor dei hadde fått fyr på bålet og kaffivatnet på kok 🙂
Og, som vanleg så var det ikkje noko knussel når desse to skulle kokkelera….
….heile 3 varmekjelder var tatt i bruk for å få middagen klar.
Og medan vi venta på at middagen skulle bli klar, kunne vi kikka på…..
….desse tre som hadde show for oss 🙂
Dvs. svanemor og svanfar hadde eit slags show for oss – då forsvann ungen flau rundt eit nes 😉 «Oij, oij, oij, no var den eine oppå den andre!» utbraut Jorunn. Det var så fort gjort at før eg hadde snudd meg så var det over… Etterpå var det vasking etter alle kunstens reglar. Og omsider kom ungen sigande tilbake og 🙂
Men så måtte vi konsentrera oss om middagen. På menyen i dag: Kylling med salat og ris 🙂
Vi vart forresten litt forstyrra under middagen og, for brått dukka det opp enda ein svaneunge.
Han/ho var litt tøffare enn dei andre, for den kom heilt inn i fjære til oss. Denne må nesten vera blitt voksen for den var byrja bli kvit, men hadde litt grå/brune flekker enda.
Gulp! Her såg eg for meg avisoverskriftene: «Død svaneunge funnet med ein Sparpose og eit beger med vaniljekesam i magen! PS! Kvitteringen m/banknummer til kunden vart og funnet, så vi veit kven du er!»
Men heldigvis mista den interessa og symde vekk i solnedgang….
….og eg kunne redda desserten vår – lune bjørnebær med vaniljekesam og litt honning. Eg var litt spent på om det kom til å smaka noko godt – det gjorde det 🙂
Det var kjekt å vera tilbake ved sjøen etter vinteren 🙂 Det blas litt og var litt kaldt i ettermiddag, så vi sat ikke så lenger etter vi hadde fått i oss maten. Det var ei fin stund likevel og vi merkar at vi er byrja bli klare for fleire slike turar no, og så gledar vi oss til å få kajakkane på sjøen igjen 🙂 Og til hengekøyturar, sjølvsagt 🙂