Aktiv helg!

For ei helg dette har vore 🙂 På trass av litt diverse ver, har eg slett ikkje lege på latsida (eller jo, litt den og 😉 ). Fredag møste eg jo litt over at eg måtte hiva meg rundt og gå etter Ann Irene opp Pålavegen, men det hadde eg visst gløymt allereie på lørdag.

Då la eg nemleg i veg på ski opp – ja, nettopp – Pålavegen igjen 🙂 Det var litt uventa, men det vart så varmt og fint når vi gjekk på opp at vi måtte hiva jakkene og kun gå i ullgenser – og så måtte vi ta på solbriller :-).

Nydeleg – nærmar oss toppen 🙂

På toppen derimot, blas det kald vind – så då måtte både jakker og hetter på. Vi skulle gå fjellet heimover igjen, og fekk vinden i ryggen, så då gjorde det ingenting.

Tilbakeblikk. Ikkje lett å sjå kor fjellsida endar og vatnet byrjar.

Det er store forskjeller i snømengdene her. Det vil nok ta litt tid før snøen forsvinn heilt rundt denne hytta, medan…

….det her byrjar bli bare flekker allereie.

Vi gjekk ned att skogsvegen før Storhaug. Dette tenkjer eg ikkje på som ein lang tur, men den er jo eigentleg ikkje så kort heller 🙂 Blei kviling på sofaen resten av kvelden 🙂

I dag var det ein heilt anna tur som stod på programmet. Jorunn hadde spart på gårsdagens komlemiddag, og inviterte på restemiddag – ute i det fri. Eller inviterte og inviterte – eg skreiv vel at «EG SKAL VERA MED!» Ikkje var det så nøye kor vi skulle heller – eg var med kor som helst for ein komlemiddag 🙂

Vi enda på at turen skulle gå til Ænesdalen. Ingen av oss (og ja, eg synes det er litt flaut) hadde gått inn dalen på «Laksepark» sida før, så då bestemte vi at vi fekk sjekka ut korleis det var. For min del var det greit at vi gjekk litt utanfor allfarveg i dag. Eg hadde nemleg ignorert at eg hadde fått eit stort gnagsår på eine vetletåa – det gjekk fint heilt til eg skulle ta på sko. Det gjekk ikkje så bra. Men å avlysa turen? Ikkje aktuelt! Til slutt enda eg med at skiskoa var det einaste som gjekk an å ha på – så då gjekk eg turen i dag i skisko og med skistavar…..

Vi køyrte inn her….

…og så fylgde vi skogsvegen innover. Den delte seg nesten med eingong – vi valgte vekk den som gjekk på opp og haldt oss til den som gjekk nærast elva.

Våren er på veg 🙂

Det var fint å gå her – i utgangspunktet ana eg jo ikkje at det gjekk skogsveg her i det heile tatt. Litt vått i dag, spesielt for dei som gjekk i skisko…. 😉

Det gjekk stiar litt i hytt og dynevær ut i frå skogsvegen inn i her. Det såg i allefall slik ut, men eindel er nok og dyretråkk. Vi er ganske sikker på at stiane merka med raude rundingar på trea ikkje er dyretråkk, så desse skal vi sjekka ut ein anna gang 🙂

I dag haldt vi oss på skogsvegen, og den enda ikke før vi nesten var komen…

….vis a vis Hølen Ikkje så godt å sjå her….

….men no gjekk vi berre eit lite stykke til…

…så var vi her 🙂 Dette er ein av mine favorittplassar – no fekk er sjå den i frå «feil side» 🙂

Men her var det ingenting å henga tarp(ane) i, så vi måtte gå litt til….

….langs elva.

Litt forbi neste sving stoppa vi…

Jorunn heiv seg rundt og fekk opp sin tarp og fyrte igang Omiaovnen. Ja, vi synes og vi har dratt det litt langt når den får eigen tarp 😉

Svein Vidar og eg skulle få opp den store tarpen. Eg var litt i tvil om den kom til å koma opp når eg såg Svein Vidar stod med dette nøstet og sleit….

….men tarpen kom opp den 🙂

Då tok det ikkje lang tid før han var igang med å steika komlemiddagen, heller 🙂

Men Anita – laga ikkje du noko då? Kjem du berre til dekka bord? Å nei, laaaaaaangt i frå – eg hadde ansvar for glasuren 🙂 Altså, å miksa melis og vatn….

Medan vi venta på maten, testa vi ut denne kule dingsen i frå Clas Ohlson 🙂 Jorunn spurte fleire gonger om eg ikkje fraus på fingrane, og til slutt måtte eg svar ja. Og då fekk eg utlevert denne (eg visste jo kva det var – ho hadde tross alt fått den av meg 😉 ) Ei lita pute med eit eller anna flytane inni og ein knapp. Når ein trykker på knappen er det akkurat som om det flytande «frys», men det blir ikkje kaldt, men varmt 🙂 Den varar ikkje så lenge, men du kan leggja den 10 minutt i kokande vatn, så er den klar for bruk igjen. Eg ser forresten at det ikkje ser så bra ut at eg har plassert setningen «Instant Hot Spot» mellom låra på biletet her….

….det er heilt missvisande og villedande «reklame» 🙂 Putan vart brukt til å varma fingrane og ikkje noko anna…

Mmmmm….no lukta det godt i Ænesdalen 🙂

Smakte godt gjorde det og – luksusturmat 🙂

Komler på primus funka heilt fint det 🙂 Og sjølv om vi vart både god og mett, så hadde vi spara litt plass til det Jorunn hadde på steik i Omniaovnen..

Ho var litt spent før ho tok av loket, men som dåke ser så var det ingen grunn til å vera nervøs – kaka var perfekt 🙂

Eller, ho vart iallefall det når eg hadde pynta med melisglasur 😉

Vi måtte la maten siga litt og dei kaffidrikkande måtte få koka seg ein kaffikopp før vi kunne pakka saman 🙂

Det er jo ikkje heilt vår enda, og når vi no hadde sete i ro både vel og lenge, byrja det bli litt kaldt. Vi pakka dermed sakene våres og byrja på….

….heimatt vegen 🙂

No valgte vi å ikkje fylgja elva rundt hølen, men tok ein snarveg rett igjennom skogen. Når vi hadde fylgt skogsvegen eit stykke tilbake delte den seg igjen, og vi valgte denne gangen å ta den øverste og ikkje den same som vi hadde fylgt andre vegen. Iom at denne vegen ikkje byrja gå på ned, vart vi litt redd for at den kanskje gjekk ut til hyttefeltet. Så svinga den litt og så var det stopp. Dvs. det gjekk ein slags veg oppover, men då stoppa vi. Vi konkluderte at vi sikkert hadde hatt rett ang. hyttefeltet. Vi bestemte oss difor for å gå tilbake eit stykke til ein anna plass der skogsvegen delte seg og gjekk på ned (Jada, skogsvegane delte seg litt både her og der). Men brått fann Jorunn ein sti på ned…

….bratt ned…Vi valgte den:-)

Og snakk om å treffa spot on…

….skulle tru vi hadde vore her før 🙂

Det er alltid kjekt å oppdaga nye plassar og her var det kjekkare å gå enn eg hadde trudd på førehand 🙂 Vi skal definitivt leggja turen til dette området fleire gonger 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.