….men den gang ei! Eg hadde forsåvidt ein avtale med Ann Irene om at vi skulle gå på ski opp Pålavegen eit stykke i ettermiddag, men då ho ikkje klarte å venta lenger og tok ut ein time før eg kunne vera klar – ja, då trudde eg at eg slapp unna.
Hadde det vore eg som byrja ein time før Ann Irene, hadde det ikkje vore noko problem. Ho hadde tatt meg igjen på nullkommniks, men at eg skulle starta så lenge etter ho ville jo ikkje ha noko for seg.
Så eg tok livet med ro og såg fram til å slenga meg på sofaen. Eg hadde no vel ikkje før fått ræva nedpå før det kom melding. «No er eg nesten på toppen – ta skia å kom!» Sjølv hadde ho kutta ut skia og gjekk til fots med hund. «Jammen, det vil jo ta lang tid før eg kjem på plass – du er jo nede før den tid!» «Neida, kom no!» Samma kva eg argumenterte med så prella det av. «KOM NO!»
Eg slang eit langt blikk etter godterirestane i påskegget, sukka tungt og gjekk molefonken ut på badet og skifta til turklede. «Ja, ja, ho skal no få sjå – eg rekk sikkert ikkje å ta på skia eingong før eg treff på ho!», tenkte eg.
Eg parkerte temmeleg nøyaktig kl. 1830 og sendte ei melding til ho som befann seg atskilleg lenger oppe i fjellsida enn eg. «Eg er framleis på toppen!» «Bla, bla, bla, eg er framleis på toppen….» – eg treiv skia under armane og labba i veg.
Det var ikkje så lenge etter fyrste sving eg kunne ta på skia, og føret var heilt greit å gå oppover i. Men det skjer jo ikkje akkurat så mykje når ein sig oppover ein skogsveg på ski åleina, så resten av turen der eg halsar etter Ann Irene oppover Pålavegen har eg dokumentert med ein overdose selfiar:
#happyface#løvit#skiergøy
Endeleg! Eg trur ho prøvde å gøyma seg bak ein stein i svingen, men eg såg ho nok 🙂
«Yohoo! Så kjekt å sjå deg koma på ski oppover vegen!» «Ja, det synes du vel» – eg kava meg oppover i fiskebein. «Jepp, eg har det som plomma i egget :-)»….
….klukka ho som hadde dandert seg som ein gallionsfigur på toppen av ein stein.
Og på toppen av alt presterte ho å koma med denne: «Vil du gå lenger? Eg kan vera med deg opp igjen :-)» Eg svaia av uttmatting, hiksta etter pusten og sendte ho eit blikk som sa «e» du heilt forstyrra??» Nei, dette var langt nok i kveld!
Hmmmm….eg prøvde så vidt, men hadde ikkje sjangs til å ploga i denne tunge snøen. Kanskje eg hadde turt meg nedover hvis eg hadde hatt langfeller på, men det hadde eg ikkje. Men eg hadde løysinga i sekken….
…TADA! Eit kjapt byte og eg var klar for nedtur 🙂 #skikkeleghappyface» 😉
Nedturen på truger gjekk jo som smurt og eg hadde fort gløymt turen på opp 🙂
Eg får vel vedgå at det var ein OK trimtur – eg hadde sikkert ikkje vondt av den 🙂 Og det er god trening til Ulvanåsotur – det satsar eg på at vi får tatt litt seinare.
Og med tanke på at eg i forbi farten snappa med meg ei bukse som var litt knapp på Cubus i dag, så burde eg vel strengt tatt gått skogsvegen til endes…. 😉