I fjor var eg så heldig at eg vart invitert med på hyttetur og pinnakjøtsprett med Jorunn og Svein Vidar i Fynderdalen. Som så mykje anna vi finn på, bestemte vi at det var så kjekt at det måtte bli ein ny tradisjon 🙂 I sommar vart datoen satt – og, med tanke på kva ver vi har hatt i haust, så kunne vi vel ikkje vore meir heldige med veret og helga enn denne 🙂
I fjor kom vi oss avgårde litt seint, slik at det var mørkt når vi kom fram. I år byrja vi noko tidlegare på dagen, slik at vi skulle rekka inn til hytta utan å måtta bruka hovudlyktene våres 🙂
To tredjedeler av turfylgjet juksa litt i byrjinga av turen….
….eg hadde akkurat fått av meg sekken for ei lita kvil då dei tok meg att 😉
Som vanleg var det strålande fint ved Bondhusvatnet, men ein får jo ikkje så fine bileter når sola står rett på. Sjølve vatnet har vist seg frå finare sider før, no var det rett og slett gusjegrønt og skite. Det er heilt tydeleg at det har gått over sine breddegrader i haust, og har vaska med seg mykje grums.
Svein Vidar kikkar opp mot Gardshammar som badar i sol. Vi, derimot, skulle fortsetja på skuggesida 🙂
Det ser ikkje slik ut, men det er ganske drygt å gå langs vatnet bort til stien opp til Fynderdalen….
…men omsider nådde vi brua. Jorunn tøffar seg – det er ikkje meir enn eit par år sidan vi hadde måtta binda ho fast både på armar og føter og bore ho mellom oss for å få ho over…
No fortsatte stien dit Jorunn peikar…
…..rett opp Brattebakken 🙂 Det var heldigvis tørt og fint å gå her på laurdag, så det gjekk greit å koma seg oppover.
Hyttegeneralen/kokken leda an..
..vi andre dilta etter. «Ta bilete då, ta bilete. Ser det ut som eg går no?» Sukk, i ettertid ser eg jo at eg bør gå mykje meir 😉
Nesten oppe til «Fyrsta kvilo» no…
…kor det vart servert lappar 🙂 Det og er tradisjon.
No var vi ferdige med det brattaste partiet. Etter «Fyrsta kvilo» er det enda eit godt stykke igjen å gå, men det er heldigvis slakare. Det betyr ikkje alltid at det er lettare å gå, for det er litt myrete enkelte plassar. Er det vått, syg jo slikt terreng kreftene utav beina. Denne helga, derimot, hadde frosten byrja setja seg både i myr og bakke, så då var det mykje betre og lettare å gå 🙂
Det siste stykke var det kjempefint å gå å sjå på snødekte fjell med sol på toppane 🙂
Det beste synet var likevel endeleg å få auga på hytta 🙂
Sjå kor flott – utsikt rett ned på Fynderdalsvatnet 🙂
Ååå, det var godt å koma fram og få setja i frå seg sekkane. Svein Vidar gjekk straks i gang med å ta skoddene vekk i frå vindauga, fiksa pipa, henta ved, fyra i omnen, henta vatn etc. etc. Jorunn og eg slappa av og plukka fram ein ny tradisjon i frå sekkane…
….julepakkar 🙂 Ja, snop og chips er vel ikkje del av nokon ny tradison 😉 Når det er sagt, så vart chipsen verande uopna i helga.
Ja, for det hadde Jorunn bestemt – i år skulle vi ha julepakkar. Som om at sekken ikkje var tung nok utan… Og den som var aller mest spent på kva som var i pakkane, ja, det var sjølvsagt Jorunn 🙂
Eg må vedgå at eg klarar fint å venta med å kjenna og kneppa på pakkane mine inntil eg får beskjed om at eg skal opna dei, eg. Men no fekk eg denne levert i hendene: «Denne er din. Vil du kjenna litt på han? Knepp litt då? Gjett kva det er då? Det er ikkje noko du har sagt du ynskjer deg.» «Jammen, eg kjenner jo at det er innpakka i hardplast – det går jo ikkje an å gjetta kva det er då? Det kan jo vera kva som helst!»
Og vi skulle sjølvsagt ikkje opna pakkane enda – det fekk venta til etter maten. Det skulle visa seg å bli ei tolmodsprøve for Jorunn 😉
Det var blikkstille ved hytta og enda lyst og fint ei stund til, så då bestemte vi oss for å tenna eit bål ute medan vi venta på at det skulle bli varmt inne. Og medan vi sat rundt bålet og kosa oss, kom jammen Svein Vidar og leverte ut noko han hadde dratt utav sin sekk…
…..nei, ikkje Jorunn, men nissahuer 🙂 Vi la altså opp til ei skikkeleg julefeiring denne helga 🙂
Bålkos 🙂
Omsider var det blitt så varmt i hytta at vi kunne gå inn. No var det ikkje berre varmt og godt – det lukta pinnakjøt óg. Og medan middagen stod på kok på vedomnen….
….slappa kokken av med å lesa i hytteboka..
….mekka multekrem til dessert..
….og så hadde han sjølvsagt pyta juletreet 🙂 3 nye raude kuler var komen på i år 🙂
Jorunn vart meir og meir betutta. «Veit dåke ikkje at minstemann alltid får pakka opp ein pakke før middag??» For å unngå ukvemsord og slamring med dørar, lot vi ho få viljen sin til slutt. Og når ho hadde fått pakka ut ein kortstokk og dunpose til mobilen, vart ho blid som ei sol att 🙂
No vart det så mykje lading av mobilar, at vi rett og slett gløymte å ta bileter at pinnakjøtmiddagen. Så då får dåke ta meg på ordet – den smaka minst lika godt som i fjor 🙂 Vi åt lenge og vel og forsynte oss fleire gonger. Ja, så mette åt vi oss at det kun var Svein Vidar som orka dessert utover kvelden 🙂 Dvs. eg smaka to skeier nett for å konstantera at den var god 🙂
Jorunn har nok sikkert heilt rett i at eg ikkje har sagt at eg ynskjer meg det ho hadde pakka inn i pakken eg måtte kneppa på tidlegare. Den inneholdt nemleg eit hoppetau m/teljar! Eller kanskje det er ein slik sak eg har ynskja meg – eg har berre ikkje visst det? Den teljaren øydelegg jo litt, då – eg kan jo ikkje lyga på meg noko storbruk av tauet, med mindre eg faktisk brukar det….
Men eg fekk meir…
….nei, ikkje ny hatt til 17.mai….
….men ei mygghatt!! Det har eg faktisk sagt eg skal kjøpa meg i fleire år 🙂 Og den skal eg bruka om dei vert aldri så flau over å gå tur med meg! No var det ikkje særleg med mygg i Fynderdalen denne helga, eg såg faktisk ikkje ein einaste ein 😉 Men eg tar hatten som eit teikn på at eg kan bli invitert oppatt til sommaren 🙂 Forøvrig så ser eg jo at eg bør gå med hatt mykje oftare 😉
Tradisjonen tru så sank vi litt i saman etter julemiddagen og opninga av pakkar 🙂 Det vart difor ikkje så veldig seint før vi kraup i soveposane 🙂 Det var sikkert lika greit, for på søndag hadde vi planlagt ein litt lang gåtur.
Søndagen såg og ut til å bli ein flott dag – slik såg det ut då eg var ute ein tissetur på morgonen.
Kanskje vi kom til å få litt sol og? Vi skulle nemleg på tur inntil Pyttabreen.
Fyrst måtte vi gå langs Fynderdalsvatnet…
…..forbi dei andre hyttene….
….og fylgja stien opp lia bak dei. Dette var den lengste og nesten einaste oppoverbakken på denne turen…
….for resten av turen gjekk stort sett bortover, slakt nedover og ein og annen småbakke oppover.
Det var godt elva var så liten og roleg at det gjekk greit å koma over både her og der. Hvis ikkje hadde vi ikkje kome langt på denne turen. Både Jorunn og eg gav beskjed om at det kom ikkje på tale å vassa! Ser dåke renna i fjellsida midt i biletet?
Den har sjølvsagt ein i turfylgjet stått ned på ski!! Det er ikkje meg…
Sjå kor fint…
…naturen har laga eigne isbjeller 🙂
No skulle vi nett på toppen her – kunne det henda vi kom i sol no?
JAAA, og då fekk damene…
….farten opp!
Og der kikka sola fram rundt fjellsida og 🙂
Her tok vi ei lita pause. Kosa oss med solbærtoddy, kakao og lappar. Ja, og så fekk Svein Vidar eta opp resten av multekremdesserten frå kvelden før 🙂
Sola forsvann bak ein fjellknaus att, og vi vandra vidare. Når vi fyrst var komen så langt, så måtte vi jo gå så langt at vi fekk sjå Pyttabreen.
Og der låg den!
Blå og fin 🙂 Store breen er det dog ikkje.
Veldig nøgd med å ha nådd turens mål 🙂
Herr og fru Leikvoll ved Pyttabreen 🙂
Medan Jorunn og eg stort sett såg, ja, is, er eg sikker på at Svein Vidar noterte ned den eine isklatreruta etter den andre 🙂 Han har vore opp Pyttabreen før, men den endrar seg vel litt år for år den og.
Etter litt posering og fotografering starta vi på returen.
Vi gjekk mot sola denne vegen og….
….men vi rakk ho aldri igjen. Det gjorde ingenting – vi hadde uansett hatt ein fin tur 🙂
Vel tilbake til hytta, pakka vi saman sakene våre, stengte hytta og byrja på heimturen. Eg må vedgå at sjølv om sekken sikkert berre vog halvparten av det han vog dagen før, så var det tungt å ta den på no. Det vart ein laaaaang, tung og etterkvart vond tur ned til vatnet.
Eg kom fyrst ned stien. Dei andre kom litt etter og påstod eg hadde dansa så elegant nedover stien. Men eigentleg så var eg så lei at eg dreit i stien og berre såg etter kva trer eg kunne halda/klamra meg til nedover. Om det såg elegant ut trur vi får skulda det på skumringa 😉
For då vi kom ned til vatnet, var det allerie byrja bli mørkt, sjølv om klokka ikkje var så mykje. Den eine timen vi hadde skrudd klokka tilbake i laupet av natta gjorde nok sitt.
Dette flotte biletet tok Jorunn då vi kom bort dit dei hadde parkert syklane 🙂
Og aldri har vel eg vore meir glad for å sjå eit par syklar som i går kveld! Endeleg kunne eg få av meg sekken – den hadde dei nemleg lova å ta med seg ned 🙂 Og det var reine lykkefølelsen å kunna fortsetja siste etappe ned til parkeringsplassen utan sekk på ryggen 🙂
Eg låg foran dei i løypa og kom ganske langt ned før dei tok meg att. Då hadde eg nett møtt på pappen til Svein Vidar som var på sykkeltur på veg opp mot vatnet. Eit par ganger hadde eg snudd meg og sett etter dei, då kunne eg sjå at det var folk på veg ned stien til Gardshammar med hovudlykter og 🙂
Tilslutt vart det ein kjapp tur innom foreldra til Svein Vidar kor vi fekk servert eplekake og te, det var jo litt luksus, før eg kunne køyra heim, ta ein laaaaaaang, vaaaaaaarm dusj og slengja meg på sofane resten av kvelden 🙂
Eg var dyktig sliten når eg landa i heimen i går kveld – men det er så verdt det! Eg gledar meg allereie til neste år 🙂