Lilletopp!

Etter å ha inntatt litt sprudlevatn i sola i går kveld, vart vi så vågale at vi faktisk planla at vi skulle ta turen utav kommunen i dag 🙂 Heilt til Tyssedal, faktisk 😉 Ann Irene trong nye, blå sko, så då ville vi kombinera shopping og tur 🙂

Kl. 10.00 i føremiddag vart vi plukka opp av Marit og så bar det strake vegen gjennom Folgefonntunnelen.  I Kvinnherad låg skodda framleis nedover fjella, men i Odda var det fin sol.

Vi bestemte at vi skulle gå tur fyrst, og shoppa til slutt. Dermed peisa vi gjennom Odda og rett til Tyssedal. Der tok vi opp til høgre etter tunnelen, køyrte forbi byggefelta, og var heldige å fekk parkeringsplass….

…..der kor stien til Lilletopp byrjar 🙂

Hadde vi køyrt til endes av vegen, hadde vi forøvrig kome opp der kor ein startar turen til Trolltunga. Det var nok mange som skulle gå den turen i dag, men den står ikkje på vår to-do lista. Tur i kø freistar ikkje oss så mykje….

….og til Lilletopp var det overhode ikkje kø i dag 🙂

A. Enæs tok på seg jobben som dagens fargeklatt 😉

Dette er ein kort, men noko bratt tur. Det er mykje laus stein i stien, men dei har vore flinke å laga trapper, gelender og tau.

Mykje av turen går i skog, men innimellom fekk vi utsikt ned i Tyssedal og inn fjorden – Odda rett rundt hjørna. Etter å ha tilbrakt ein sommar som servitør på Ullensvang hotell i min ungdom, har eg lært at det heiter inn til Odda og ut til Kinsarvik. Det er jo forsåvidt logisk, men det blir jo feil i forhold til våres ut og inn i Kvinnherad.

Det er som sagt ikkje ein veldig lang tur dette, så brått var vi oppe på Lilletopp. Det var igrunnen greit at det ikkje var så langt, for det var jammen varmt nok i dag og 🙂

Vi tok oss nett tid til ein pust i bakken her, pluss vi skreiv oss i boka, før vi tok til på ein liten, siste etappe…

….til Oksla.

Eg trur dagens tur kvalifiserar til ein fullverdig steptime 🙂

Eg er litt usikker på om Marit brukte taua i det heile tatt, men Ann Irene og eg går jo nesten opp i fistel kvar gong vi kjem til eit. Det er jo SÅ GØY å klatra litt 🙂

Nokre få skritt gjennom skog når vi er komen opp, og så….

Aij, aij, aij, for ei utsikt ut Sørfjorden!!

Ikkje ana eg at det rann ein slik foss på den sida av fjorden…

…..Ædnafossen, har eg googla meg fram til 🙂

Utsikta inn Sørfjorden.

Måtte berre 😉

Ja, det var mykje utsikt for ein kort, liten, men bratt tur 🙂 Det var absolutt verdt litt pusting og pesing i varmen 🙂 Men vi skulle jo rekka litt shopping i Odda i dag og, så då….

….måtte dei som kom opp….

…..og koma seg ned att 🙂

Nett ein kjapp kikk ned røyrgata før vi gjekk tilbake til bilen.

Det vart ein runde i gågata i Odda på oss etterpå. Ei stund var det mange tomme lokaler i sentrum, men no trur eg det er fylt opp att med butikkar. Odda har nok fått eit kjempe oppsving pga. Trolltunga. Det var masse folk i gatene i dag – og mange som bar tunge tursekkar 😉 Det vart ikkje blå sko på Ann Irene i dag, men eit par kvite 🙂

Vi avslutta utflukta vår i dag med eit betre måltid i sola nede på kaien før vi køyrte igjennom tunellen tilbake til Kvinnherad 🙂 Ein tur til Lilletopp kan vi absolutt anbefala 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.