Kilimanjaro?

Ja, jammen tikka det inn ei melding i går kveld om vi skulle bestilla tur til Kilimanjaro? «Der er i allefall ei som har snusa litt for mykje på taxfreekvota si!», tenkte eg – og takka nei. På Kilimanjaro, eg? Eg som får hovudverk av å gå på Låganåso i solskin? Som snurrar baklengs rund mi eiga akse og har problem med å stava mitt eige namn når gradestokken overstig 20 + grader?? Ja, det skulle tatt seg ut om eg skulle bestilt meg tur til Afrika og Kilimanjaro 🙂

Men om ikkje Kilimanjaro står på mi to-do lista, så har eg andre ting på lista mi 🙂 Som skrive i eit tidligare innlegg så har Ann Irene og eg satt Fonnabu på planen i år. No er ho reist på hard treningsleir i Sunnfjord, og etter to dagar strak i solstolen, var det vel på tide at eg og lea litt på meg igjen i dag.

Det såg ut til å vera fint turver i dag, med litt sol og skyer om einannan. Difor la eg turen til Omvikdalen – kanskje eg kunne koma meg på favorittfjellet Kvanto?

Eg vart usikker med eingong eg hadde parkert bak Revuro. 1) Det var slett ikkje så kaldt ute som eg hadde tenkt, 2) Eg har aldri gått til Kvanto heilt i frå byrjinga av skogsvegen – vi plar køyra til Kanten.

Ja, ja, eg la no i veg – så fekk det bli som det blei…

Det gjekk faktisk overraskande greit og kjapt opp skogsvegen, til meg å vera. Og jammen tok eg ikkje igjen nokon når eg nærma meg toppen! EG tok igjen nokon! Rett nok ein barnefamilie med to ungar til fots og ein i bæremeis, men likevel – EG tok igjen nokon på opp! Ikkje berre tok eg dei igjen – eg peisa forbi!

Men det vart varmt på slutten, ja, så når eg kom opp på Kanten nærast ramla eg over steinbordet og heiv etter pusten og noko å drikka i sekken 🙂

Eg var veldig nøgd med meg sjølv så lagt. Men kor skulle eg leggja turen vidare? Gå mot Kvanto som planlagt, eller ta ein kortare tur til Kviteggjo?

Det blas ein deilig kald vind her oppe, og då eg var blitt litt avkjøla, hadde eg fått ein ny giv – så då vart det…

…retning Kvanto 🙂

Eg hadde ikkje gått langt før eg byrja å tenkja på at «no vart no denne vinden litt FOR kjølig?» Det er jo ikkje så triveleg på Kvanto når det bles stikker og strå, heller? At eg hadde nok klede i sekken til å overleva ein liten snøstorm, valgte eg å sjå vekk i frå…..

Akk, det skal slett ikkje mykje til for å leda meg i feil retning og for at eg skal velgja lettaste motstandsveg…

…for var det ikkje ein varde og noko som likna på ein sti der nede?? Skulle eg sjekka det ut istadenfor?

Det tok ca. 2 sekund å forkasta planen om å gå til Kvanto, til fordel for…

….å hoppa av stien og gå bort på denne toppen i stadenfor 🙂

Hmmm, slett ikkje verst utsikt over Omvikdalen herifrå 🙂

Eg fylgde ryggen litt tilbake på noko som eg ikkje kan seia om er menneskeskapt sti eller dyretråkk…

….men eg er ganske sikker på at sauene i Omvikdalen ikkje har bygd denne, i allefall 🙂

Her sat eg meg ned i vinden….

….og åt nista i frå Størens Bakeri, eller i allefall den lokale Sparbutikken 🙂

Etter mat og drikke fylgde eg berre denne ryggen tilbake til Kanten, og kunne så spasera skogsvegen nedatt til bilen.

Eg høyrte folk rundt meg opptil fleire gonger i dag, men eg såg ingen. Det einaste eg traff på var….

…denne fisken på land…

….og dagens quiz: Ser dåke ekornet? Er ikkje så lett, det sat ikkje nett i ro 😉

Eg får leggja til at vinden gav seg og det vart raskt varmt nedover skogsvegen igjen.

Vel, vel, så vart det ikkje Kvanto på meg i dag, men ein fin liten tur hadde eg. Vel heima ramla eg rett ned i solstolen igjen. Det er bra vi ikkje har satt ein dato for Fonnabuturen enda 😉

«Kilimanjaro, liksom – kva tar ho meg for??»

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.